Mest leste :
1.
 Hardangergullsmed bak fulltreffaren NR01
2.
 "Prøvekøyring" av ny heimebane
3.
 Målmedviten musikkstudent på springbretttet
4.
 Festidalen byttar helg
5.
 Endringar i reglar for opptak til høgare utdanning
6.
 Folkebiblioteka som debattarena
7.
 Vil ha innspel frå innbyggarane
8.
 Til kamp for råderett over krafta
9.
 Tru det eller ikkje - årets tema er LØGN
10.
 Suttar etter 10 år i stillinga
11.
 150 tunnelar på Vestlandet vert rusta opp
12.
 Rekordomsetning på Grüne Woche i 2018
13.
 På Radio Folgefonn onsdag
14.
 Rekordmange vel norsk flagg
15.
 Noreg får som første land spesialtrent innsatsteam for helsekriser
16.
 Ny anbodskonkurranse om omdeling av laurdagsaviser i distrikta
17.
 Tillet ikkje import av skotsk oppdrettslaks
18.
 Migrasong – tonane dei bar med seg over havet
19.
 Vinterferie i Statskog sine hytter
20.
 Er byen din attraktiv?

Blåtonar og mange ballar i lufta
- Publisert 7. august 2015 av Mannsåker, Tone Marie
Eirin på scena
Clik on image for large version
Eirin Spilde. Bilete: Tone Mannsåker

Songaren Eirin Spilde frå Odda, møtte blueslegenda Norman Beaker på Bømlo i februar i år. Ho song tre blueslåtar for han og dermed tok snøballen til å rulla. Frå før var ho allereie medvirkande i eit Eggum - prosjekt i Bergen

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel ho at ho alltid har likt å synga blues. - Men det har aldri passa slik at eg har fått gjera det, så det er veldig kjekt å få gjera det no.

Spilde var attende på Bømlo allereie helga etter første møtet med Beaker - då og som gjesteartist i hans konsert.

- I ettertid tok han sjølv kontakt med meg og fortalde at han ville skriva låtar til meg, noko han har gjort. Eg har til no fått omlag 30 låtar frå hans hand. 

Spilde har sjølv byrja å skriva dikt og songtekstar og Beaker viste interesse for desse, han ville gjerne få tilsendt somme for å oversetja dei til engelsk og tonesetta dei.

- Etter det fann eg ut at eg ville starta fullt band sjølv og det har eg gjort, me er no i innkøyringsfasen og det let bra om eg så skal seia det sjølv.

Sjangermessig spelar dette bandet akustisk blues med Einar Løkling frå Bømlo på bassgitar, ein mann Spilde har samarbeid med før.

- Og så har eg vore så heldig å få  Arnt Ove Kvernenes frå Karmøy med på munnspel, han spelar med Bjellands Ugras som er radioaktuell med låten Fjedle, han har og spelt i Stavangerbandet Hard Luck i 23 år og turnert i inn - og utland og spelt med mange store artistar. Då me møttes, sat det med ein gong.

Når bandet spelar konsert, vil programmet verta todelt. - Me har ein halvpart med låtane til Norman Beaker og ein halvpart med låtar av kvinneleg bluesartistar som Bonnie Riatt og Etta James.

Kvernenes har ettter det Spilde fortel, sterkt fokus på at bandet ikkje skal låta som alle andre. - Det er mange som spelar blues, og han er oppteken av å legga konsertane opp slik at me får fram mitt særpreg, noko som let annleis - for å få folk til ålytta. 

Første konserten vert truleg på Bømlo, der Spilde traff Norman Beaker første gong. - Han kjem til Bømlo seinare i år og han vil veldig gjerne høyra meg synga nokre av dei låtane han har skrive til meg, og det gjer eg jo gjerne. Eg vonar at han vil lika det han får høyra.

23.mars i år var Spilde ein av 14 artistar som var med på ei framsyning i Losjen teater i Bergen der kvar av dei medvirkande song ein ny låt skrive av Jan Eggum og Morten Lorenzen. 

- Og dét showet vart det gjort lydopptak av, så 14. september er det slepp av CD og på Losjen. Me skal gjera dette showet ein gong til og då skal det gjerast intervju med kva av artistane om korleis det hadde seg at me vart med i dette prosjektet, historia rundt, kvifor nettopp denne låten og så bortetter Og då skal det lagast ein DVD slik at dette vert tilgjengeleg for folk.

Spilde fortel at ho og har eit samarbeid med Gunnar Bjelland og Harald Nesse. - Nesse har  teke utgangspunkt i to dikt eg har skrive og sett dei saman til éin tekst som han har tonesett, som han kallar "Sommar i november", og den skal ut på radio, avsluttar Eirin Spilde som akkurat no er inne i ein travel øvingsperiode.

Bakgrunnen for Spilde si medvirking i prosjektet på Losjen, kan du lesa på denne lenka: Spesielt oppdrag for lokal artist.



















 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Slik gratulerer VG-leserne rekord-Bjørgen: – Måtte du leve evig
Hundrevis av VG-lesere har sendt inn sine gratulasjoner og hyllester til Marit Bjørgen (37) etter at skidronningen søndag ble tidenes mestvinnende vinterolympier.
2.
 Slik ble vi kjent med Astrid Smeplass
Vinneren av «Årets Spellemann» fikk ros allerede i sin aller første omtale i pressen.
3.
 DN: Stortinget tok hensyn til frimurerlosjen og handelsstanden og innfridde millionkrav
Frimurerlosjen og handelsstanden fikk gehør for en ny tunnelløsning som alene økte prisen på Stortingets byggeprosjekt med flere hundre millioner, ifølge DN.
4.
 Festfotball sikret Peps første tittel: – Dette trofeet er for Manchester City, ikke meg
(Arsenal-Manchester City 0-3) I sin 99. kamp som Manchester City-trener, tok Pep Guardiola sin første tittel i sin første finale med klubben. Etter kampen var katalaneren i det ydmyke hjørnet.
5.
 Skammelig av Løfshus
Vidar Løfshus har all grunn til å slå seg på brystet over det Norge presterer i sporet. Dessverre fortsetter han å gjøre det også om ting han har lite peiling på.
6.
 Toppsjefens triumf
PYEONGCHANG (VG) Den norske OL-suksessen skyldes summen av en rekke faktorer. Men det er lov for Tore Øvrebø til å glise litt ekstra bredt på flyet hjemover.
7.
 Astrid Smeplass er «Årets Spellemann»
Første kvinnelige vinner siden prisen for 2003 ble delt ut.
8.
 VG triller terningen etter Norges rekord-OL
PYEONGCHANG (VG) Norges gullrush ville nesten ingen ende ta. Det ble historisk rekordfangst til slutt: 39 medaljer – hvorav 14 gull. VG har trillet terningen etter jubeldagene i Sør-Korea.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse