Mest leste :
1.
 Trur på positivt utfall for akuttkirurgien i Odda
2.
 Startar nynorsk bokklubb
3.
 Countrystjerne legg Europaturneen innom Odda
4.
 Eit distriktsfiendtleg vedtak som har gått under radaren
5.
 3.mai - Verdens Pressefrihetsdag
6.
 - No kokar det i alle kanalar
7.
 Har henlagt Jantelova
8.
 Spanande sesongopning på Hardanger Folkemuseum
9.
 Krav om redusert utslipp til luft i verdsarvfjordane
10.
 Klar for NM
11.
 Demonstrasjonstoget som vart eit jubeltog
12.
 Klart for Jernrosa
13.
 Monica Nordli og Steinar Albrigtsen til Herand
14.
 Følg med på pollensvarslinga
15.
 Sjukdom oppdaga i eit oppdrettsanlegg i Kvinnherad
16.
 Den internasjonale ME - dagen
17.
 Travel laurdag på Iris Scene
18.
 Dei irske vikingane spelar opp igjen
19.
 Trea i Eidfjord har fått strikketøyet på
20.
 Solidaritet heime og ute

Industritillittsvalde bed Støre revurdera kraftkabelprosjekt
- Publisert 4. april 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Søral   Husnes.JPG
Clik on image for large version
Hydro Husnes. Bilete: Ivar Nistad

Industri­tillitsvalde, mellom dei Ørjan Normann ved Hydro Husnes, sår tvil om den samfunnsøkonomiske lønsemda til den nye kraftkabelen til England. Dei ber Ap vurdera prosjektet på nytt, fortel Klassekampen

I 2021 skal etter planen Statnett sin nye kraftkabel til England koma i drift. Fagforbundet Industri Energi sine klubbar ved 17 fabrikkar i den kraftkrevjande industrien har gått saman om eit brev til Arbeidarpartiet sin leiar Jonas Gahr Støre, der dei bed om ei ny vurdering av om prosjektet er samfunnsøkonomisk lønsamt.

Kabelen vil føra til høgare straumprisar og kan dermed trua norsk kraftforedlande industri. Ifylgje industriarbeidarane vil ikkje prosjektet løna seg for Noreg som heilskap, mellom anna fordi krafteksporten vil gå på bekostning av norsk gassproduksjon.

– Vasskrafta er ein del av arvesølvet vårt, og då synes me det er nesten utruleg at me ikkje skal bruka dette til å vidareutvikla vår industri, seier Ørjan Normann, tillitsvald på Hydro Husnes.

– Som nasjon får me meir igjen i form av arbeidsplassar og inntekter ved å foredla krafta i Noreg heller enn å senda den ut av landet.

Tidlegare i månaden sende Industri Energi eit brev til Riksrevisjonen der dei bed om gransking av kabelprosjektet. Ifylgje fagforbundet har ikkje Statnett i sin konsesjonssøknad teke med viktige faktorar i vurderinga av om prosjektet er samfunnsøkonomisk lønsamt. Det gjeld mellom anna vurderinga av om aukt krafteksport vil føra til mindre gasseksport og dermed eit tap for Noreg, kva for konsekvensar høgare kraftprisar vil ha for anna norsk næringsliv, og kva for klimaeffektar det vil få om norsk kraftkrevjande industri må leggast ned.

I tillegg hevdar Industri Energi at lønsemdskravet på 4 prosent ikkje er tilstrekkeleg for eit slikt prosjekt.

Christer Gilje, kommunikasjonssjef i Statnett, fortel at det i konsesjonssøknaden vart laga ein samfunnsøkonomisk berekning på ordinær måte. Arbeidet med det nye prosjektet er godt i gong, og brorparten av kontraktane med leverandørar er signert.

Normann i Industri Energi nektar likevel å gje opp:

– Me må få på plass ei ordentleg konsekvensutgreiing. Tapet ei bedrift får fordi eit prosjekt må stoppast, er mindre enn det samfunnet og nasjonen kan komma til å tapa på lang sikt om kabelen vert bygd. Det bør vera i alle si interesse å få belyst om vurderingane som har vorte gjort av prosjektet, er riktige.

Industriaktivistane har fått støtte for kravet sitt om ein ny gjennomgang på årsmøta til Arbeidarpartiet sitt fylkeslag i Hordaland, Sør-Trøndelag og Møre- og Romsdal. Nordland Ap vedtok også å gå imot å bygga fleire utanlandskablar på generelt grunnlag.

Med mindre Industri Energi skulle klara å kutta den nye kabelen til England, vert neste kabelkamp i praksis om den private kabelen NorthConnect til Skottland. Regjeringa har opna for at private selskap og kan bygga slike kablar, og selskapet har varsla at det snart vil søka om konsesjon og vonar på å få den ferdigstilt til 2022.

Norges vassdrags- og energi­direktorat anslår at dei nye utanlandskablane isolert sett vil føra til ein prisauke på to øre. I tillegg må investeringskostnadene dekkast inn i form av aukt nettleige.

I striden om kraftkablar står den kraftkrevjande industrien, som ynskjer lavast mogeleg prisar, mot kraftbransjen, som har interesse av høgare prisar. Fagforeiningane er tilsvarende delt, og medan Industri Energi slåss mot kablar, støtter EL og IT Forbundet kraftutbygging. Ifylgje LO-forbundet vil høgare kraftutveksling gjera det mogeleg å satsa meir på fornybar energi med ujevn produksjon.

Klassekampen skriv at dei ikkje lukkast med å få ein kommentar fra Jonas Gahr Støre i går.

Industri Energi  skriv på sine nettsider at helie smelteverksindustrien med rundt 12.000 arbeidsplasser står i fare om Englandskabelen vert bygd.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Nato-splid etter Trumps tordentale
«Sjokkerende», «bevisst fornærmende» og «barnslig»: Kritikken hagler i alle retninger etter Trumps begivenhetsrike døgn i Brussel.
2.
 Tillitsvalgt slutter i TV 2 - vil redde jobben til en av de oppsagte kollegaene
Sportsjournalist og tillitsvalgt i TV 2, Geir Økland inngikk nylig en sluttavtale med TV 2. Nå forventer han at det kan redde jobben til en av kollegene som må slutte.
3.
 Bekymring etter flere selvmord og selvmordsforsøk på Lillehammer
De to siste ukene har det vært tre tilfeller av selvmord blant unge i Lillehammer-området. Kommunen har etablert kriseteam.
4.
 Chris Cornell begraves nå
Brad Pitt, Pharrell Williams og en lang rekke kjente rockemusikere er blant de fremmøte når Chris Cornell bisettes i en privat og lukket sermoni i Hollywood Forever Cemetery fredag.
5.
 Nye «Baywatch» får totalslakt
Filmanmelderne er nådeløse etter å ha sett filmversjonen av TV-serien.
6.
 AP: Slektning mener Manchester-terroristen hadde hevnmotiv
Salman Abedi (22) skal ha vært ute etter hevn for angrep mot muslimer og for at en venn av ham ble drept i Manchester, skriver nyhetsbyrået AP.
7.
 Sjelden tragedie på Jarlsberg: Hest kolliderte med port og døde
Den syv år gamle travhesten Hovhaaga spiddet seg selv og døde under travløpene på Jarlsberg fredag kveld.
8.
 Glemte håndbrekket, bilen fikk seg en dukkert
Stian Magnussen (35) glemte å dra til håndbrekket. Da fikk bilen seg en svømmetur.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse