Mest leste :
1.
 Ambisiøst mål for reduksjon av matsvinn
2.
 Kuttar millionar i 4H-støtta
3.
 Askeskogen i Hordaland døyr
4.
 Færre døyr i landbruksulukker
5.
 Vossabadet - rein glede
6.
 Fenalåret "EU - godkjend"
7.
 Statskog har ledige hytter
8.
 Stort haustprogram på Old River Saloon
9.
 Lothepus og Tokvam i bokprat på årets symposium
10.
 Rett Bemanning melder oppbud
11.
 Lunsj med noko attåt
12.
 Satsar på auka bruk av sykkel
13.
 Hjartebank for "alle penga"
14.
 Premiere på "Industripionerane"
15.
 Fossilfrie bussar i Hordaland innan 2025
16.
 Å leva med faren for flaum og skred
17.
 Historisk sus over det første fellesmøtet
18.
 Full fart i Røldal
19.
 Rimeleg godt nøgd med sesongen
20.
 Regional kystsoneplan

Knapphus Kjøkkensenter
Inn for landing
- Publisert 12. oktober 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Lothe
Clik on image for large version

Boksamtalen mellom Kjersti Mjør, Leif Einar Lothe og Finn Tokvam gav "Litterær kraftstasjon" knivskarp konkurranse på Litteratursymposiets første dag. Det var stinn brakke og tyst som i grava då trioen gjekk på

Arrangementet gjekk under samme tittel som boka Finn Tokvam har ført i pennen om Leif Einnar Lothe aka Lothepus. I løpet av samtalen vart det tydeleg at livserfaringa til Lothepus har lært han å bry seg mindre med det som kan gå gale eller som har gått gale. Ikkje ta det så hardt. Gå vidare. 

Kjersti Mjør som leia samtalen, fortalde at ho hadde kvidd seg litt til dette, men at at ho på sett og vis trykte Lothe sin livsfilosofi til brystet og tenkte som så at går det til helvete, så går det til helvete. Kva gjer no det?

Det viste seg imidlertid at denne samtalen snarare løfta seg til himmels enn ned i avgrunnen. Publikum fekk høyra ein mann som på folkeleg vis fortalde om personlege opplevingar og tankar om det å takla eit liv og ein forfattar som kunne formidla det han ikkje sjølv umiddelbart kunne orda.

Mjør tok utgangspunkt i anekdotar frå boka og lirka fram litt meir enn det som står på trykk både frå hovudpersonen sjølv og forfattaren.

Det var openberrt at kjemien mellom Lothe og Tokvam var god, hjarteleg, med innslag av kjærleg sjikane. Hardingen og sogningen snakka samme språk og Kjersti Mjør fekk til tider konkurranse om halda regien når samtalen gjekk sin eigen veg, men ho hekta seg på att og fekk herrene inn på sporet att. 

Mange lattersalver vart utløyst i løpet av den timen dei heldt på, men livets alvor hadde og sin plass, og eit oppmerksamt publikum fekk med seg kvart ord. 

Tokvam fortalde litt om tankar han hadde før han sa ja til å skriva boka. Han var litt i tvil, men etter å ha snakka med Lothe og etter kvart fått han på gli, skjøna han at denne boka kunne han skriva.

Tokvam fortalde og ting som fortel litt om den såkalla finkulturen si haldning til det folkelege. Fleire hadde henvendt seg til han og gitt uttrykk for at han ikkje måtte finna på å skriva denne boka og nærast teke avstand til han då han bestemte seg for at dette ville han gjera,  Han ville fortelja historia til hardhausen med "ni liv", ein mann som også bryr seg om andre.

Mjør kunne opplysa at boka har seld som hakka møkk på to veker og at ho nærast er seld før trykksverta på siste opplag er tørr, så det er ingen tvil om at mange ynskjer å vita meir om kva det er som driv denne cowboyen frå Hardanger.

Frode Grytten var den som rådde Lothe til å velgja Tokvam som ghost-writer. Under Litterær kraftstasjon stod han som alltid fram som Helge Olsen, Oddas vanlegaste mann, og harsellerte med smått og stort i lokalsamfunnet, mellom anna at Lothepus var misnøgd med at han ikkje fekk landa med helikopter på Trolltunga.

- Men det forstår eg ikkje, sa Olsen (Grytten). - Alle veit jo at Lothepus ikkje har vore nedpå sidan 80 - talet. 

Etter å ha høyrt bokpraten på Iris Scene onsdag kveld, kan ein trygt seia at Lothepus har gått inn for landing, kanskje til og med landa med begge beina trygt på jorda.   

Men for all del, han må gjerne fyka litt høgt i ny og ne framleis -  me gler oss til framhaldet og takkar for ein strålande bokprat.




 

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 TMZ: Sean Penn forsøker å blokkere Netflix-dokumentar
Skuespilleren skal være lite fornøyd med å bli beskyldt for å tyste på narkobaronen El Chapo overfor det amerikanske justisdepartementet.
2.
 Thoresen-show mot Stjernen
Patrick Thoresen (33) er i ferd med å finne seg til rette i den norske hockeyligaen. Han scoret to og bidro med én assist da Storhamar slo Stjernen 5-2.
3.
 Bokanmeldelse: Torgrim Eggen: «Forbindelsen. Jensen vs. Cappelen, 16 tonn hasj og vår tids største politiskandale»
Torgrim Eggens Eirik Jensen-bok er et uhemmet ukritisk partsinnlegg der klisjéene blir for mange.
4.
 Sveriges sensasjonslag fortsetter å herje i Europa
(Östersund-Athletic Bilbao 2-2) Etter bare ett år på Sveriges øverste nivå overrasker eventyrklubben Östersund hele Fotball-Europa.
5.
 Mancini etter seieren over RBK: – Vi får det ikke lett i Trondheim
ST. PETERSBURG (VG) (Zenit - Rosenborg 3-1) En marerittåpning og et par fryktelig lette Zenit-scoringer sørget til slutt for RBK-tap. Men Zenit-manager Roberto Mancini (52) tror likevel det blir tøft å møte trønderne på Lerkendal.
6.
 Det lovløse rom
Den internasjonale jakten på overgripere mot barn foregår i lukkede rom. Norske myndigheter våger knapt å åpne døren på gløtt.
7.
 Hasteinnkaller justistopper etter overgrepsavsløring
I to uker var Riksadvokaten taus om metodene australsk politi brukte for å avsløre overgripere. Nå bekrefter han at Norge ikke har det nødvendige lovverket.
8.
 Svenske dømt for buss-porno
En svensk bussjåfør er dømt etter å ha sett porno på nettbrett mens han kjørte ungdommer fra Östersund til Stockholm.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse