Mest leste :
1.
 Fjelledelgran er vårt nye favorittjuletre
2.
 Historisk møte for det nye Vestlandsfylket
3.
 Jordras ved Kyrping
4.
 Forskrifter om samanslåing av Jondal, Odda og Ullensvang fastsett
5.
 God jul
6.
 På Radio Folgefonn onsdag
7.
 Sjekk fjellovegangane før du tek ut
8.
 Nedgang i arbeidsløysa i desember
9.
 Godt nytt år
10.
 På Radio Folgefonn tirsdag
11.
 På Radio Folgefonn mandag
12.
 På Radio Folgefonn tirsdag
13.
 På Radio Folgefonn fredag
14.
 På Radio Folgefonn torsdag
15.
 På Radio Folgefonn tirsdag
16.
 På Radio Folgefonn torsdag
17.
 På Radio Folgefonn fredag
18.
 På Radio Folgefonn fredag
19.
 På Radio Folgefonn onsdag
20.
 På Radio Folgefonn torsdag

Forskrifter om samanslåing av Jondal, Odda og Ullensvang fastsett
- Publisert 20. desember 2017 av Mannsåker, Tone Marie
170-1[1]
Clik on image for large version
Illustrasjonbilete

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastsette tirsdag forskrifter for 23 kommunesamanslåingar, med mellom anna namn på nye kommunar og antal medlemer i dei nye kommunestyra

– Det er mykje som skal på plass når kommunar går saman og bygger nye kommunar. No avklarer me namnet på mange av dei nye kommunane. Eg vonar avklaringane medvirkar til ro rundt prosessane slik at kommunane kan konsentrera seg om å bygga gode tenester og lokalsamfunn for innbyggarane sine, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

I dei fleste samanslåingane som det no vedtas forskrifter om, har kommunane vore einige om kva namnet på den nye kommunen skal vera. I somme av samanslåingane har det vore ulike synspunkt. Der har statsråd Sanner hatt eige møte med kommunane. Der kommunane ynskjer eit nytt kommunenamn, har Språkrådet gitt ei rådgjevande uttaling om namnet. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har myndigheit til å fastsetja kommunenamn, og namna er fastsette i tråd med kommunane sine ynskje.

Samanslåingane skal skje frå 1. januar 2020, og arbeidet med å førebu samanslåingane pågår no i alle kommunane og fylkeskommunane. Totalt i kommunereforma er 119 kommunar slått saman til 47 nye kommunar. Dette vil gje 356 kommunar frå 2020.

Forskrift om samanslåing av Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad til Ullensvang kommune

Fastsett av Kommunal- og moderniseringsdepartementet 19. desember 2017 med heimel i kommunelova § 3 nr. 3 og inndelingslova § 17, jf. kongeleg resolusjon 27. oktober 2017 nr. 1666.

§ 1. Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad blir slått saman til ein kommune frå 1. januar 2020. Namnet på kommunen er Ullensvang kommune.

§ 2. Kommunestyret skal ha 33 medlemer, inntil kommunestyret eventuelt gjer anna vedtak i medhald av kommunelova § 7 nr. 3.

§ 3. Vedtekter og forskrifter som er gjeldande i Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad skal framleis gjelde for vedkomande område inntil nye lokale vedtekter og forskrifter er fastsett av kommunestyret. Frist for fastsetting av nye vedtekter og forskrifter er 1. januar 2021.

§ 4. Fellesnemnda skal sørgje for at samansettinga av forliksrådet til kommunen er i samsvar med domstollova § 27 og § 57 i perioden frå samanslåingstidspunktet til nytt forliksråd trer i funksjon. Fellesnemnda kan slå fast at funksjonstida for dei eksisterande forliksråda i kommunane skal videreførast slik at den nye kommunen har to eller fleire forliksråd i ein periode.

§ 5. Kommuneplanar og kommunedelplanar etter plan- og bygningslova kapittel 11, inkludert arealdelen, gjeld inntil dei blir erstatta av nye planar som er vedtatte av det nye kommunestyret. Reguleringsplanar etter kapittel 12 i lova gjeld inntil dei blir erstatta av nye planar eller at dei blir vedtatt oppheva.

§ 6. I ein overgangsperiode frå 1. januar 2020 til 31. desember 2021 får Ullensvang kommune unntak frå eigedomsskattelova slik at eigedomsskatteregima som gjaldt i Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad kan videreførast for vedkommande område i overgangsperioden i den grad desse var i samsvar med eigedomsskattelova. Ved etterfølgjande endringar i eigedomsskattelova må dei vidareførte eiendomsskatteregima innrettast i samsvar med lovendringane.

Dei vidareførte eiendomsskatteregima kan justerast i løpet av overgangsperioden i den grad den tidligare kommunen kunne gjort dette innanfor rammene av eigedomsskattelova, og formålet er gradvis å oppnå harmonisering av regelverket innad i den nye kommunen.

Frå og med 1. januar 2022 skal eigedomsskatten i Ullensvang kommune vere harmonisert og i tråd med eigedomsskattelova.

§ 7. Forskrifta trer i kraft straks.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Mann hevder seg slått ned i måkekrangel
De holdt ikke hodet kaldt, naboene som måket snø på Stabekk tirsdag kveld. Det endte med at den ene ringte politiet og sa han var blitt slått ned.
2.
 Northug-trener: – Innforstått med at OL ryker
Petter Northug blir ikke med til verdenscuprennene i Planica, og Northug-leiren tror nå at OL ryker for skistjernen.
3.
 Hevder Cristiano Ronaldo er på vei bort fra Real Madrid
Cristiano Ronaldo (32) og hans fremtid dominerer nok en gang nyhetsbildet i spanske medier.
4.
 Opprørte landslagsspillere med støttebrev til Nora Mørk
Landslagskaptein Stine Bredal Oftedal, Kari Aalvik Grimsbø og Heidi Løke er opprørt over håndballforbundets håndtering av varslingen fra Nora Mørk (26), og mener ledelsen bør beklage dette.
5.
 En person omkom etter ulykke
Oslofjordtunnelen er fortsatt stengt etter en dødsulykke onsdag formiddag.
6.
 IOC avviser OL-friplass til Bjørndalen
IOC avviser at de kan gi utøvere friplasser til OL. Det er dårlig nytt for Ole Einar Bjørndalen.
7.
 Mørk svarer på Myrhol-utspill: – Har ikke kunnet kontrollere timingen
Håndballprofilen Nora Mørk (26) hevder hun ikke hadde planlagt at saken om herrespillernes bildedeling skulle komme rett før en avgjørende EM-kamp.
8.
 Nord-Koreas rakett sett fra fly
Passasjerer på flyet fra San Francisco til Hong Kong så den nordkoreanske raketten bryte gjennom skyene, bekrefter USAs utenriksminister Rex Tillerson.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse