Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
5.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
6.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
7.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
8.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
9.
 Mange vil rydda strender
10.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 2017 - rekordår for Mikkelparken
14.
 Meiner turisme trugar villreinen
15.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
16.
 Parkeringsavgift i Odda sentrum - ikkje øverst på ynskjelista
17.
 Har du ein etablerar i magen?
18.
 Debattklimaet har vorte for hardt
19.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
20.
 Nasjonalparken vil høyra di meining

Knapphus Kjøkkensenter
Programslepp i julekalender
- Publisert 7. desember 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Vossajazzlogo.JPG
Clik on image for large version
Logo

Vossa Jazz gjer programmet til den 45. festivalen kjent i jolakalender på heimesida si. I dei første lukene har dei sleppt Eirik Hegdal som skal levera sjølvaste Tingingsverket, Lars Vaular, Mary Halvorson`s Code Girl og Arild Andersen Quartet som skal ha opningskonserten

Éin artist/eitt band blir gjort kjent kvar dag vidare fram t.o.m. 24. desember. Heile programmet vil vere klart i januar fortel Vozza Jazz i ei pressemelding.

Vossajazz finn du kalenderen med informasjon om dei artistar og band. 

Under kan du lesa om somme av artistane som er avslørt til no.

Eirik Hegdal
Saksofonist Eirik Hegdal er ein av dei aller fremste jazzmusikarane i landet, både som utøvar, komponist og arrangør. Frå 2002 til 2016 var han kunstnarleg leiar for Trondheim Jazzorkester (TJO), og var då mellom anna ansvarleg for særs vellukka samarbeidsprosjekt med jazzstorleikar som Joshua Redman, Pat Metheny og Dave Holland. Alpaca Ensemble, Zanussi Five, Angles 9, En en en, Dingobats (som hadde sin første festivaljobb på Vossa Jazz i 1996) og Team Hegdal er eit lite utval av dei fantastiske banda han spelar i. Med sistnemnde vann Hegdal Spellemann i kategorien «beste jazzalbum» i 2015. Trufaste vossajazzarar har sjølvsagt høyrt han mange gonger før, mellom anna i «Rubicon», Mats Eilertsen sitt flotte Tingingsverk til Vossa Jazz 2014, som seinare vart plate og Erlend Skomsvoll sitt Tingingsverk «Musikk» i 2002. I 2017 skreiv han orkesterverket «Fables of the Late Early Bird» for sjølvaste Oslo-Filharmonien. Og dette er berre toppen av isberget – det skal ikkje stå på CV’en!

Jeg gleder meg noe fryktelig til dette! Å få skrive Tingingsverket til Vossa Jazz er noe jeg har drømt om – en sann ære, seier Hegdal til Vossa Jazz.

Med seg til å framføre Tingingsverket 2018 har han eit knippe framifrå musikarar, handplukka frå øvste hylle. Fleire av dei har tilknytning til Trondheim Jazzorkester, som trompetist Eivind Lønning og bassist Ole Martin Vågan. Sistnemnde tok over som kunstnarleg leiar for TJO i 2017. Gitarist Nils-Olav Johansen er kjend for mange gjennom supergruppa Farmers Market, og har etablert si unike musikalske stemme gjennom ei rekke flotte prosjekt sidan 1990-talet. Mattias Ståhl (vibrafon) og Jon Fält (trommer) er mellom dei mest spanande jazzmusikarane vårt naboland i aust har å by på.

På dette tidspunktet er det berre komponisten sjølv som har ein idé om kva publikum kan venta seg frå «den musikalske ballongen» under festivalen neste år. Her er det han kan røpe om utviklinga av verket så langt:

«– Det siste stykket jeg skrev før jeg begynte å gruble på Vossajazz-verket var et klassisk stykke for blåsetrio. Jeg tenkte da at «kanskje noe inspirert av 60-talls jazz hadde vært gøy?», (noe jeg tenker igjen og igjen). Så da landet jeg på en akustisk jazz-besetning, og valgte ut musikerne jeg ville ha med. Deretter kunne jeg begynne å skrive musikk inspirert av musikerne, og 60-tallsjazz.

– Derifra har kursen blitt lagt om like ofte som været skifter her oppe i Trondheim. Jeg satte meg som mål å lage en ny idé til en låt hver dag slik at jeg langsomt kunne finne en rød tråd. Det gikk til en viss grad. Inni vevet av den røde tråden kom tanken om tittelen «Musical Balloon», noe jeg har plukket opp fra poeten Matt Burt. Musical Balloon skal kunne fylles med flere musikalske ideer, men bli samlet av en overliggende orkestral regi.

– Lyden av dette ensemblet, slik jeg hører den i hodet mitt når jeg tenker på de utrolig fargerike musikerne jeg har vært så heldig å få med på ballongferden, er altså den røde tråden. Så da gjenstår det bare å velge hva det er som skal henge på tråden!»

Eirik Hegdal – saksofonar, klarinettar
Eivind Lønning – trompet, piccolotrompet
Mattias Ståhl – vibrafon, diverse
Nils Olav Johansen – gitar, banjo, vokal
Ole Morten Vågan – kontrabass
Jon Fält – trommer, perkusjon
Tor Breivik – lyddesign

Lars Vaular
Det er ti år sidan Lars Vaular slapp debutalbumet «La Hat», med Bergen-anthem’et «Eg E Fra Bergen» i spissen. Sidan då har han gong på gong befesta sin posisjon som ordsmed, hitmakar og liveartist av aller høgaste rang.

Utfordringa av normane innan hiphop-sjangeren er noko som definerer Lars Vaular som rappar og artist. Grensene mellom rap og song, hiphop og pop, kunst og underhaldning og gangster og mjuk mann vert viska ut i musikken til Vaular. Dette gjeld ikkje minst dei to nyaste mixteipane hans. I «Loading…» og «Loading…2» smelter uanstrengt ordkunst, hardtslåande rap, autotune-vokal, nostalgi, bosniske beats og pop-hooks saman til ein uimotståeleg heilskap. Me tek Vaular på ordet i «Loading Beat 03»:

Gangster vil være rapper
Rapper vil være gangster
Eg e verken eller
Eg e straigth kunstner

Me gler oss til å hoppe rett opp og ned med solbriller på saman med Lars Vaular under Vossa Jazz 2018!

Mary Halvorson`s Code Girl
Innan den nyskapande avantgarde-jazzen er gitarist Mary Halvorson eitt av dei aller heitaste namna. Den New York-baserte musikaren har sidan tidleg 2000-talet bidratt til å fornye gitaren sitt formspråk med sin halsbrekkande, virtuose og fantasifullt unike spelestil. Medrivande improvisasjon, musikalsk fridom og kompleks nytenking står sterkt i hennar musikkverd.

Halvorson har mellom anna spelt i banda til Anthony Braxton, Marc Ribot og Trevor Dunn, i tillegg til sine mangfaldige soloprosjekt. Til Vossa Jazz kjem ho med si nye gruppe Mary Halvorson’s Code Girl, som består av svært røynde og grensesprengande musikarar frå New York-scena.

«Jeg vil fortsette å hevde at Mary Halvorson er det beste som har skjedd gitarspillet på en stund», skreiv Arild Andersen i Aftenposten då han melde plata «Secret Keeper» i 2015. Ikkje berre ta han på ordet – kom og høyr sjølv!

Mary Halvorsen – gitar
Amirtha Kidambi – vokal
Ambrose Akinmusire – trompet
Michael Formanek – bass
Tomas Fujiwara – trommer

Arild Andersen Quartet
Sjølvaste Arild Andersen står for opningskonserten til Vossa Jazz 2018. Andersen, ein verkeleg tungvektar i norsk jazz sidan 1960-talet, tek med seg ei utvida utgåve av trioen han sette saman for konsertserien «European Jazz Legends» i 2016, som resulterte i konsertplata «Rose Window». Dette seier Arild Andersen sjølv om den unike kvartetten som kjem til Vossa Jazz:

«Fra jeg var 29 år har jeg hatt med musikere som er yngre enn meg, som Jon Balke, Pål Thowsen, Nils Petter Molvær, Tore Brunborg, Lars Janson og Bugge Wesseltoft for å nevne noen. Det har alltid vært en egen energi.

For noen år siden hørte jeg Marius Neset og Gard Nilssen i Molde og tenkte at disse må jeg ta med når anledningen byr seg. Gard fikk jeg med i Mingus-prosjektet mitt 2014 og senere i trioen med Helge Lien. Marius blir med for første gang nå på Vossa Jazz. Helge har jeg vært oppmerksom på i mange år og når jeg skulle gjøre konserten i Tyskland i konsertserien «European Jazz Legends» var Helge et naturlig valg.

Alle tre er nå veldig etterspurte og opptatte musikere, så det å få samlet disse til en konsert er spesielt i seg selv… før vi har spilt en eneste tone. Dette gleder jeg meg til.»

Arild Andersen – bass
Gard Nilssen – trommer
Helge Lien – piano
Marius Neset – saksofon

Sigrid Moldestad
Sigrid Moldestad kjem til Vossa Jazz med sin kraftfulle blanding av folk, vise- og tradisjonsmusikk. Ho er ein artist med eit sterkt forteljarhjarte og evne til å berøre tilhøyrarar med vakker melankoli og leiken kraft.

Moldestad har sin bakgrunn i felespelet og folkemusikken. Spesielt har ho fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde, den vesle bygda Breim i Nordfjord. Med denne arven som inspirasjon og rot har ho utvikla sitt eige musikalske uttrykk i grenselandet mellom tradisjonar og nyskaping, folkemusikk, pop og visesong.

Den nyaste plata hennar, «Vere her» (2017), er ei maktoppvisning i sjangerbalansering, innsiktsfulle tekstar og fengjande musisering. «Nå er det på tide folk får opp ørene for hvilken artistisk juvel denne damen er», skreiv Svein Andersen (Aftenposten) i sin omtale av plata. Bandet hennar er sett saman av det beste vårt vene Vestland har å by på av kvalitetsmusikarar – ikkje gå glipp av denne konserten!

Sigrid Moldestad – vokal, fele
Jørgen Sandvik – gitar, mandolin, banjo
Sigbjørn Apeland – piano, trøorgel
Anders Bitustøyl – bass
Kåre Opheim – trommer

Olavi Louhivuori

Det finske fenomenet Olavi Louhivuori lagar splitter nytt verk, bestilt til Vossa Jazz 2018! Den fantastiske trommeslagaren er mellom anna kjend for sine soloprosjekt, bandet Oddarang og samarbeid med Tomasz Stanko Kvintett, Sky Dive Trio (med Thomas T. Dahl og Mats Eilertsen), Alexi Toumarila Trio og Rubicon-bandet til Mats Eilertsen.

Bandet han har med seg kunne gjerne kalt seg «the very best of Scandinavia»: Den danske supergitaristen Jakob Bro (Tomasz Stanko, Palle Mikkelborg, Bill Frisell, Lee Konitz), den finske legenden Juhani Aaltonen på saksofon og fløyte (Arild Andersen, Jan Garbarek) og sjølvaste Palle Danielsson på bass, som knapt treng parentes bak namnet sitt. Berre for ordens skuld: (Keith Jarrett, Jan Garbarek, Bill Evans, Bobo Stenson).

Alt ligg altså til rette for ei fenomenal, tverr-nordisk jazzoppleving av dei sjeldne. Då er det berre til å smøre seg med tålmod, kjøpe billett og starte nedtellinga. Om ein er ekstra nyfiken kan ein gjere eit kjapt google-søk på tittelen Indras nett, og setje seg inn i buddhistiske idear som tomheit, interpenetrasjon og samanveksing og leite etter hint der – berre for spesielt interesserte!

Olavi Louhivuori – trommer og komposisjon
Jakob Bro – gitar
Juhani “Junnu” Aaltonen – saksofon og fløyte
Palle Danielsson – bass



 

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Migrapolis-profil sparket etter 19 år i NRK grunnet manglende kompetanse: – Dette er en farse
– De hadde bestemt på forhånd at de ville bli kvitt meg, sier NRK-journalist Rajan Chelliah. NRKs fagforening mener saken går rett inn i kjernen av hvorfor de NRK- ansatte streiker.
2.
 Passproblemer
Nordmenn som ennå ikke har søkt om fornyelse av utgått pass, eller som trenger et nytt, kan risikere at sommerens utenlandstur går i vasken.
3.
 Dårlig nytt for Trump-advokat: «Taxi-kongen» vil samarbeide med myndighetene
Michael Cohens forretningspartner Evgeny Freidman skal ha gått med på å hjelpe myndighetene for å slippe fengselsstraff.
4.
 Person knivstukket i Oslo
Politiet i Oslo leter etter to personer etter at en person ble knivstukket i Oslo sentrum natt til onsdag.
5.
 Mann til sykehus etter eksplosjon i varmeanlegg i Oslo
En mann er kjørt til sykehus med moderate skader etter at en eksplosjon gikk av i et varmeanlegg på Haugerud i Oslo.
6.
 Smittsom hjernehinnebetennelse påvist hos russ i Sandnes
En russ fra Sandnes ble mandag innlagt på sykehus med smittsom hjernehinnebetennelse. Personer vedkommende har utvekslet spytt med, har fått antibiotikum.
7.
 NRK-journalist tatoverte en «Streikepanda» på leggen
NRK-streiken fortsetter for fullt, og ivrige streikere samler seg over hele landet for å kjempe for blant annet høyere lønn og likebehandling av midlertidig ansatte. Noen journalister er imidlertid ivrigere enn andre.
8.
 Syk øksedrapsmann utskrevet mot sin vilje: – Ble feilbehandlet
BERGEN / OSLO (VG) Om lag tre uker før bergensmannen ringte politiet og sa han hadde drept sin mor med øks, ble han utskrevet fra psykiatrisk institusjon mot sin vilje. Han gjentok på institusjonen at han kom til å skade mennesker.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse