Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
5.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
6.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
7.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
8.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
9.
 Mange vil rydda strender
10.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 2017 - rekordår for Mikkelparken
14.
 Meiner turisme trugar villreinen
15.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
16.
 Parkeringsavgift i Odda sentrum - ikkje øverst på ynskjelista
17.
 Har du ein etablerar i magen?
18.
 Debattklimaet har vorte for hardt
19.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
20.
 Nasjonalparken vil høyra di meining

Klar for musikkfest i Hardanger
- Publisert 14. mai 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Hardanger Musikkfest
Clik on image for large version
Therese B. Ulvo og Tora Augestad. Bilete: Hardanger Musikkfest

16. til 21.mai er det Hardanger Musikkfest som pregar Hardanger - på tvers av kommunegrensene. Temaet i år er natur og endring og festivalen inneheld sjølvaste 17. mai med ei storslått grunnlovsfeiring i blømingstida

Programsekretær JK Flattun har hatt ein samtale med dei kunsteriske leiarane for festivalen, Therese B. Ulvo og Tora Augestad saman med styreleiar for festivalen, Alf Magnus Reistad.

- Det vert mellom anna store gallakonsertar i den store Fjordahallen i Kinsarvik, det er den største endringa i år, at det vert Fjordahallen, ikkje Hotel Ullensvang, fortel Augestad.

Reistad fortel om spesielle konsertarenaer. - Me går som sagt inn i nye arenaer mellom anna med konsertar i fleire private heimar.

- Me skal og ha ei utandørs sidervandring med tonefylgje, ellers er dei fleste konsertane innandørs i fantastiske rom. Me kjem til å bruka kyrkjene meir enn me har gjort før, fortel Augestad.

- For å fullføra det med utandørs arrangement, skal me ha ein utandørs 17.maifrukost på gjesteheimen på Lofthus dersom veret spelar på lag, legg Ulvo til.

-  Med musikk, legg dei to kunstneriske leiaren til, i kor.

Det vert og  kveldskonsert på sjølvaste 17.mai i Odda kyrkje. - Me har hatt god suksess med desse kveldskonsertane, så det har me lyst å halda på. I Odda vert det ein god time med vakker musikk og årets festivalforfattar, Thomas Espedal. 

Augestad fortel at Hardanger Musikkfest også har sin eigen festivalkunstnar. - Ein fantastisk smykkekunstnar frå Bergen, Anna Talbot, arbeida hennar ser me i plakatar, flyarar og program.

Festivalen har spreidd seg over store deler av Hardanger. - Me har konsertar heile vegen frå Kinsarvik, til Lofthus, Tyssedal, Odda, Eidfjord og Jondal, seier Ulvo. 

Ein headliner eller trekkplaster om ein vil, på festivalen, er Trondheimssolistane.  - Det er eit av dei fremste kammerorkestera i Europa. Dei skal opna Fjordahallen som konsertarena med Vivaldis Dei fire årstidene, med Marianne Thorsen som solist.

( Marianne Thorsen er norsk fiolinist som har budd  20 år i London, men flytta tilbake til Trondheim då ho vart tilsett som professor ved ved Institutt for musikk.)

Andre headlinarar som vert nemnde, er Håvard Gimse og Tuva Syvertsen (Valkyrien Allstars).

- Tuva er eit svært kjend namn for alle folkemusikkinteresserte, seier Augestad og legg til at skodespelaren Helge Jordal kjem attende. - Det vert stas.

Hardanger musikkfest er ikkje utelukkande klassisk fortel Reistad. - Therese og Tora tek i utgangspunktet sikte på at det skal vera klassisk musikk, men at andre sjangerar og kan koma med, men det skal vera god musikk. Dessutan er musikken slik i dag, at ein kan bevega seg meir fritt mellom sjangerar,

Reistad eksemplifiserer dette med arrangementet i "kraftkatedralen" i Tyssedal 20. mai som har fått tittelen Rumi Songs, med Trygve Seim sine prispåskjøna songar til persisk poesi, med Tora Augestad, Frode Haltli og Svante Henryson.

- Kan ein kalla det jazz? Er det verdsmusikk? Kva er det? spør Reistad. - Det viktigaste er at det er god musikk med ein kvalitet som festivalen er glad for å kunna presentera.

Komponisthytta til Edvard Grieg står framleis i Hotel Ullensvamg sin hage på Lofthus. - Me kjem til å ha Grieg på programmet, men like vitig er det å spela musikk som vert laga av norske komponistar i dag, seier Reistad.

Ein festival av Hardanger Musikkfest sitt kaliber skyv gjerne også litt på grensene. - Me skal ha fire urframføringar i år, fortel Augestad. - Nokre korte andre litt lengre, men kor grensesprengande dei er, veit me ikkje, for me har  ikkje høyrt dei endå.

Arrangørane synes det er spanande å styra ein festival som bevegar seg mellom det tradisjonelle og det nyskapande. - Det gamle er viktig, men også det nye fordi at med nye musikalske erfaringar, kan ein gjerne høyra noko ein kjenner frå før med nye øyrer.

Når det gjeld alder, er det eit langt spenn frå yngste til eldste. - Me har jo Alexander Aga Røynstrand, ein svært dyktig, ung spelemann som skal opptre i fleire ulike konstellasjonar under festivalen, og så har me på andre sida ringrevar som Helge Jordal, så det er eit stort spenn, seier Ulvo. 

Når det gjeld publikumsoppslutninga til Hardanger Musikkfest er den svært god ifylgje Reistad. - Ein må hugsa på at då Stig Nilsson starta musikkfesten, var det eksempelvis 10 festivalar, medan det no er tusenvis. Folk treng ikkje lenger reisa til ein festival, dei kan venta til den kjem forbi heimplassen. 

Av den grunn har det vore viktig for Hardanger Musikkfest å ha ein lokal profil, å få lokalbefolkninga til å ta del i festivalen og verta glad i den.

- Dét har vore svært vellukka dei siste åra, seier Reistad.

Hardanger Musikkfest vert lagt til pinsen årleg. - Det er fordi me ynskjer at folk skal få oppleva bløming og fantastisk musikk samtidig, seier Augestad.

Avslutningsvis oppmodar ho alle til å koma på dei storslåtte konsertane i Fjordahallen. - Der er det lagt ned mykje tid og pengar for å løfta denne fleirbrukshallen til nye høgder, så det vert spesielle opplevingar, både Vivaldi og Overraskingskonserten dagen etter.

 - Så eg vonar folk kjenner si besøkelsestid, seier kunstnerisk leiar Tora Augestad.

Les meir på Hardanger Musikkfest sine nettsider.



 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Stortinget sier ja: Skal sjekke følgene av skolestart for seksåringene
Det er flertall på Stortinget for å evaluere skolestart for seksåringene – over 20 år etter at det ble innført.
2.
 NRK-kjendisene samles til fortsatt kamp
I dag har 1700 NRK-journalister vært i streik i en uke. Streikeviljen er fortsatt på topp og nå samles de streikende til møte i kulturkirken Jakob i Oslo. Etter møtet blir det stormønstring utenfor NRK-huset på Marienlyst.
3.
 Hareide: – Ble liggende to uker på gulvet
BLINDERN (VG) Åge Hareide (64) innrømmer at han var bekymret da ryggproblemene rammet han for alvor, da han ble liggende to uker på gulvet.
4.
 Se alle tilsynene restaurantsjefen får – nå skal Røe Isaksen rydde opp
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil uvesen til livs: – Landets bedrifter opplever at de har for mange vesen og tilsyn, som passer på dem. - Vi vil gjøre livet lettere for bedriftene, sier han.
5.
 30 år gammel drapsgåte kan være løst
Irsk politi har pågrepet to menn for drapet på Inga Maria Hauser (18), en tysk ryggsekkturist på reise i Nord-Irland i 1988.
6.
 Laveste fødselsoverskudd i Norge siden 1985
Færre fødsler og flere døde ga oss i årets tre første måneder det laveste fødselsoverskuddet i Norge på 33 år, men innvandringen sørger for befolkningsvekst.
7.
 Eliteseriens comeback-konger: – Er det krig så må man ta den
RANHEIM (VG) (Ranheim-Molde 3–1) For femte gang på elleve seriekamper kom Ranheim tilbake, og sikret poeng etter å ha ligget under.
8.
 Jan Bøhler om ny steinkasting mot natteravner på Stovner: – Politiet må bli bedre kjent med miljøet
I helgen opplevde natteravnene i bydel Stovner på ny steinkasting fra en ungdomsgjeng. Tirsdag begynte 10 nye politifolk som blant annet skal patruljere denne bydelen.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse