Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
5.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
6.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
7.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
8.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
9.
 Mange vil rydda strender
10.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 2017 - rekordår for Mikkelparken
14.
 Meiner turisme trugar villreinen
15.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
16.
 Parkeringsavgift i Odda sentrum - ikkje øverst på ynskjelista
17.
 Har du ein etablerar i magen?
18.
 Debattklimaet har vorte for hardt
19.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
20.
 Nasjonalparken vil høyra di meining

Oppmodar fleire til å svara på Folkehelseundersøkinga
- Publisert 12. mai 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning_Foto_Hjerkinn Fjellstue og Fjellridning
Clik on image for large version
Illustrasjonsbilete

Korleis har du det og korleis ønskjer du at det skal vere i nærområdet ditt? Til no har kring 41% av dei totalt 70.000 inviterte til Folkehelseundersøkinga i Hordaland svara på slike spørsmål. 16.mai går svarfristen ut

Hordaland Fylkeskommune skriv på nettsidene sine at invitasjonane har kome på e-post og på sms frå Folkehelseinstituttet eller Helse Norge. Eit lite utval har i tillegg fått invitasjon til å delta via telefonintervju.

– Me syns at hordalendingane har vore flinke til å svara og vi er takknemlege for alle svara som har kome inn. Når det er sagt, så ynskjer me oss sjølvsagt endå fleire svar og spesielt frå dei unge som jo vert framtidas vaksne og eldre hordalendingar, seier Thomas Sevenius Nilsen, seniorrådgjevar og Folkehelseinstituttet sin prosjektleiar for undersøkinga.

Han syns også det er flott at hordalendingane er så flinke til å respondera digitalt ettersom dette er den første fylkesundersøkinga der både invitasjon og svar er digitale.

Saknar svar frå unge menn

I så måte skulle det også vera kort veg for dei unge mennene å svara, men svarprosenten til unge menn mellom 18-29 år ligg langt lågare enn for dei andre inviterte gruppene.

– Svarprosenten og fordelinga er nokså lik i heile fylket, men det er ein gjennomgåande tendens me gjerne skulle endra, og det er svarprosenten frå unge menn. Den er mykje lågare enn for dei andre gruppene, men me vil gjerne vita kva unge menn meiner. Dei må hugsa på at me i lag med kommunane bygger framtidas fylke og at forhold som påverkar folkehelsa nok kjem til å bli viktigare for dei etter kvart som dei vert eldre, seier Aina Haugsdal, prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune

Kva er folkehelse?

Ettersom folkehelseomgrepet er nokså nytt er det nokon som forvekslar ordet med helse, men det er ikkje eiga helse det er snakk om her. Folkehelse handlar om korleis det er der du bur, korleis det er å veksa opp der, korleis arbeidssituasjonen er, korleis du kjem til og frå jobb og korleis det er å eldast der du bur.
Er det til dømes nok nærbutikkar, kultur- og kollektivtilbod?

– Det er faktisk ein sosial ulikskap i helse, seier Aina Haugstad. Det er klåre samanhengar mellom kva for ressursar befolkninga har og kva for helse ho har. For å kunna setja i verk gode tiltak og riktige prioriteringar, treng me kunnskap og dokumentasjon. Det er målet med denne undersøkinga, seier Aina Haugstad.

No vonar ho at hordalendingane brukar dei siste dagane fram mot 16. mai til å svara, slik at både fylkeskommunen og kommunane kan legga endå betre til rette for god folkehelse i Hordaland.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Stortinget sier ja: Skal sjekke følgene av skolestart for seksåringene
Det er flertall på Stortinget for å evaluere skolestart for seksåringene – over 20 år etter at det ble innført.
2.
 NRK-kjendisene samles til fortsatt kamp
I dag har 1700 NRK-journalister vært i streik i en uke. Streikeviljen er fortsatt på topp og nå samles de streikende til møte i kulturkirken Jakob i Oslo. Etter møtet blir det stormønstring utenfor NRK-huset på Marienlyst.
3.
 Hareide: – Ble liggende to uker på gulvet
BLINDERN (VG) Åge Hareide (64) innrømmer at han var bekymret da ryggproblemene rammet han for alvor, da han ble liggende to uker på gulvet.
4.
 Se alle tilsynene restaurantsjefen får – nå skal Røe Isaksen rydde opp
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil uvesen til livs: – Landets bedrifter opplever at de har for mange vesen og tilsyn, som passer på dem. - Vi vil gjøre livet lettere for bedriftene, sier han.
5.
 30 år gammel drapsgåte kan være løst
Irsk politi har pågrepet to menn for drapet på Inga Maria Hauser (18), en tysk ryggsekkturist på reise i Nord-Irland i 1988.
6.
 Laveste fødselsoverskudd i Norge siden 1985
Færre fødsler og flere døde ga oss i årets tre første måneder det laveste fødselsoverskuddet i Norge på 33 år, men innvandringen sørger for befolkningsvekst.
7.
 Eliteseriens comeback-konger: – Er det krig så må man ta den
RANHEIM (VG) (Ranheim-Molde 3–1) For femte gang på elleve seriekamper kom Ranheim tilbake, og sikret poeng etter å ha ligget under.
8.
 Jan Bøhler om ny steinkasting mot natteravner på Stovner: – Politiet må bli bedre kjent med miljøet
I helgen opplevde natteravnene i bydel Stovner på ny steinkasting fra en ungdomsgjeng. Tirsdag begynte 10 nye politifolk som blant annet skal patruljere denne bydelen.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse