Mest leste :
1.
 Hardangergullsmed bak fulltreffaren NR01
2.
 "Prøvekøyring" av ny heimebane
3.
 Målmedviten musikkstudent på springbretttet
4.
 Dårlege vegar pregar kvardagen i Hordaland
5.
 Nytt lys i mørketida
6.
 Snarvisitt i "Skuggane sin dal" før lyset vart tent
7.
 "På ein søndag" ut på høyring
8.
 Festidalen byttar helg
9.
 Endringar i reglar for opptak til høgare utdanning
10.
 Folkebiblioteka som debattarena
11.
 Vil ha innspel frå innbyggarane
12.
 Til kamp for råderett over krafta
13.
 Tru det eller ikkje - årets tema er LØGN
14.
 150 tunnelar på Vestlandet vert rusta opp
15.
 På Radio Folgefonn onsdag
16.
 Rekordomsetning på Grüne Woche i 2018
17.
 Rekordmange vel norsk flagg
18.
 Noreg får som første land spesialtrent innsatsteam for helsekriser
19.
 Ny anbodskonkurranse om omdeling av laurdagsaviser i distrikta
20.
 Suttar etter 10 år i stillinga

Prøver ut framtidas helse- og omsorgsteneste
- Publisert 6. desember 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Sjukepleiar
Clik on image for large version
Illustrasjonsbilete

No startar regjeringa forsøk med primærhelseteam som kan bli framtidas måte å arbeida på. Mellom anna skal somme oppgåver legar utfører i dag, utførast av sjukepleiarar i prøveperioden

- Kommunane har helse- og omsorgstenester som ofte er gode kvar for seg. Men mange pasientar og brukarar opplever at tenestene ikkje heng saman, og at behandlinga blir stykkevis og delt. Derfor vil me no prøva ut nye måtar å jobba på, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding frå departementet.

Primærhelseteam er ei tverrfagleg gruppe som skal arbeida saman for å gje helse- og omsorgstenester til innbyggarane på fastlegen si liste. Kjernen i teamet skal bestå av fastlege saman med sjukepleiar og helsesekretær. Teamet skal ta utgangspunkt i pasienten sine behov og ressursar. Pasienten skal få tettare oppfylgjing, til dømes ved heimebesøk.

- I mange land utfører sjukepleiarar og andre fagfolk oppgåver som står på fastlegen si arbeidsliste i Noreg. Det er på tide at me tenker nytt om dette her i landet og. Sjukepleiarar kan fylgja opp pasientar med kroniske sjukdomar slik at fastlegane får brukt meir tid til behandling. Dette er framtidas helse- og omsorgsteneste. Kommunane og bydelane som vil vera med i denne spanande piloten, fortener ros for å tenka nytt, seier Bent Høie.

- Det er viktig å testa ut ordningar som kan gje kronikarar og andre pasientar med særskilte behov, betre hjelp og oppfylgjing, seier Marit Hermansen, president i Legeforeningen.

Norsk Sykepleierforbund sin leiar, Eli Gunhild By, er glad for at pilotane no kjem i gong. – NSF meiner primærhelseteam er eit riktig grep for å utvikla dei kommunale tenestene. Teama skal bidra til eit tettare samarbeid mellom lega og sjukepleiarar i kommunane, særleg knytt til kronisk sjuke og eldre, seier By.

Åtte kommunar og tre bydelar er valde til å delta i piloten: Seljord, Ørskog, Flora, Malvik, Kristiansand, Ringsaker, Eid, Rana og Oslo med bydelane Alna, Nordstrand og Sagene. Piloten startar våren 2018 og vil vara i tre år. Helsedirektoratet vil ha ansvar for å fylgja opp ordninga. Det er i statsbudsjettet gjort framlegg om å løyva 55 millionar til forsøket.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Norge var med i gullkampen – så sprakk Tandrevold fullstendig
Norge og Tandrevold lå kun 16 sekunder bak Italia på den tredje etappen. Men så gikk det fullstendig galt på standplass.
2.
 OL-jubel for Bjørndalen - så kona Darja Domratsjeva gå inn til stafettgull: - Helt vanvittig!
PYEONGCHANG/OSLO (VG) Norge hadde heng på OL-medalje helt til siste runde, men pallen glapp akkurat for skiskytterjentene. I stedet ble det Ole Einar Bjørndalens kone Darja Domratsjeva (31) som kunne juble for gull.
3.
 Moxnes: - VG villeder
Debatten om profitt i barnehager føres stadig på villspor av villedende påstander, skriver Rødt-leder Bjørnar Moxnes.
4.
 Politiet om stort narkobeslag i Tromsø: – Vi mener det er del av et internasjonalt nettverk
Amfetaminbeslaget som ble gjort i oktober i fjor tilsvarer 250.000 brukerdoser med en gateverdi på 33 millioner kroner.
5.
 Vi har vært ufattelig naive
I møte med den nye innvandringen var Norge en forvirret nybegynner. Det kan egentlig bare gå bedre.
6.
 Politiet sperret av bro i forbindelse med Janne Jemtland-saken
Dykkere har torsdag søkt i Glomma etter mulige spor i Janne Jemtland-saken.
7.
 Kramer ber om unnskyldning: Skadet to fans på bronsefesten
PYEONGCHANG (VG) Sven Kramer (31) ber offentlig om unnskyldning etter at to fans ble skadet da han og resten av Nederlands skøytestjerner feiret bronsemedaljen på lagtempo natt til torsdag i OL-byen.
8.
 Säpo mener trusselen mot Sverige er større enn på lenge
De ekstremistiske miljøene i Sverige vokser, og trusselen er størst fra islamistiske grupperinger, mener det svenske sikkerhetspolitiet Säpo.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse