Mest leste :
1.
 Nettradioen er oppe og går igjen
2.
 Myrkdalen Fjellandsby veks
3.
 Felles løft for gleda ved å synga
4.
 Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet
5.
 MS Lindenes på farten
6.
 St. Olav til Ottar Grepstad
7.
 Formidlar lokal kulturarv til førskuleborn i Hardanger og på Voss
8.
 30 millioner til leselyst i Bokåret 2019
9.
 Sju nye reisemål har fått merket for bærekraftig reisemål
10.
 Vil redusera klimagassutslipp frå avskoging i Noreg
11.
 Daniel på femte plass i NM - opninga
12.
 Rekordstor påmelding til Open Gard i jubileumsåret
13.
 2,35 millionar kroner til kultur i Hordaland
14.
 Den gode sommarkjensla er på plass
15.
 Forbod mot all bruk av eld utandørs i Odda og Ullensvang
16.
 NRK oppfyller ikkje nynorskkrava
17.
 Skandinavisk Tivolipark kjem attende
18.
 Fare for angrep av rognebærmøll i 2018
19.
 Klar for stolpejakt igjen
20.
 Ny strategi for økologisk produksjon

Knapphus Kjøkkensenter
Største landsmøte på 30 år
- Publisert 16. april 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Magne Aasbrenn
Clik on image for large version
Magne Aasbrenn. Bilete: JK Flattun

12. til 15.april hadde Noregs Mållag landsmøte på Vinje. Leiar Magne Aasbrenn fortel at tilstades var 180 delegatar og 40 andre deltakarar

Aabrenn fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at det tilsaman var omlag 220 menneske tilstades.

- Det var veldig kjekt. Det virkar som om me er inne i ei oppgangstid og at nynorsken er i vekst.

Ein av dei med innflytelse nasjonalt, som vitja landsmøtet, var kunnskaps - og inkluderingsminister Jan Tore Sanner. - Han tok turen til Vinje for å snakka med målfolket, og noko av det me tok opp med han, er ei sak som har oppteke mange i Odda; dette med språkdelt ungdomsskule.  Me gjekk ministeren litt på klinga når det gjaldt dette, og han fortalde at saka hadde vore ute til høyring og at ho er ferdighandsama i utdanningsdirektorat og no ligg i departementet igjen.

Aasbrenn fortel at målrørsla forsøker å pressa på for at språkdelt ungdomsskule skal verta ein realitet. - Det er mange flinke delegatar frå Odda som står på for Oddamodellen. Heile målrørsla for øvrig gjer og det. 

Det er altså ikkje konkludert vedrørande språkdelt ugdomsskule endå. - Men eg trur det kan gjera eit inntrykk på Sanner at han fekk sjå med eigne augo kor sterk målrørsla er, og at det kan ha ein påverknad på den endelege avgjerdsla, seier Aasbrenn. 

Den store saka for Noregs Mållag no, er å starta ein aksjon som handlar om å få lovfesta at datalæremiddel i skulen, appar og liknande på må koma på nynorsk samtidig som dei kjem på bokmål. - Det er for ille at nynorskelevane, dersom dei får datalæremiddel då, får dei på bokmål eller på engelsk.

Aasbrenn fortel at ministeren hadde vore tydeleg på at akkurat dette må ein gjera noko med.

Når det gjeld innvandrarar og det norske språket, seier Aasbrenn at det ei sjølvfølge at framandspråklege som bur i nynorskkommunar, både vaksne og born, må få opplæring i skulen på nynorsk.

I mållaget er dei gode på utdeling av prisar. - Det viktigaste var at me fekk to nye heidersmedlemer og at Magni Øvrebotten i NRK fekk nynorskprisen og at Olaug Nilsen fekk Nynorsk Litteraturpris. Det var travelt for leiaren kan ein seia, men veldig moro å få heidra slike flotte folk.

Etter det Asbrenn fortel, er det og ei prioritert oppgåve for Noregs Mållag å sikra nynorsken i dei nye storfylka.- Me var veldig nøgde over at Fylkesordføraren i Telemark vitja landsmøtet. Han var veldig positiv for nynorsken og fortalde at det utifrå mållova, sidan det er fleire nynorskkommunar enn bokmålskommunar i det nye Vestfold - Telemark fylket og fordi det ikkje er så mange nøytrale kommunar, så skal fylkesmannen for Vestfold, skriva nynorsk i framtida. 

Leiaren i Noregs Mållag vart attvald for ein ny periode, og seier at han er svært glad for at nynorskfolket gir denne tillitten til ein Østfolding som snakkar ein bokmålsdialekt.

 Noregs Mållag har landsmøte annakvart år. For to år sidan vart det lagt til Bergen, i år altså til Vinje. Kor det vert i 2020 er ei av sakene det nye styret må gripa fatt i. - Der er det ein del omsyn å ta, strategiske, kor var me sist og så vidare,  seier Magne Aasbrenn som er veldig godt nøgd med årets landsmøte.
 


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 SU går inn for avkriminalisering av narkotika
Sosialistisk Ungdom (SU) vedtok søndag kveld å gå inn for avkriminalisering og utredning av legalisering av narkotika.
2.
 Johnny Depp: – Jeg var så langt nede som det var mulig å komme
Det sier filmstjernen i et lengre intervju med Rolling Stone om tiden da ekteskapet sprakk i 2016 og han fikk store økonomiske problemer i tillegg.
3.
 Erdogan gamblet og vant
ISTANBUL (VG) President Recep Tayyip Erdogan er blitt enda mektigere. Tyrkia er mer splittet enn noensinne.
4.
 James Rodríguez og Colombia lekte seg mot Polen
(Polen - Colombia 0-3) Han herjet i VM for fire år siden. Søndag var James Rodríguez tilbake i VM-form og serverte to målgivende pasninger i Colombias 3–0-seier over Polen.
5.
 Ingebrigtsen med Bendtner-ros: – Fortsetter han slik må jeg låse han inne
LERKENDAL (VG) (Rosenborg-Vålerenga 3-0) Rosenborg-trener Kåre Ingebrigtsen (52) var svært fornøyd med Nicklas Bendtner (30) etter storseier mot Vålerenga.
6.
 «Enormt engasjement» for å finne savnede Truls Henrik Johansen (23)
Tre menn er siktet etter at Truls Henrik Johansen forsvant på havet utenfor Øksnes i Nordland 15. juni. Lokalbefolkning og letemannskaper gir ikke opp å finne ham.
7.
 Levanger: Alvorlig skadet og bevisstløs etter vold
Mannen er alvorlig skadet, men tilstanden beskrives som uavklart.
8.
 Erlandsen etter uavgjort mot FKH: - Må ha vært en artig kamp for publikum
HAUGESUND (VG) (Haugesund - Lillestrøm 2–2) To mål av Thomas Lehne Olsen var ikke nok til at Lillestrøm kunne juble for seier i Haugesund. Det er de gulkledde ikke gjort siden 1998.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse