Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
5.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
6.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
7.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
8.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
9.
 Mange vil rydda strender
10.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 2017 - rekordår for Mikkelparken
14.
 Meiner turisme trugar villreinen
15.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
16.
 Parkeringsavgift i Odda sentrum - ikkje øverst på ynskjelista
17.
 Har du ein etablerar i magen?
18.
 Debattklimaet har vorte for hardt
19.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
20.
 Nasjonalparken vil høyra di meining

Parkeringsavgift i Odda sentrum - ikkje øverst på ynskjelista
- Publisert 23. april 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Inge Legreid.JPG
Clik on image for large version
Inge Lægreid. Bilete: Tone Mannsåker

Leiaren i Odda by, Inge Lægreid, er ikkje direkte overbegeistra over Odda kommunestyre sitt vedtak om å oppretta parkeringsselskap. - Dei største konkurrentane våre, kjøpesentera på Husnes og Voss og i Haugesund, har alle gratis parkering, seier han

I samtale med programsekretær JK Flattun seier han at handelsstanden i Odda slett ikkje ynskjer dette vedtaket velkomen.

- Eg trur ikkje parkeringsavgift er noko ynskje for lokalbefolkninga heller, det ser me av alle innspela som har hagla inn på sosiale medier etter at dette vedtaket var gjort.

Lægreid fortel at nede i sentrum av Odda har det vorte færre parkeringsplassar dei seinare åra.Han vil gjerne ha fleire, men meiner at parkeringsavgift ikkje er rett veg å gå for å skaffa midler.

- Alle etablerarar som bygger om og den slags i sentrum, har  betalt inn til eit parkeringsfond, så der burde det vera ein god slump med pengar til å utvikla fleire parkeringsplassar både i sentrum og på Smelteverkstomta.

- Eg trudde jo ellers at kommunen ynskte omsetjing og drift i sentrum slik at ein fekk fleire arbeidsplassar og aukt skatteinngang, heller enn å skremma folk vekk.

- Me i Odda by hatt ein haug med innspel i høve til det at det bør vera gratis parkering i sentrum, ein time, to timar eller tre timar i høve til kor parkeringsplassane er. Det burde og vera ein stor, gratis parkeringsplass for dei som jobbar i sentrum.

Lægreid spissformulerer ein smule og seier at han tvilar på om lokalpolitikarane verkjeleg ynskjer at det skal vera aktivitet i Odda sentrum.- Folketalet har gått nedover, arbeidsplassar forsvinn, så me treng vel heller hjelp til å halda på omsetjinga heller enn at det vert mindre omsetjing og misnøye i tillegg.

Odda by har ikkje fått nokon offentleg invitasjon til å uttala seg i denne saka ifylgje leiaren i Odda by. - I styret til Parkeringsselskapet skal det etter det eg har sett av vedtektene, også sitta ein representant for Handlestanden (Odda by), me har heller ikkje fått offentleg spørsmål om det, så me meiner at det er mykje som heng i lufta når det gjeld dette prosjektet. 

At eit parkeringsselskap vil gje aukte inntekter til kommunen, har Lægreid inga tru på. Han fortel at kommunen har budsjettert med overskot frå parkeringsavgifta, noko han finn lite sannsynleg.

 - Her skal det investerast i ein haug med automatar og det skal tilsetjast folk. Og sidan det skal parkerast kun i oppmerka felt, så må det og malast i sentrum og der det ellers er aktuelt, så kor mange år det vil gå før dette går i pluss, er eg verkeleg usikker på.

Lægreid er usikker på mange andre ting vedrørande parkeringsselskapet og . - Kva med offentleg transport ? Kva seier fylket, mellom anna om dette at ein skal jobba for eit bilfritt sentrum?
Slik me i styret i Odda by vurderer det, er det mykje som er uvisst.

Han meiner at innføring av parkeringsavgift i Skjeggedal skiljer seg frå  å ha eit avgiftsbelagt Odda sentrum. - I Skjeggedal utviklar ein ein turistdestinasjon, det er noko heilt anna enn ha parkeringsavgift der lokalbefolkninga og turistar skal gjera innkjøp.

Å finna nye parkeringsløysingar både for dei som jobbar i sentrum og dei som skal handla, er noko Odda by ifylgje Lægreid gjerne vil vera med på å diskutera.

- Men det med avgiftsparkering trur eg ikkje er det beste for næringsdrivande i sentrum. Me har nok utfordringar om ikkje me skal ha parkeringsavgift på toppen. Det vil slett ikkje stimulera til meir aktivitet i sentrum.

Leiaren i Odda by, Inge Lægreid, ventar no på offisiell invitasjon til å utpeika ein person i sitt styre, som representant i parkeringsselskapet sitt styre.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Stortinget sier ja: Skal sjekke følgene av skolestart for seksåringene
Det er flertall på Stortinget for å evaluere skolestart for seksåringene – over 20 år etter at det ble innført.
2.
 NRK-kjendisene samles til fortsatt kamp
I dag har 1700 NRK-journalister vært i streik i en uke. Streikeviljen er fortsatt på topp og nå samles de streikende til møte i kulturkirken Jakob i Oslo. Etter møtet blir det stormønstring utenfor NRK-huset på Marienlyst.
3.
 Hareide: – Ble liggende to uker på gulvet
BLINDERN (VG) Åge Hareide (64) innrømmer at han var bekymret da ryggproblemene rammet han for alvor, da han ble liggende to uker på gulvet.
4.
 Se alle tilsynene restaurantsjefen får – nå skal Røe Isaksen rydde opp
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil uvesen til livs: – Landets bedrifter opplever at de har for mange vesen og tilsyn, som passer på dem. - Vi vil gjøre livet lettere for bedriftene, sier han.
5.
 30 år gammel drapsgåte kan være løst
Irsk politi har pågrepet to menn for drapet på Inga Maria Hauser (18), en tysk ryggsekkturist på reise i Nord-Irland i 1988.
6.
 Laveste fødselsoverskudd i Norge siden 1985
Færre fødsler og flere døde ga oss i årets tre første måneder det laveste fødselsoverskuddet i Norge på 33 år, men innvandringen sørger for befolkningsvekst.
7.
 Eliteseriens comeback-konger: – Er det krig så må man ta den
RANHEIM (VG) (Ranheim-Molde 3–1) For femte gang på elleve seriekamper kom Ranheim tilbake, og sikret poeng etter å ha ligget under.
8.
 Jan Bøhler om ny steinkasting mot natteravner på Stovner: – Politiet må bli bedre kjent med miljøet
I helgen opplevde natteravnene i bydel Stovner på ny steinkasting fra en ungdomsgjeng. Tirsdag begynte 10 nye politifolk som blant annet skal patruljere denne bydelen.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse