Mest leste :
1.
 Ambisiøst mål for reduksjon av matsvinn
2.
 Kuttar millionar i 4H-støtta
3.
 Askeskogen i Hordaland døyr
4.
 Færre døyr i landbruksulukker
5.
 Vossabadet - rein glede
6.
 Fenalåret "EU - godkjend"
7.
 Statskog har ledige hytter
8.
 Stort haustprogram på Old River Saloon
9.
 Lothepus og Tokvam i bokprat på årets symposium
10.
 Rett Bemanning melder oppbud
11.
 Lunsj med noko attåt
12.
 Satsar på auka bruk av sykkel
13.
 Hjartebank for "alle penga"
14.
 Premiere på "Industripionerane"
15.
 Fossilfrie bussar i Hordaland innan 2025
16.
 Å leva med faren for flaum og skred
17.
 Historisk sus over det første fellesmøtet
18.
 Full fart i Røldal
19.
 Rimeleg godt nøgd med sesongen
20.
 Regional kystsoneplan

Næringshagane i Hordaland jobbar godt
- Publisert 19. juli 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Næringslivsdagen.JPG
Clik on image for large version
Næringslivsdagane 2009. Arkiv

– Næringshagane og inkubatorane i Hordaland leverer og jobbar godt, seier Oddrun Englund, regional koordinator for SIVA på Vestlandet. Godt samarbeid er årsak til at mange bedrifter lukkast i marknaden

Hordaland fylkeskommune, saman med Selskapet for industrivekst SF (SIVA), bidreg til å skape nye arbeidsplassar i fylket og støttar næringshagane og inkubatorane fortel Hordaland fylkeskommune på nettsidene sine.

For halvana veke sidan gjennomførte fylkeskommunen og SIVA såkalla programsamtalar med dei to inkubatorane Atheno og Industriutvikling Vest. Tidlegare i år er tilsvarande samtalar gjennomført med næringshagane i fylket.

– Dette er ein utviklingssamtale, den vi mellom anna går gjennom drift, ambisjonar og potensiale for den enkelte næringshage og inkubator, seier Torill Monstad ved næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune.

Har funne sin plass

– Samtalen inkluderer ei vurdering av arbeidet på i alt 80 punkt. Dette gir eit godt grunnlag for å samanlikne, finne best praktis, og etter kvart korleis utviklinga er over tid på ulike område. Samtidig får miljøa òg informasjon, tips og rettleiing basert på erfaringa Siva har med dei andre miljøa i Norge. Miljøa i Hordaland jobber og leverer godt, og har funne sin plass i sin region, seier Monstad.

Næringshagane og inkubatorane brukar programsamtalane som eit nyttig verktøy i drifta. Dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold Steinsland, fortel at møtet har bidrege til ei bevisstgjering rundt rolla som inkubator.

Litt skjerpa

– Vi blir litt skjerpa og har fått gode tilbakemeldingar frå SIVA, både på at det vi gjer er bra og der vi har eit utviklingspotensiale. Det er bra at det blir sett av nok tid til å gå i dybden på nokre tema. Samtalen har òg gitt oss idear til kva vi kan gjere for å utvikle oss og bli endå betre, seier Kjellevold Steinsland.

Viktig med dialog

Børge Brundtland er dagleg leiar i Industriutvikling Vest.

– For oss er det viktig heile tida å ha ein dialog med programeigar SIVA for å få ei vurdering av måten vi arbeider på. Det er viktig at SIVA gjev tips og råd om kva som fungerer bra i andre utviklingsmiljø rundt om i Norge. Vi er nøydde til å arbeide smart, både for å gje våre kundar gode tenester og samtidig vere effektiv sjølv. SIVA bidreg med gode styringsverktøy og måleparameter og er difor viktig for både for oss og for kundane våre. Vi er svært nøgde med SIVA-modellen, der økonomisk støtte til gründarar og bedrifter skjer i form av rettleiing. Modellen bidreg til at svært mange selskap lukkast i marknaden, seier Brundtland.

Fire næringshagar

I vår gjennomførte SIVA og fylkeskommunen tilsvarande programsamtalar med alle fire næringshagane i fylket.

– Resultata for desse syner at alle næringshagane i Hordaland òg leverer og jobbar godt. Spesielt scorer næringshagen på Voss og i Gulen og Masfjorden langt over snittet på «auka verdiskaping og vekst». Dette inneber at næringshagane leverer svært godt på dei behova som bedriftene har. Bedriftene tilbyr mellom anna tiltak som temamøte, kompetansehevingstiltak, bistand og rådgjeving, seier Toril Monstad.

Hardt arbeid

Mette Nora Sætre er næringssjef i Hordaland fylkeskommune.

– Det ligg mykje hardt arbeid både lokalt og regionalt bak denne utviklinga og desse resultata. Då det nye næringshageprogrammet starta i 2011, var ingen av desse fire næringshagane etablert. Samanlikna med andre fylke var mange av dei næringshagane som kom med i programmet, alt godt etablert, seier Sætre.

Programoperatør

Fire næringshagar i Hordaland er med i næringshageprogammet, der SIVA er programoperatør. Nordhordland Næringshage vart etablert i 2012. Næringshagen på Voss, og Gulen og Masfjorden Næringshage vart begge etablert i 2013. I 2015 vart Næringshagen i Hardanger etablert med prosjektstatus i eitt år, og vart i juni/juli 2016 formelt tatt opp i programmet.

Tettare samarbeid

Sist veke vart det òg gjennomført eit møte mellom SIVA og næringsseksjonen om korleis dei saman kan få til ein god struktur for samarbeid og tettare samhandling framover.

– Midt i ein regionreform er det spesielt viktig å ha god dialog med våre samarbeidspartnarar. Dette er vår måte å arbeide på. Vi set stor pris på at Oddrun Englund i SIVA ønskjer denne tette dialogen òg, seier næringssjef Mette Nora Sætre.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 TMZ: Sean Penn forsøker å blokkere Netflix-dokumentar
Skuespilleren skal være lite fornøyd med å bli beskyldt for å tyste på narkobaronen El Chapo overfor det amerikanske justisdepartementet.
2.
 Thoresen-show mot Stjernen
Patrick Thoresen (33) er i ferd med å finne seg til rette i den norske hockeyligaen. Han scoret to og bidro med én assist da Storhamar slo Stjernen 5-2.
3.
 Bokanmeldelse: Torgrim Eggen: «Forbindelsen. Jensen vs. Cappelen, 16 tonn hasj og vår tids største politiskandale»
Torgrim Eggens Eirik Jensen-bok er et uhemmet ukritisk partsinnlegg der klisjéene blir for mange.
4.
 Sveriges sensasjonslag fortsetter å herje i Europa
(Östersund-Athletic Bilbao 2-2) Etter bare ett år på Sveriges øverste nivå overrasker eventyrklubben Östersund hele Fotball-Europa.
5.
 Rosenborg tapte mot Zenit: – Vi blir juniorer, og gir dem to mål
ST. PETERSBURG (VG) (Zenit St. Petersburg-Rosenborg 3-1) En marerittåpning og et par lette Zenit-scoringer gjorde at Rosenborg gikk på tap i Russland.
6.
 Det lovløse rom
Den internasjonale jakten på overgripere mot barn foregår i lukkede rom. Norske myndigheter våger knapt å åpne døren på gløtt.
7.
 Hasteinnkaller justistopper etter overgrepsavsløring
I to uker var Riksadvokaten taus om metodene australsk politi brukte for å avsløre overgripere. Nå bekrefter han at Norge ikke har det nødvendige lovverket.
8.
 Svenske dømt for buss-porno
En svensk bussjåfør er dømt etter å ha sett porno på nettbrett mens han kjørte ungdommer fra Östersund til Stockholm.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse