Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
5.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
6.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
7.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
8.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
9.
 Mange vil rydda strender
10.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 2017 - rekordår for Mikkelparken
14.
 Meiner turisme trugar villreinen
15.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
16.
 Parkeringsavgift i Odda sentrum - ikkje øverst på ynskjelista
17.
 Har du ein etablerar i magen?
18.
 Debattklimaet har vorte for hardt
19.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
20.
 Nasjonalparken vil høyra di meining

Ny utstilling og sesongopning på NVIM
- Publisert 31. mai 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Kraftstasjonen.JPG
Clik on image for large version
Arkivbilete

Laurdag er det sesongopning ved Norsk vasskraft og industristadmuseum i Tyssedal. Den nye utstillinga heiter "Vegen til Trolltunga", på engelsk - The old trail to Trolltunga

Gro Tyssedalstveit Kollbotn fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at den rett og slett handlar om reiselivshistoria i Hardanger.

- Me har jo ein veldig vekst i turismen i Hardanger og det er jo takka vera den vesle steinen oppi Skjeggedalsfjellet. Me tenkte at no må me ta grep og gjera noko, for stor turisme har me jo hatt før i tida og, turisme har me faktisk hatt heilt sidan 1830 - talet då turistane oppdaga Odde (no Odda) i Hardanger. Så me har ei rik reiselivshistorie her i Indre Hardanger.

Kollbotn fortel at sjølve Trolltunga kan ein knapt sjå når ein står nede ved Ringedalsvatnet. - Det var Tyssestrengane, det høgaste fossefallet i Europa eller Ringedalsfossen som den vart  kalla, som var attraksjonen for turistane på keisar Wilhelm si tid og han har vore i Skjeggedal.

Mellom kuriositetane på utstillinga, er keisar Wilhelm sitt private, økologiske toalett. - Hotelleigr Tollefsen, på Hotel Hardanger, ville at keisaren skulle ha eit standsmessig avtrede og komfort når han var på besøk, så han kjøpte inn eit spesialtoalett - The Imperial Toilet, fortel Kollbotn.

På utstillinga er det og mange gamle foto, filmsnuttar, litteratur, reiselivsskildringar frå 150 år attende og det Kollbotn kallar ein romantisk lounge. - I det heile veldig mykje artig å sjå i dei nye utstillingslokala.

Leiaren for Reisemål Hardangerfjord, Hans Jørgen Andersen, skal stå for den offisielle opninga laurdag. - Og så skal Amy Henricson, leiar ved Odda Turistkontor og Knut Markhus, direktør ved NVIM, halda kåseri om reiselivshistoria i Hardanger.

Folketeljing og hotellprotokollar viser at turiststraumen gjekk kraftig ned etter at Odda vart industrialisert og Odda Smelteverk var i gong i 1908. - Det var på grunn av industrien at fossane i Tyssedal vart selde i 1924 og, det var jo ingen turistar som gikk opp dit lenger då, så det er godt å sjå at kurva er på god veg opp att no med Trolltungaturismen, seier Kollbotn. - Det vert og spanande å sjå om mange turistar finn vegen til museet for å sjå på utstillinga som og er teksta på engelsk.

I 1904 var det 11 hotell i Odda, så ein skulle tru bygda var godt rusta til ta imot turistar, men det stemmer ikkje heilt. - Mange av dei som kom, skreiv skildringar om turopplevelsane sine, i dag ville dei ha vorte kalla bloggar, og det mange av dei skreiv, var at det var ingen stad i verda det så vanskeleg å få hotellrom som i Odda.

Utstillinga har bilete som Knud Knudsen har teke på Skysstasjonen på Almerket, der hest og kjerre stod på rekke og rad for å frakta turistar til Låtefoss og Buerbreen - som i tillegg til Tyssestrengeane var attraksjonane den gong.

- Det var sju timars køyretur til Låtefoss og seks timar til Buer, fortel Kollbotn.

Frå laurdag er NVIM ope kvar dag. - Dessverre er det slik at me ligg litt bortgøymde her nede på kaien i Tyssedal, folk må vita om oss for å finna oss,men me merkar jo litt av Trolltungaeffekten då.

Dagen etter sesongopninga, sundag, er det konsert med Det norske solistkor i kraftstasjonen som ein del av Hardanger Musikkfest.


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Migrapolis-profil sparket etter 19 år i NRK grunnet manglende kompetanse: – Dette er en farse
– De hadde bestemt på forhånd at de ville bli kvitt meg, sier NRK-journalist Rajan Chelliah. NRKs fagforening mener saken går rett inn i kjernen av hvorfor de NRK- ansatte streiker.
2.
 Passproblemer
Nordmenn som ennå ikke har søkt om fornyelse av utgått pass, eller som trenger et nytt, kan risikere at sommerens utenlandstur går i vasken.
3.
 Dårlig nytt for Trump-advokat: «Taxi-kongen» vil samarbeide med myndighetene
Michael Cohens forretningspartner Evgeny Freidman skal ha gått med på å hjelpe myndighetene for å slippe fengselsstraff.
4.
 Person knivstukket i Oslo
Politiet i Oslo leter etter to personer etter at en person ble knivstukket i Oslo sentrum natt til onsdag.
5.
 Mann til sykehus etter eksplosjon i varmeanlegg i Oslo
En mann er kjørt til sykehus med moderate skader etter at en eksplosjon gikk av i et varmeanlegg på Haugerud i Oslo.
6.
 Smittsom hjernehinnebetennelse påvist hos russ i Sandnes
En russ fra Sandnes ble mandag innlagt på sykehus med smittsom hjernehinnebetennelse. Personer vedkommende har utvekslet spytt med, har fått antibiotikum.
7.
 NRK-journalist tatoverte en «Streikepanda» på leggen
NRK-streiken fortsetter for fullt, og ivrige streikere samler seg over hele landet for å kjempe for blant annet høyere lønn og likebehandling av midlertidig ansatte. Noen journalister er imidlertid ivrigere enn andre.
8.
 Syk øksedrapsmann utskrevet mot sin vilje: – Ble feilbehandlet
BERGEN / OSLO (VG) Om lag tre uker før bergensmannen ringte politiet og sa han hadde drept sin mor med øks, ble han utskrevet fra psykiatrisk institusjon mot sin vilje. Han gjentok på institusjonen at han kom til å skade mennesker.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse