Mest leste :
1.
 Hardangergullsmed bak fulltreffaren NR01
2.
 "Prøvekøyring" av ny heimebane
3.
 Målmedviten musikkstudent på springbretttet
4.
 Festidalen byttar helg
5.
 Endringar i reglar for opptak til høgare utdanning
6.
 Folkebiblioteka som debattarena
7.
 Vil ha innspel frå innbyggarane
8.
 Til kamp for råderett over krafta
9.
 Tru det eller ikkje - årets tema er LØGN
10.
 Suttar etter 10 år i stillinga
11.
 150 tunnelar på Vestlandet vert rusta opp
12.
 Rekordomsetning på Grüne Woche i 2018
13.
 På Radio Folgefonn onsdag
14.
 Rekordmange vel norsk flagg
15.
 Noreg får som første land spesialtrent innsatsteam for helsekriser
16.
 Ny anbodskonkurranse om omdeling av laurdagsaviser i distrikta
17.
 Tillet ikkje import av skotsk oppdrettslaks
18.
 Migrasong – tonane dei bar med seg over havet
19.
 Vinterferie i Statskog sine hytter
20.
 Er byen din attraktiv?

Felleskjøpet Etne
Godt driftsresultat for fylkeskommunen
- Publisert 14. februar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
hordaland_fylke
Clik on image for large version
Fylkesvåpen

Rekneskapen for Hordaland fylkeskommune for 2017 viser overskot på 107 mill. kr. Stram økonomistyring er hovudårsaka til det positive resultatet skriv fylkeskommunen på nettsidene sine

Skatteinngangen i 2017 er 16 mill. kr høgare enn budsjettert. I 2016 stod skatteinngangen for nær 100 mill. kr av resultatet. - Drifta vår er no vesentleg betre, slik at det ikkje er utanforliggjande årsaker til det gode resultatet, men solid innsats frå medarbeidarane i heile fylkeskommunen. Dette er ei gledeleg utvikling, understrekar fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Opplæringssektoren har i 2017 eit positivt budsjettavvik på 16 mill. kr. Det har dei siste åra vore stort fokus på den økonomiske utviklinga i sektoren, og det gode arbeidet viser no att i resultatet for 2017. Samferdselssektoren viser også overskot i rekneskapen med pluss 17 mill. kr. Desse to sektorane står for om lag 80 prosent av fylkeskommunen si drift.

Framleis krevjande økonomisk situasjon

Trass i det positive rekneskapsresultatet, har fylkeskommunen ein krevjande økonomisk situasjon. Høg lånegjeld og auka kostnader med nye, miljøvenlege ferjekontraktar medfører sterk auke i både drifts- og investeringskostnadene. Inntektsveksten fylkeskommunen kan rekne med i åra framover, vil langt frå vere tilstrekkeleg til å makte kostnaden med klimaløftet.

– Vi arbeider målretta for å levere gode og solide tenester til innbyggjarane i Hordaland innanfor alle våre ansvarsområde, og det er eg trygg på at vi skal klare også i åra framover. Knappe økonomiske rammer gjer likevel at vi må prioritere endå tydelegare, seier Rune Haugsdal.

Mange tidlegare tunge investeringar

Fylkeskommunen har gjennom mange år investert tungt i nye og framtidsretta skulebygg, tannklinikkar og infrastruktur. Det har resultert i ei lånegjeld på 10,6 mrd. kr ved utgangen av 2017 med ein gjeldsgrad – gjeld i prosent av driftsinntekter – på 113,4 prosent. Fylkestinget har vedteke at gjeldsgraden ikkje skal overstige 115 prosent, så fylkesrådmannen viser til at ein i rekneskapen for 2017 ligg tett opp under denne grensa. Dette vil påverke handlefridomen i åra som kjem.

Totale driftsutgifter var i 2017 8 014 mill. kr, og til renter og avdrag på lån vart det brukt 716 mill. kr. Investeringane i 2017 var på 2,5 mrd. kr.

Opplæring og samferdsel størst

Det største tenesteområdet er opplæring med driftskostnader på 3 150 mill. kr i 2017. Samferdselssektoren følgjer hakk i hel med kostnader på 3 126 mill. kr.

– Eg vil gje honnør til alle einingane og medarbeidarane for dette flotte resultatet. Det har dei siste åra vore arbeidd systematisk med å snu den negative driftsutviklinga og resultatet for 2017 viser at ein er på god veg, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Slik gratulerer VG-leserne rekord-Bjørgen: – Måtte du leve evig
Hundrevis av VG-lesere har sendt inn sine gratulasjoner og hyllester til Marit Bjørgen (37) etter at skidronningen søndag ble tidenes mestvinnende vinterolympier.
2.
 Slik ble vi kjent med Astrid Smeplass
Vinneren av «Årets Spellemann» fikk ros allerede i sin aller første omtale i pressen.
3.
 DN: Stortinget tok hensyn til frimurerlosjen og handelsstanden og innfridde millionkrav
Frimurerlosjen og handelsstanden fikk gehør for en ny tunnelløsning som alene økte prisen på Stortingets byggeprosjekt med flere hundre millioner, ifølge DN.
4.
 Festfotball sikret Peps første tittel: – Dette trofeet er for Manchester City, ikke meg
(Arsenal-Manchester City 0-3) I sin 99. kamp som Manchester City-trener, tok Pep Guardiola sin første tittel i sin første finale med klubben. Etter kampen var katalaneren i det ydmyke hjørnet.
5.
 Skammelig av Løfshus
Vidar Løfshus har all grunn til å slå seg på brystet over det Norge presterer i sporet. Dessverre fortsetter han å gjøre det også om ting han har lite peiling på.
6.
 Toppsjefens triumf
PYEONGCHANG (VG) Den norske OL-suksessen skyldes summen av en rekke faktorer. Men det er lov for Tore Øvrebø til å glise litt ekstra bredt på flyet hjemover.
7.
 Astrid Smeplass er «Årets Spellemann»
Første kvinnelige vinner siden prisen for 2003 ble delt ut.
8.
 VG triller terningen etter Norges rekord-OL
PYEONGCHANG (VG) Norges gullrush ville nesten ingen ende ta. Det ble historisk rekordfangst til slutt: 39 medaljer – hvorav 14 gull. VG har trillet terningen etter jubeldagene i Sør-Korea.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse