Mest leste :
1.
 Hardangergullsmed bak fulltreffaren NR01
2.
 "Prøvekøyring" av ny heimebane
3.
 Målmedviten musikkstudent på springbretttet
4.
 Dårlege vegar pregar kvardagen i Hordaland
5.
 Nytt lys i mørketida
6.
 Snarvisitt i "Skuggane sin dal" før lyset vart tent
7.
 "På ein søndag" ut på høyring
8.
 Festidalen byttar helg
9.
 Endringar i reglar for opptak til høgare utdanning
10.
 Folkebiblioteka som debattarena
11.
 Vil ha innspel frå innbyggarane
12.
 Til kamp for råderett over krafta
13.
 Tru det eller ikkje - årets tema er LØGN
14.
 150 tunnelar på Vestlandet vert rusta opp
15.
 På Radio Folgefonn onsdag
16.
 Rekordomsetning på Grüne Woche i 2018
17.
 Rekordmange vel norsk flagg
18.
 Noreg får som første land spesialtrent innsatsteam for helsekriser
19.
 Ny anbodskonkurranse om omdeling av laurdagsaviser i distrikta
20.
 Suttar etter 10 år i stillinga

Husnes Storsenter
Sjølvbiografisk frå Lars Ove Seljestad
- Publisert 10. august 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Lars Ove Seljestad
Clik on image for large version
Lars Ove Seljestad. Bilete: Tone Mannsåker

Forfattaren Lars Ove Seljestad er snart klar med ei bok som handlar om det å leva eit liv som forfattar og om korleis livet grip inn i skrivearbeidet - formar det, flokar det til, stoppar det eller -  i beste fall, virkar forløysande

Seljestad fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at han i denne sjølvbiografiske romanen har fokusert på særleg to ting.

Det eine er tapet av ein god ven, Jan Roar Leikvoll. Han var forfattar og Seljestad vart kjend med han på Skrivekunstakademiet i Bergen. 

- Leikvoll var den første venen min i det nye livet som forfattar og me fylgde kvarandre frå akademiet i 2002 til han uventa døydde i ein alder av 40 år i 2014. Det slo veldig inn i skriveabeidet mitt og det var som om eg mista gnisten eller tenninga, eg veit ikkje kva som hende med meg, men det vart meiningslaust å skriva.

Seljestad fortel at dei tekstane han prøvde å skriva vinteren 2014 på eit vis døydde ut av seg sjølv. - Eg trudde ikkje på dei. Det var først då eg tok til å skriva om det som hadde hendt, om Jan Roar, om venskapen vår og om å motta den fullstendig overumplande og knusande dødsbodskapen, at det losna. Det vart noko eg gjekk i bane rundt, men det var viktig for meg der og då. 

Tapet av Jan Roar, skriveven og Brother in Arms, vart ein del av det Seljestad arbeidde med. Samtidig med tapet av venen mista han og skriverommet sitt, der han alltid starta tekstane sine, eit rom i eit lite gjestehus i Bremen, Tyskland.

- Det var to viktige element i forfattarlivet mitt som forsvann samtidig, seier han. - Derifrå har eg jobba meg fram til ein ny plattform og ein ny stad og teksten om tapet, er ein del av prosessen fram dit.

Ei stund hadde han kjensla av at alt var til ingen nytte, at alt forsvinn og løyser seg opp. - Men i den prosessen arbeidde eg meg fram til ei kjensle av takksemd eller glede over dei gåvene me og får i livet. Eg er jo far og kom plutseleg på der eg sat og skreiv, at eldste sonen min hadde fødselsdag. For 25 år sidan vart eg far, tenkte eg, så det har skjedd store og gode og viktige ting i livet mitt. I tillegg har eg fått til å skriva igjen.

Seljestad kjende altså at ting går vidare, at ein som menneske får det til med såvel tap som gleder i bagasjen.

- Det er vel kanskje slik at for å skapa noko nytt, må ein ha kjend litt på sorga, ikkje berre høgdepunkt, men det går ei grense. For mykje tapserfaring kan køyra deg heilt ned slik at du vert ståande på knea. Somme er dessvere der, dei klarer ikkje å bygga livet vidare etter grunnleggande tapserfaringar.

For Seljestad vart skrivinga ein mogelegheit til å arbeida seg gjennom ting som har vore vanskelege i livet, og i den nye romanen, Ta hand om deg, er han og hovudpersonen i sin eigen tekst. - Dette er nok det mest sjølvbiografiske eg har skrive og det er både skummelt og ubehageleg, men eg trur det var det som skulle til denne gongen for at eg skulle koma vidare.

På spørsmål om debutromanen Blind var skrive i sinne, bekreftar Seljestad det. -  Blind var ein raseriroman, eg brukte store armrørsler og store ord. Det var mykje sinne i teksten og den splitta lesarane den gongen. Toneleiet i Ta hand om deg minnar nok meir om Kjære bror som kom i 2014.

At nettop den romanen kom i 2014 ser Seljestad som litt av eit paradoks sidan han i det verkelege livet mista det han kallar forfattarvenen sin. - Eg raste jo rundt og lanserte Kjære bror då, skipa til arrangement og var travel. Kanskje nettopp derfor tok sorga meg så hardt etterpå, då det vart stille, haustregn og mørke. Kva no? Eg har aldri stått så hardt i stampe som vinteren 2014.

Heldigvis har det losna.

Seljestad fortel at forlaget hans tok imot det nye manuset med opne armar og meiner det representerer ei ny retning i forfattarskapen hans. - Ein av dei interne lesarane, ein svært erfaren lesar, uttalte at deler av Ta hand om deg er uvanleg god, og det har eg teke til meg - for sjølv var eg i tvil om dette skulle gjevast ut fordi eg kom så nært på meg sjølv. Blir det for personleg eller privat? Har det noko som helst interesse for andre? Har det dei naudsynte, litterære kvalitetane? var spørsmål eg stilte meg.

Forlagssjefen var imidlertid eintydig på at dette var ein roman som inneheldt viktige tankar og refleksonar og den skulle gjevast ut.

22. august er dagen for den første lanseringa av Ta hand om deg. Det skjer i Oslo. - Så er planen å ha ei lansering i Knarvik i Galleri Songfuglen og det vert i samarbeid med familien til Jan Roar Leikvoll. Det ser eg veldig fram med, seier Seljestad.

Forfattaren kjem og til si eigen heimby, Odda. - Planen er å ha ei lansering i Sentralbadet Litteraturhus 7.september, Odda har jo vorte ein litteraturby med ei ny interesse for bøkene til forfattarar frå Odda.

Dei såkalla Oddaforfattarane brukar gjerne heimbyen sin som kulisse når dei skriv og Seljestad som er svanger med ein ny roman allereie, seier at dén vert ei skikkeleg Oddabok - kva no det måtte innebera. No ser me først og fremst fram til  Ta hand om deg, ein sjølvbiografisk roman som etter alle solemerker vil gjera oss litt betre kjend med Oddaguten og forfattaren Lars Ove Seljestad.

________________________________________________________________________________________________
Jan Roar Leikvoll debuterte i 2008 med den kritikerroste romanen "Eit vintereventyr". Forfattaren mottok i 2013 både Bokhandelens forfattarstipend og den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris for dei tre første romanane sine.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Tandrevold om sprekken: – Man føler seg som en syndebukk
Norge og Tandrevold lå kun 16 sekunder bak Italia på den tredje etappen. Men så gikk det fullstendig galt på standplass.
2.
 OL-jubel for Bjørndalen - så kona Darja Domratsjeva gå inn til stafettgull: - Helt vanvittig!
PYEONGCHANG/OSLO (VG) Norge hadde heng på OL-medalje helt til siste runde, men pallen glapp akkurat for skiskytterjentene. I stedet ble det Ole Einar Bjørndalens kone Darja Domratsjeva (31) som kunne juble for gull.
3.
 Moxnes: - VG villeder
Debatten om profitt i barnehager føres stadig på villspor av villedende påstander, skriver Rødt-leder Bjørnar Moxnes.
4.
 Politiet om stort narkobeslag i Tromsø: – Vi mener det er del av et internasjonalt nettverk
Amfetaminbeslaget som ble gjort i oktober i fjor tilsvarer 250.000 brukerdoser med en gateverdi på 33 millioner kroner.
5.
 Vi har vært ufattelig naive
I møte med den nye innvandringen var Norge en forvirret nybegynner. Det kan egentlig bare gå bedre.
6.
 Politiet sperret av bro i forbindelse med Janne Jemtland-saken
Dykkere har torsdag søkt i Glomma etter mulige spor i Janne Jemtland-saken.
7.
 Kramer ber om unnskyldning: Skadet to fans på bronsefesten
PYEONGCHANG (VG) Sven Kramer (31) ber offentlig om unnskyldning etter at to fans ble skadet da han og resten av Nederlands skøytestjerner feiret bronsemedaljen på lagtempo natt til torsdag i OL-byen.
8.
 Säpo mener trusselen mot Sverige er større enn på lenge
De ekstremistiske miljøene i Sverige vokser, og trusselen er størst fra islamistiske grupperinger, mener det svenske sikkerhetspolitiet Säpo.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse