Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
5.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
6.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
7.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
8.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
9.
 Mange vil rydda strender
10.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 2017 - rekordår for Mikkelparken
14.
 Meiner turisme trugar villreinen
15.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
16.
 Parkeringsavgift i Odda sentrum - ikkje øverst på ynskjelista
17.
 Har du ein etablerar i magen?
18.
 Debattklimaet har vorte for hardt
19.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
20.
 Nasjonalparken vil høyra di meining

Målmedviten musikkstudent på springbretttet
- Publisert 6. februar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Siri Elton
Clik on image for large version
Siri Elton. Bilete: Siri Elton

For Siri Elton frå Odda var det aldri snakk om å driva med noko anna enn musikk som vaksen. Ho vaks opp i ein heim der song og musikk var ein del av kvardagen. No har ho to av sine eigne låtar på Spotify

Ho fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at ho flytta heimefrå då ho var 16 år for å studera musikk, så per i dag går ho på vidaregåande skule i Haugesund, musikklinja naturlegvis.

- At eg tok det valet, har gjort at eg har fått utvikla meg ekstremt mykje musikalsk, så det var eit heilt riktig val for meg.

Siri er dotter til Gunn Gravdal Elton - musikar, songar, komponist, og fortel at ho gjennom mora har ho vorte introdusert for mange ulike sjangerar.

- Min sjanger er pop, men på skulen lærer me jo og alle sjangerar, alt frå jazz til blues, soul og klassisk, og eg har lært å gle meg over og alle typar musikk. Eg er jo og så heldig at eg får vera med i den musikalen som mor mi driv og arbeider med no.

Slik det ser ut, trur Siri at ho vil landa på ein form for pop/rock - stil i framtida. - Dei låtane eg har gitt ut no, er veldig popa og dei er eg veldig nøgd med og stolt av, og for framtida tenker eg at eg vil hella mot det som er heilt Siri, altså det som er spesielt for meg.

Det å skriva og komponera songar er noko musikkstudenten har stor glede av. - Det gir meg mykje, og draumen er sjølvsagt å få nok låtar til å gje ut ein CD. Det hadde vore heilt fantastisk.

Ho innser at det mange andre flinke, unge musikarar der ute, men synes ikkje det er noko hinder. - Det er eit trangt nålauga for dei som lukkast, men eg tenker at det er plass til alle, og dersom ein vil det nok, kan det gå. Eg har ingen planar om å gje meg.

Siri driv og øver saman med eit band for tida, og dei øver fram mot konserten som skal vera avsutningseksamenen hennar i Haugesund i mai.

- Me skal spela litt rundt omkring for å varma opp til eksamen no, fortel ho og legg til at dei gjerne vil ha nokre konsertar i Odda og. - Men no må eg først og fremst prioritera skule og eksamen.

Frå sommaren er Siri ferdig på vidaregåande og planen hennar er å flytta til Oslo. - Då vil eg ta eitt eller fleire å med skulefri, jobba mykje med musikk og tekst, spela litt rundt om og jobba alt eg kan for å koma meg inn i musikkmiljøet.

Vidare studier innafor musikk, ser ho likevel ikkje heilt bortifrå. Ho fortel at ho har vurdert musikkutdanning i utlandet litt lener fra, men at frå sommaren av vert det minst eitt år med knallhard jobbing med eiga karriere etter eige hovud.

Eg er ikkje redd for å satsa for fullt, seier ho. - Det er dette eg vil!

Låtane som ligg på Spotify no heiter You got me og Someone else og dei har ho jobba med hjå Norsk Lydstudio i Mjøndalen.


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Passproblemer
Nordmenn som ennå ikke har søkt om fornyelse av utgått pass, eller som trenger et nytt, kan risikere at sommerens utenlandstur går i vasken.
2.
 Dårlig nytt for Trump-advokat: «Taxi-kongen» vil samarbeide med myndighetene
Michael Cohens forretningspartner Evgeny Freidman skal ha gått med på å hjelpe myndighetene for å slippe fengselsstraff.
3.
 Person knivstukket i Oslo
Politiet i Oslo leter etter to personer etter at en person ble knivstukket i Oslo sentrum natt til onsdag.
4.
 Mann til sykehus etter eksplosjon i varmeanlegg i Oslo
En mann er kjørt til sykehus med moderate skader etter at en eksplosjon gikk av i et varmeanlegg på Haugerud i Oslo.
5.
 Smittsom hjernehinnebetennelse påvist hos russ i Sandnes
En russ fra Sandnes ble mandag innlagt på sykehus med smittsom hjernehinnebetennelse. Personer vedkommende har utvekslet spytt med, har fått antibiotikum.
6.
 NRK-journalist tatoverte en «Streikepanda» på leggen
NRK-streiken fortsetter for fullt, og ivrige streikere samler seg over hele landet for å kjempe for blant annet høyere lønn og likebehandling av midlertidig ansatte. Noen journalister er imidlertid ivrigere enn andre.
7.
 Syk øksedrapsmann utskrevet mot sin vilje: – Ble feilbehandlet
BERGEN / OSLO (VG) Om lag tre uker før bergensmannen ringte politiet og sa han hadde drept sin mor med øks, ble han utskrevet fra psykiatrisk institusjon mot sin vilje. Han gjentok på institusjonen at han kom til å skade mennesker.
8.
 Norge følger ikke EUs knallharde USA-kritikk
EU får foreløpig ikke norsk støtte for lovgivning som skal beskytte europeisk næringsliv mot USAs varslede straffetiltak mot Iran. Utenriksminister Ine Eriksen Søreide (H) sier at regjeringen først vil avvente hva EU foretar seg.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse