På grunn av store snømengder høgt i liene i vinter, har hjorten vorte pressa lengre ned og pressa saman på mindre område enn det han vanlegvis går på. Dyra har hatt ein hard vinter
Salm Sjurstræ er ein av fleire i Odda og Ullensvang kommunar som leitar opp skadde dyr.
Han fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at når hjorten går i lågare lende oppstår det og oftare problem enn ellers. - Det vert påkjørslar og slike ting, og dei dyra eg har handert seinare tid, er ikkje berre magre, det er omtrent ikkje kjøt på dei, berre skinn og bein. Hjorten har hatt det knalltøft i vinter.
Sjurstræ meiner ein stor del av tilveksten av hjort har stroke med denne vinteren. - Eg vil ikkje påstå alt, men det er ein svært stor del som ikkje har klart seg gjennom vinteren.
Før kunne ein legga ut mat til hjorten når vintrane var tøffe. - Det kan me ikkje lenger. Det er ulovleg på grunn av fare for smittsame sjukdomar, så no må me la naturen gå sin gang.
Når Sjurstræ søker etter skadde dyr, brukar han ein hund som er trent til nettopp denne opggåva. - Hunden må gjennomgå mykje trening og bestå fleire prøvar. Blodsporprøven er éin og når den er bestått må hunden bestå fersksporprøven etter først å ha gjennomgått meir trening. Heile prosessen tek som regel eit par år, litt varierande frå hund til hund.
Men som fersk "uteksaminert" er ikkje hunden på sitt beste slik Sjurstræ ser det. - Eg synes hunden er best når han har vore gjennom ein del oppdrag, han er først på sitt beste i fem til seks årsalderen.
Mange hunderasar eignar seg til å leita opp skadd vilt. - Det er opplæringa som er viktig, eg vil ikkje favorisera ei rase framfor ei anna.
Når det gjeld vilforekomsten i Indre Hardanger, er det eit mangfald, fortel Sjurstræ, men hjorten har altså fått hard medfart i vinter.
- Med mildveret forsvinn snøen og då trekk han lenger opp, då vert det og betre beite og færre konfliktar med menneske.
(Det er Rolf Erling Loe som er viltansvarleg i Odda, Eidfjord og Ullensvang.)