Mest leste :
1.
 Dramatisk endring i plantelivet på fjelltoppane
2.
 36 millionar kroner til betre psykisk helse hos barn og unge
3.
 Rekordstor hjortejakt
4.
 Prosjektet har på ingen måte stoppa opp
5.
 Derfor er påsken reine eggefesten
6.
 Ikkje bli ein del av statistikken på Bulkefredag
7.
 Turne over Hardangervidda - natur og kultur hand i hand
8.
 Tom Roger Aadland på Utne Skjærtorsdag
9.
 På Radio Folgefonn mandag
10.
 Ny styreleiar i Tysnes Sparebank
11.
 Vossajazz - prisen til Benedicte Maurseth
12.
 Rødt over sperregrensa
13.
 Snøskredvarslinga si anbefaling: Unngå alt skredterreng denne påsken.
14.
 Milepæl for Inn på tunet
15.
 Skuleskyss kostar flesk for fylka
16.
 Museum, musikk og mysterium
17.
 Norovirus bit ikkje på hallingar
18.
 Negative tal for den norske kyrkja
19.
 Første gong ei forskrift får klarspråkpris
20.
 Betydeleg nedgang i artsmangfaldet i skogen

Lokalmat: Minste felles multiplum for Hardangerkommunane?
- Publisert 19. april 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Epler med logo.JPG
Clik on image for large version
Bilete: Tone Mannsåker

Dagleg leiar i Hardangerrådet, Jostein Eitrheim fortel at ein legg planar for å gje lokalmatnæringa eit løft opp på eit høgare nivå enn tidlegare i høve til mellom anna marknadsføring

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel Eitrheim at dette dreier seg om småskalabedrifter i regionen. - Me tenker og å få til fleire slike småskalprodusentar. Det er veldig mykje bra som skjer i Hardanger, men me trur det fins eit potensiale for å gjera dette endå¨å betre kjend.

Eitrheim seier at Hardangerrådet er oppteken av å ta vare på Hardangeridentiteten og av å styrka Hardanger som region. - Då er matnæringa noko me kan samla oss om på ein god måte, og der trur eg me har mykje å henta ut av fellesprosjekt som femner om alle kommunane i regionen.

At det ofte har vore stor usemje mellom Hardangerkommunane når det gjeld løysingar som vedrører fleire, er ei kjend sak.

Hardanger er ein stor region og Eitrheim meiner at ein må ha respekt for at folk i dei ulike kommunane har ulikt syn på ein del ting. - Samferdsel er jo eit godt døme på usemje, der vegar som går gjennom regionen og til og frå regionen, gir ulikt utslag i dei ulike kommunane. Det har me jo sett mange gonger.

Mykje av den grunn, meiner Eitrheim at det er viktig å finna noko ein kan samlast om i Hardanger. - Eit fellesprosjekt som styrkar identitet, ikkje minst sidan me allereie frå 2020 vil oppleva eit nytt Hardanger med omsyn til kommunegrenser. Det er viktig at me i forkant av det, arbeider med prosjekt som styrkar merkevaren Hardanger.

Det eksisterer allereie eit prosjekt for frukt som går ut på å nettopp styrka Hardangerfrukt som merkevare og løfta den fram.

- Me ser det som naturleg å arbeida for andre matnæringar og småskalprodusentar som ei oppfylgjing av fruktprosjektet.

Eitrheim fortel at mykje av den matforedlinga som går føre seg i Hardanger, har sitt utgangspunkt i fruktnæringa, men at det likevel er eit breidt spekter av produkt som vert produsert i regionen.

At det vert færre aktørar i daglegvarebransjen er ei utfordring ein møter når ein ynskjer å få større merksemd rundt lokal mat.

Det gjeld å koma seg innafor hjå dei, ikkje minst innafor hjå dei rette. Det er store utfordringar, men gir gode mogelegheiter når ein handterer det rett, meiner Eitrheim.

- Her vil me saman med bransjen sjølv arbeida for at lokale produsentar ska få ei lita hylle i dei store butikkane.

Eitrheim understrekar betydningen av at produkta har høg kvalitet. - Me vil jo gjerne at lokale produkt skal vera å få i alle butikkar i Hardanger, men der har me og eit stykke veg å gå - så til og med innad i regionen har me eit stort potensiale.

Det fins og somme gardsbutikkar i regionen. - Det er opna ein gardsbutikk på Kvamskogen no som har nært samarbeid med gardsbutikken på Evanger, så det gror opp nye gardsbutikkar innimellom og det er positivt.








 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Mann dømt til 19 års fengsel for drap på Trosterud
En 43 år gammel mann er i Borgarting lagmannsrett dømt til 19 års fengsel for å ha drept sin ektefelle med kniv på Trosterud i Oslo i 2016.
2.
 Johaug er forberedt på hets når hun skal konkurrere
ØKERN (VG) Therese Johaug (29) er forberedt på reaksjoner når verdenscupen starter i Finland i november. Men nå gleder hun seg bare til å få startnummer på brystet igjen.
3.
 Prinsessen på alerten
Det er direkte imponerende å se hvordan Therese Johaug har taklet en svært vanskelig situasjon. De som skal slå henne til vinteren, må nok stå opp rimelig tidlig om morgenen …
4.
 Nå får Gull-Maren gjøre som gutta – hoppe 250 meter
Innen to år kan OL-vinner Maren Lundby (23) hoppe 250 meter – eller lenger – i skiflyging. FIS har nemlig opphevet restriksjonen på bakkestørrelsen for kvinner.
5.
 Norske Marie (21) savnet i Sør-Afrika
Marie Sæther Østbø (21) ble sist sett på stranden i Sedgefield – hundre meter fra der hun bodde.
6.
 Studiekamerat i Norge: – Slik er Cubas nye president
Miguel Díaz-Canel spilte basket med Fidel Castro på videregående, og var en av de flinkeste elevene i klassen. Slik beskrives Cubas nye president av en gammel studiekamerat.
7.
 Ville nekte utøver å dra til OL - ble tatt for doping i Pyeongchang
Før OL stilte hun opp på en video i en genser med teksten «I don’t do doping» med store bokstaver. I Pyeongchang ble Nadezhda Sergeeva (30) tatt for doping.
8.
 Bildeserie: 59 år med Castro
Fredag tar Miguel Diaz-Canel over Cubas presidentvalg, som eneste kandidat forsamlingen kunne stemme på. Siden 1959 har Castro-brødrene Fidel og Raúl styrt landet.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse