Mest leste :
1.
 Nettradioen er oppe og går igjen
2.
 Myrkdalen Fjellandsby veks
3.
 Felles løft for gleda ved å synga
4.
 Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet
5.
 MS Lindenes på farten
6.
 St. Olav til Ottar Grepstad
7.
 Formidlar lokal kulturarv til førskuleborn i Hardanger og på Voss
8.
 30 millioner til leselyst i Bokåret 2019
9.
 Sju nye reisemål har fått merket for bærekraftig reisemål
10.
 Vil redusera klimagassutslipp frå avskoging i Noreg
11.
 Daniel på femte plass i NM - opninga
12.
 Rekordstor påmelding til Open Gard i jubileumsåret
13.
 2,35 millionar kroner til kultur i Hordaland
14.
 Den gode sommarkjensla er på plass
15.
 Forbod mot all bruk av eld utandørs i Odda og Ullensvang
16.
 NRK oppfyller ikkje nynorskkrava
17.
 Skandinavisk Tivolipark kjem attende
18.
 Fare for angrep av rognebærmøll i 2018
19.
 Klar for stolpejakt igjen
20.
 Ny strategi for økologisk produksjon

Ein attraktiv innfallsport til Folgefonnhalvøya
- Publisert 22. mai 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Folgefonnsenteret
Clik on image for large version
Bilete: Folgefonnsenteret

25.mai startar sommarsesongen ved Folgefonnsenteret og då er det ope for publikum kvar einaste dag

Dagleg leiar Ivar Baste fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at dei er så heldige å ha to stillingar lokalisert til senteret heile året. - Derfor har me hatt aktivitet og gjester gjennom mesteparten av året, men no står altså sommarsesongen for døra og eg er spent på korleis besøkstala vert.

På Folgefonnsenteret arbeider ein med utstillingar heile året, men nytt av året er noko litt anna. - Me får inn to virtual reality - kikkertar, frå produsenten Gagarin på Island. Med dei kan ein sjå inn i nasjonalparken og få kunnskap om planter og dyreliv. 

Folgefonnsenteret er ikkje heilt fullfinansiert, økonomi er per dags dato ikkje noko stort problem. - Så seint som på mandag fekk me 1,7 millionar kroner frå Miljødirektoratet til fullfinansiering og vidare utvikling av nasjonalparkdelen av utstillinga, og nokre veker før det, fekk me 1,5 millionar kroner av Universitetet i Bergen, Bjartnessenteret, til klima og isbredelen.

Dei manglar riktignok ein del pengar til fullfinansiering av utstillinga, men Baste fortel at dei 11 millionar kronene som kommunen har løyvd, har utløsyt private, fylkeskommunale og statlege pengar både til bygg og utstillingar på rundt 35 millionar kroner. - Så det må ein vel kunna kalla ei vel andvendt investering, seier han.

Når det gjeld besøkstala i fjor fortel Baste at dei hadde litt vel høge forventningar i 2017. - Me trudde me kunne koma opp 15.000 besøkande, det nådde me ikkje. Talet var rundt 6500 betalande, men inni senteret som er innfallsporten til heile Folgefonnhalvøya, var det 27.000 menneske på besøk, og det er jo bra.

Ifylgje Baste får senteret gode tilbakemeldingar på Trip advisor og liknande. - Eg trur me har festa oss som eit senter med godt rykte og vonar at det spreier seg, samtidig som me må vera forsiktige med pengebruken, for det kostar å driva eit senter av denne typen. 

I år har Folgefonnsenteret fått marknadsført seg litt betre. - Me har og eit samarbeid med andre i reiselivet og er ein del av litt andre pakkar, seier Baste. 

I sommar får Rosendal ein god del cruiseanløp og han vonar dét kan slå meir ut på besøkstala til senteret enn det har gjort tidlegare år. - Det er nesten ei tidobling av cruiseanløpa, det har me for så vidt allereie sett effekten av.

Baste vonar at eit besøk på Folgefonnsenteret skal verta ein del av ei heilskapleg oppleving av Folgefonnhalvøya. - Me kan nok verta endå betre på samarbeid med andre på tvers av Folgefonnhalvøya, for samarbeid er noko av løyndomen med å selgja Folgefonnhalvøya inn som eit godt turistmål.

Folgefonnsenteret har eit samarbeid med Norsk Vasskraft og Industristadmuseum i Tysserdal. - Og det hadde vore kjekt å få til endå meir av den typen samarbeid på tvers av kommunegrensene. Der ligg det eit godt potensiale, seier Baste.

Baste merkar og at naturopplevingar er høgt verdsett av turistar. - Me ser det at når folk har vore inne på senteret, vil dei fort ut att for å oppleva naturen. Me har jo så mykje å by på, mange vil til dømes oppleva Steinparken eller Baroniet, andre vil ein tur på breen eller Trolltunga - ikkje minst. 

Baste ynskjer å gjera Folgefonnsenteret til ein attraktivt innfallsport. - Der ein og kan få god informasjon om det som skjer med breen no i klimaendringa si tid, om kva som er så unikt med naturen rundt Folgefonnhalvøya og om kva som skjer med fjorden og den utfordringa det er å forvalta den på ein god måte. 

- Fleirtalet av forskarane på kloden er einige om klimaendringane me opplever, er menneskeskapte og at me går inn i ein våtare og varmare vertype. Det er og noko me kan gje god informasjon om på Folgefonnsenteret, seier dagleg leiar Ivar Baste





 



 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Morgenoppdatering 25.06.18
Dette er det viktigste som skjedde mens du sov.
2.
 Jonas Hoff Oftebro kom inn på Teaterhøgskolen: – Endelig!
Jonas Hoff Oftebro (22) har for lengst vist at han ønsker å følge i skuespillerfotsporene til foreldrene og storebroren. Nå har han også kommet gjennom det trange nåløyet til Teaterhøgskolen.
3.
 Full borgerkrig i Giskes bakland
Mindre enn et halvt år etter at de to trønderfylkene slo seg sammen, utkjempes det som internt ses som en ødeleggende politisk borgerkrig i det nye Trøndelag Ap. Midt på slagmarken står avgått nestleder Trond Giske (51).
4.
 Kripos bekymret over økning i nettrelaterte voldtekter: – En gjerningsperson kan nå ut til veldig mange
Kripos er bekymret for økningen i voldtekt på nett. I 2017 sto ti personer bak 1195 overgrep på nett, viser en ny rapport. Mange av ofrene er barn.
5.
 EUs dype krise
Flyktningkrisen truer samholdet i EU. Lite tyder på at denne ukens EU-toppmøte vil lykkes.
6.
 Trump med nytt forslag: Vil deportere immigranter umiddelbart uten å gå gjennom rettssystemet
UCLA-sjef mener på sin side at den amerikanske presidentens Twitter-forslag er ulovlig.
7.
 SU går inn for avkriminalisering av narkotika
Sosialistisk Ungdom (SU) vedtok søndag kveld å gå inn for avkriminalisering og utredning av legalisering av narkotika.
8.
 Johnny Depp: – Jeg var så langt nede som det var mulig å komme
Det sier filmstjernen i et lengre intervju med Rolling Stone om tiden da ekteskapet sprakk i 2016 og han fikk store økonomiske problemer i tillegg.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse