Mest leste :
1.
 Nettradioen er oppe og går igjen
2.
 Myrkdalen Fjellandsby veks
3.
 Felles løft for gleda ved å synga
4.
 Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet
5.
 MS Lindenes på farten
6.
 St. Olav til Ottar Grepstad
7.
 Formidlar lokal kulturarv til førskuleborn i Hardanger og på Voss
8.
 30 millioner til leselyst i Bokåret 2019
9.
 Sju nye reisemål har fått merket for bærekraftig reisemål
10.
 Vil redusera klimagassutslipp frå avskoging i Noreg
11.
 Daniel på femte plass i NM - opninga
12.
 Rekordstor påmelding til Open Gard i jubileumsåret
13.
 2,35 millionar kroner til kultur i Hordaland
14.
 Den gode sommarkjensla er på plass
15.
 Forbod mot all bruk av eld utandørs i Odda og Ullensvang
16.
 NRK oppfyller ikkje nynorskkrava
17.
 Skandinavisk Tivolipark kjem attende
18.
 Fare for angrep av rognebærmøll i 2018
19.
 Klar for stolpejakt igjen
20.
 Ny strategi for økologisk produksjon

Knapphus Kjøkkensenter
Blomeeng i hagen er trendy
- Publisert 19. mai 2017 av Mannsåker, Tone Marie
blomstereng.JPG
Clik on image for large version
Bilete: Agrokonsult

Strigla bedd og velfriserte plenar er ut. Det er blome- eng som er den siste hagetrenden ifylgje NIBIO. Somme kallar det paradislengt 

Slåttemark vert rekna som ein av dei mest artsrike naturtypane me har. Eit nettverk av ville blomar bidreg til biologisk mangfald og mat for bier og humler. I Noreg i dag er blomeenger og slåttemarker ute i landskapet imidlertid i ferd med å verta eit sjeldent syn. Det har skapt engasjement og mange vil medvirka til å bevara artsmangfaldet og artane. No har blomeeng i hagen vorte trendy.

- Mange drøymer om å omgjera ein del av hagen til ein fristad for dei tradisjonelle engartane våre, som prestekrage, blåklokke, marianøkleblom, tjæreblom, rødknapp og knoppurt. Motiva er idealistiske. Pollinerande insekter skal ha det fint. Det sier Agnar Kvalbein, grasforskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Kanskje vert me og drivne av andre motiv.

- Eg trur og at me ynskjer å lukkast med noko som ingen andre har klart, skapa noko unikt og i tillegg få status som lokal gartnar – utøvar av verdas eldste og ubestridt sunnaste yrke. Somme kallar det paradislengt - tilbake til trea som me ein gong klatra ned frå. Sjølv er eg ikkje i tvil om kva perspektiv som gir den vidaste himmelen over livet, seier Kvalbein.

Ellen Svalheim, NIBIO sin ekspert på blomeenger, bekreftar at faren for at dei tradisjonelle slåttemarkene forsvinn, har reist eit stort engasjement om "å gjera noko"

- Eg har i alle åra med oppfylgjing av dei artsrike engene, fått merka at det rører noko med identiteten til folk når dei høyrer at blomeengene er trua. Dette har medført eit stort engasjement og spørsmålet "kva kan eg gjera"? Og det dei kan gjera, er faktisk viktig og har ein verdi, seier blomeengspesialisten.

Det er lange avstandar mellom "juvelene" – det vil seia dei artsrike, tradisjonelle slåtteengene under oppfylgjing.

- Desse engene er sjeldne og opptrer glissent, me treng fleire "look a like-enger" med stadeigne engartar som kan sikra genutveksling og som og kan fungera som mellomstasjonar eller matstasjonar for pollinatorane, seier Svalheim.

Ho legg til at i tillegg til Miljødirektoratet er det no mange organisasjonar som frontar saka, mellom andre Naturvernforbundet, "La humla suse", Hageselskapet, Botanisk foreining, SABIMA, Det kongelege slott, Botanisk hage i Oslo, ulike museum med fleire.

Ifylgje NIBIO-forskarane er blomeeng slett ikkje like lett å få til i realiteten. Dei finaste blomeengene, som er omfatta av handlingsplanar og vert fylgde nøye opp av Miljødirektoratet, Fylkesmenn og stolte grunneigarar, ligg nemleg i gamalt kulturlandskap der det ikkje har vore tilført kunstgjødsel og berre litt naturgjødsel frå beitedyra gjennom generasjonar.

- Jorda har vorte utarma ved at bonden årvisst har slått enga, tørka høy delvis på bakken og delvis på hesjer. I alle fall fekk alt som vokste i enga høve til å dryssa frøa sine ned i ei glissen grasmatte der lys slapp ned og fekk nesten usynleg små blomefrø til å spira. Suksess krev rett og slett vilje til å søka kunnskap og psyke til å tåla vonbrot og lange år med tålmodig venting, seier Kvalbein.

Forskarane anbefaler derfor hageeigarar til å starta med nokre få kvadratmeter med eng, i staden for å erstatta heile plenen på ein gong.

Stell av blomeenga er ikkje spesielt krevjande ifylgje forskarane. Dei anbefaler å slå graset med ljå, kantklippar, tohjulsslåmaskin eller ei gras-saks i august, for då har alle plantene rukke å bløma og setta frø.

- La plantene tørka på bakken. Rist og rak det saman og legg det i komposten, eller gi det bort som "helsekost" til nokon som har dyr som et slikt. Det er viktig å raka godt for at frøa skal koma i kontakt med jorda, seier Svalheim.

Frø til blomstereng er imidlertid vanskeleg å få tak i. Produksjonen er liten og etterspurnaden stor.

- Det verste me gjer er å henta inn framande artar frå Danmark eller Tyskland som vel er pene, men som gjer meir skade enn nytte på artsmangfaldet, påpekeir Kvalbein.

- Me anbefaler å satsa på nokre få artar til å byrja med, og å jakta på aktuelle blomar i vegkantar og naturenger frå distriktet rundt der du bur. Då sikrar du og å få stadeigne lokaltilpassa artar. Det graset som kan passa mellom blomane, er til dømes sauesvingel, raudsvingel med lange utløparar og gulaks. Men ein må så tynt, for gras kan lett verta dominerande, seier han.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 SU går inn for avkriminalisering av narkotika
Sosialistisk Ungdom (SU) vedtok søndag kveld å gå inn for avkriminalisering og utredning av legalisering av narkotika.
2.
 Johnny Depp: – Jeg var så langt nede som det var mulig å komme
Det sier filmstjernen i et lengre intervju med Rolling Stone om tiden da ekteskapet sprakk i 2016 og han fikk store økonomiske problemer i tillegg.
3.
 Erdogan gamblet og vant
ISTANBUL (VG) President Recep Tayyip Erdogan er blitt enda mektigere. Tyrkia er mer splittet enn noensinne.
4.
 James Rodríguez og Colombia lekte seg mot Polen
(Polen - Colombia 0-3) Han herjet i VM for fire år siden. Søndag var James Rodríguez tilbake i VM-form og serverte to målgivende pasninger i Colombias 3–0-seier over Polen.
5.
 Ingebrigtsen med Bendtner-ros: – Fortsetter han slik må jeg låse han inne
LERKENDAL (VG) (Rosenborg-Vålerenga 3-0) Rosenborg-trener Kåre Ingebrigtsen (52) var svært fornøyd med Nicklas Bendtner (30) etter storseier mot Vålerenga.
6.
 «Enormt engasjement» for å finne savnede Truls Henrik Johansen (23)
Tre menn er siktet etter at Truls Henrik Johansen forsvant på havet utenfor Øksnes i Nordland 15. juni. Lokalbefolkning og letemannskaper gir ikke opp å finne ham.
7.
 Levanger: Alvorlig skadet og bevisstløs etter vold
Mannen er alvorlig skadet, men tilstanden beskrives som uavklart.
8.
 Erlandsen etter uavgjort mot FKH: - Må ha vært en artig kamp for publikum
HAUGESUND (VG) (Haugesund - Lillestrøm 2–2) To mål av Thomas Lehne Olsen var ikke nok til at Lillestrøm kunne juble for seier i Haugesund. Det er de gulkledde ikke gjort siden 1998.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse