Mest leste :
1.
 Ambisiøst mål for reduksjon av matsvinn
2.
 Kuttar millionar i 4H-støtta
3.
 Askeskogen i Hordaland døyr
4.
 Færre døyr i landbruksulukker
5.
 Vossabadet - rein glede
6.
 Fenalåret "EU - godkjend"
7.
 Statskog har ledige hytter
8.
 Stort haustprogram på Old River Saloon
9.
 Lothepus og Tokvam i bokprat på årets symposium
10.
 Rett Bemanning melder oppbud
11.
 Lunsj med noko attåt
12.
 Satsar på auka bruk av sykkel
13.
 Hjartebank for "alle penga"
14.
 Premiere på "Industripionerane"
15.
 Fossilfrie bussar i Hordaland innan 2025
16.
 Å leva med faren for flaum og skred
17.
 Historisk sus over det første fellesmøtet
18.
 Full fart i Røldal
19.
 Rimeleg godt nøgd med sesongen
20.
 Regional kystsoneplan

Stormobilisering for 1.mai - arrangementet i Odda
- Publisert 19. april 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Trygve og Kåre
Clik on image for large version
Trygve Bolstad og Kåre Grønsnes. Bilete: JK Flattun

Innhaldet i 1.mai - arrangementet i Odda vil vera eit viktig signal når det gjeld lokalsamfunnet sin kampvilje for akutt - tilbodet ved Odda Sjukehus, og deling av informasjon via nettet er eit viktig virkemiddel for å engasjera flest mogeleg

Det seier Trygve Bolstad i lokalaksjonen for akuttkirurgisk beredskap i Odda i samtale med programsekretær JK Flattun.

Ei Facebookgruppe vart starta 21.februar og Bolstad fortel at antalet som slutta seg til gruppa gjekk fort til værs.

- Me kom opp i 10.000 medlemer ganske fort og per i dag har me passert 13.000 som aktivt har meldt seg inn i kampen for Odda Sjukehus.

Det er og lagt ut ei underskriftsliste på Facebook. - Det tek femten sekund å klikka seg inn og skriva under, seier Bolstad. - Denne lista kan skrivast ut slik at namna på alle dei som krev at akuttkirurgien ved Odda Sjukehus skal oppretthaldast, kan visast fram.

Bolstad fortel at situasjonen no, er at ordføraren reiser til Oslo i spissen for ein delegasjon, der han vil ha eit møte med helseministeren. - Han vil legga fram konsekvensar av å legga ned akuttkirurgien samt det sterke, lokale ynskjet om at den vert oppretthalde.

Går saka til Stortinget vonar Bolstad at dei partia som har sagt at dei vil støtta Odda Sjukehus, står ved det dei har sagt.

Vert det ei sak i Stortinget, kan det imidlertid fort koma til det at det skal gjerast ei utgreiing og dermed ei utsetjing, noko Bolstad ikkje er særleg begeistra for. - Slik er det i Stortinget, ein veit aldri kva utfall ei slik sak vil få. På den andre sida vil me arbeida på førehand for å få greie på kva ståstad dei ulike representantane har, og me vil halda tett kontakt med helsefraksjonane i dei ulike partia.

Bolstad understrekar og at han er svært glad for at nabokommunane støttar saka. - Ikkje berre Jondal og Ullensvang som saman med Odda vert den nye storkommunen, men og Etne og Kvinnherad med fleire.

Varaordføraren i Ullensvang, Kåre Grønsnes var  tilstades på idedugnaden og fortel at Ullensvang absolutt er med på laget for å oppretthalda akuttkirurgisk beredskap ved Odda Sjukehus.

- Alle kommunestyrerepresentanane er utfordra på Facebook om å delta. Eg ser og at Senterpartiet har gått ut og utfordra sine toppar til å vera med, og eg trur at me skal klara å få Ullensvang herad til å mobilisera for deltaking i 1.mai - arrangementet i Odda.

Grønsnes meiner at folk både frå aust - og vestsida vil koma til Odda denne dagen i stort antal. - Eg er ikkje bekymra for at det ikkje skal koma folk, for Odda Sjukehus, dét engasjerer.

Han fortel at så snart han vart kjend med ideane kring 1.mai 2017 i Odda, tok han kontakt med SV sentralt med von om at ein av toppane ville ta turen til Odda. - Som kjend, så er det ikkje så mange SV - toppar, og eg var dessverre litt for seint ute til at det kunne ordnast.

På spørsmål om ein i Ullensvang har andre lokale saker som kan frontast 1.mai, seier Grønsnes at det kan nok vera, men at no gjeld det ei einaste sag: Odda Sjukehus.

Det er LO i Indre Hardanger som regi på 1.mai - dagen og dei arbeider for å få sentrale politikarar til arrangementet i Odda. - Me veit at Ruth Grung kjem, seier Bolstad. - Utover det held Terje Kollbotn, leiaren i LO lokalt, korta tett til brystet.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 TMZ: Sean Penn forsøker å blokkere Netflix-dokumentar
Skuespilleren skal være lite fornøyd med å bli beskyldt for å tyste på narkobaronen El Chapo overfor det amerikanske justisdepartementet.
2.
 Thoresen-show mot Stjernen
Patrick Thoresen (33) er i ferd med å finne seg til rette i den norske hockeyligaen. Han scoret to og bidro med én assist da Storhamar slo Stjernen 5-2.
3.
 Bokanmeldelse: Torgrim Eggen: «Forbindelsen. Jensen vs. Cappelen, 16 tonn hasj og vår tids største politiskandale»
Torgrim Eggens Eirik Jensen-bok er et uhemmet ukritisk partsinnlegg der klisjéene blir for mange.
4.
 Sveriges sensasjonslag fortsetter å herje i Europa
(Östersund-Athletic Bilbao 2-2) Etter bare ett år på Sveriges øverste nivå overrasker eventyrklubben Östersund hele Fotball-Europa.
5.
 Rosenborg tapte mot Zenit: – Vi blir juniorer, og gir dem to mål
ST. PETERSBURG (VG) (Zenit St. Petersburg-Rosenborg 3-1) En marerittåpning og et par lette Zenit-scoringer gjorde at Rosenborg gikk på tap i Russland.
6.
 Det lovløse rom
Den internasjonale jakten på overgripere mot barn foregår i lukkede rom. Norske myndigheter våger knapt å åpne døren på gløtt.
7.
 Hasteinnkaller justistopper etter overgrepsavsløring
I to uker var Riksadvokaten taus om metodene australsk politi brukte for å avsløre overgripere. Nå bekrefter han at Norge ikke har det nødvendige lovverket.
8.
 Svenske dømt for buss-porno
En svensk bussjåfør er dømt etter å ha sett porno på nettbrett mens han kjørte ungdommer fra Östersund til Stockholm.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse