Mest leste :
1.
 Flatebø i finalen
2.
 Eidfjord "fullbooka"
3.
 Universitet heilt utan pensum og eksamen
4.
 Me må skryta mykje meir
5.
 Vil ha færre lam neste år
6.
 40% auke for cruisetrafikken i Hardangerfjorden
7.
 Haustfest med Sandra Lyng
8.
 Styrkar omsynet til hule eiketre
9.
 Teknobonden investerer i maskiner
10.
 Samanslåinga av dei to vestlandsfylka i gong
11.
 Godt resultat for Tysnes Sparebank
12.
 Kulturelt utviklingsprogram - tildeling 2017
13.
 Teikning og skulptur i Galleri G. Guddal
14.
 Olaug Nilssen nominert til Brageprisen
15.
 Folkemusikkstipend til Berit Opheim
16.
 Kjempemotivert regnbogeallianse
17.
 Trafikklysa er "aktiverte", men Villaksalliansen er ikkje nøgd
18.
 På ski over Hardangervidda i årets mørkaste natt
19.
 Eldre dame som får god oppvarting
20.
 Seks ordførarar krev at politikarane held valløfta sine

Me må skryta mykje meir
- Publisert 25. oktober 2017 av Mannsåker, Tone Marie
sandven_solfjordview1_430[1]
Clik on image for large version
Thon Hotel Norheimsund. Arkivbilete

Dagleg leiar i Hardangerrådet, Jostein Eitrheim, seier det vert eit tema på Hardangerkonferansen i november, å drøfta korleis spreia bodskapet om at i Hardanger er det godt å leva. Fleire interessante innleiarar kjem med sine bidrag

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel Eitrheim at "Flytt til Haranger" - prosjektet som no er avslutta, hadde god effekt, det vart auka tilflytting.

- Prosjektet var ein kickstart for å få snudd folketalsutviklinga, men dette arbeidet må ein halda på med heile tida, og me må læra oss skryta mykje meir av kvalitetane ved å bu i ein region som vår, og få det ut til potensielle nye hardingar.

Eitrheim seier at han får signal som tyder på at det er ein godt bevart løyndom for mange, at det er godt å bu i Hardanger. - Mange har ikkje peiling på kor nær me er Bergen til dømes, frå somme av Hardangerkommunane er det ganske kort veg til Bergen, så det går godt an å bu i Hardanger og arbeida utanfor.

På konferansen få ein og presentert resultatet av pendlarundersøkinga i regi av Hardangerrådet. - Det er faktisk ein heil del som vekependlar, og me ynskjer å vita litt meir om kvifor dei vel å gjera det.

Ifylgje Eitrheim arbeider ein no først og fremst  med å få fram at Hardanger er ein god region å bu i. - Så får arbeidsplassar koma etter det, for det er ikkje noko absolutt avhengigheit mellom det å bu i Hardanger og det å jobba i Hardanger.

Innleiarane på konferansen har fleire innfallsvinklar. Øyvind Johannesen er leiar i Vesbo som er ein stor aktør på bustadbygging på Vestlandet og fortel om det.  Harald Scheldrup, byrådsleiar i Bergen, vil snakka om veksten i Bergen og korleis den kan ha ringverknader for Hardanger og korleis utviklinga i Hardanger kan virka inn for Bergen.

- Me har og ein reiselivsdel, fortel Eitrheim. - Det vert eit stort prosjekt for oss framover å arbeida for å auka vinterturismen og der har me fått med oss to innleiarar frå Nord Noreg på konferansen, leiaren i XXL Lofoten og direktøren ved Thon Hotel Lofoten som fortel korleis dei har jobba.

Det er mange tomme hotellsenger i Hardanger vinterstid, heilårsturismen er ikkje fått fotfeste. - Me er svært opptekne av arbeidsplassar i reiselivet, at dei skal verta heilårlege, seier Eitrheim. - Det er det som skaper vekst og berekraft på langt sikt.

Konferansen har og ein bolk som heiter "Kapital og kompetanse som føresetnad for vekst".

- Der har me fått med oss Victor Norman som skal legga ut om korleis han ville gått fram dersom han var utviklingsminister i Hardanger. Påtroppande adm dir ved Tizir, Per Øyvind Sævartveit,  har og eit innlegg om kva han trur om framtida til industrien i Hardanger.

I tillegg får dei tilstadeverande høyra suksesshistoriane til Dale og Janus fabrikkar.

- Eg vonar mange melder seg på, seier Eitrheim. - Det er plass til 110 - 130 på Thon Hotel Norheimsund og eg vonar me fyller opp.

Hardangerkonferansen går 15. og 16.november.
Les meir på hardanger.com.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Studie: Menn distraheres lettere i trafikken enn kvinner
Kjønn og personlighetstype avgjør ifølge en fersk studie hvor lett du blir distrahert mens de kjører bil.
2.
 Dette er Statoils nye gigantprosjekt i Nordsjøen
DUDGEON VINDPARK I NORDSJØEN (VG) Onsdag tok oljegiganten Statoil et stort steg inn i vinden. VG ble med til havs.
3.
 Basel straffet Manchester United i Zlatans Champions League-comeback
(Basel – Manchester United 1–0) Mohamed Elyounoussis (23) Basel skjøt seg opp på andreplass i gruppen da de straffet et sjansesløsende Manchester United.
4.
 TA: Kari Grønnestads datter tilstår likskjending
Kari Grønnestad ble funnet drept i et hundebur i Skienselva i 2015. Nå erkjenner datteren straffskyld for likskjending, melder Telemarksavisa.
5.
 Messi startet på benken – Barcelona videre etter tamt storoppgjør
(Juventus-Barcelona 0-0) Uten å imponere nevneverdig, tok Barcelona det ene poenget de trengte for å ta seg videre i Champions League.
6.
 Reagerer kraftig på Sandbergs ørefik-utspill: – Utrolige uttalelser
En god gammeldags ørefik er noe de aller fleste mannfolk forstår, sa Frp-Sandberg om å svare på seksuell trakassering. – Bare trist, sier LO-nestleder Peggy Hessen Følsvik om kommentarene.
7.
 Pakk vekk pisken, Hetland!
Det er en latterlig overreaksjon å kalle Petter Northugs instagram-post for et «grovt overtramp». De mulige følgene av ledelsens linje, er bare til å grine av.
8.
 Nikolai Astrup (H) om lærernorm: – Ikke vår modell
KrF og Venstre jubler over blant annet lærernorm og flere kvoteflyktninger. – Viktig test for borgerlig samarbeid, sier Venstres Terje Breivik om budsjettenigheten.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse