Mest leste :
1.
 Klar for den 21. Blueshelga lokst utøve
2.
 Mat langs vegen i Eidfjord
3.
 Dei viktige vegvala
4.
 Skogen i Noreg veks
5.
 På Rullestad Aktiv blir turistane verande etter at Trolltunga er i boks
6.
 Gler seg til å opna dørene
7.
 Skal balansera bruk og vern av Hardangervidda
8.
 UDI kuttar 17 asylmottak og 1.600 plassar
9.
 Mykje nedbør gir mindre lakselus i fjordane
10.
 Americana med "Ni Liv" på Saloonen
11.
 Daniel Holten må sanka poeng
12.
 Ytterlegare 5 millionar kroner til Musikkorpsenes år 2018
13.
 1,3 milliardar kroner til samanslåingskommuner
14.
 Livleg laurdag i Odda sentrum
15.
 Ettermiddagskonsert på Iris Scene
16.
 Oppmodar alle til å bruka røysteretten
17.
 Vil ikkje ha kommunal turistskatt
18.
 Oddalansering av "Ta hand om deg"
19.
 Ikkje utbygging i Øystesevassdraget
20.
 Rekordlavt antal ROBEK-kommunar i 2017

Nordmenn flest framleis skeptiske til å måtta betala for redaksjonelt innhald på nett
- Publisert 23. juni 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Språkrådet
Clik on image for large version
Illustrasjonsbilete

Klassekampen fortel at for første gong synk annonse­inntektene til norske­ aviser på nett. No sår ei ny Medietilsynets nyaste rapport tvil om digitale brukarinntekter kan redda mediebransjen. Den viser at 220 avishus har tapt 2,7 milliardar i inntekter dei siste fem åra

I fjor hadde Facebook og Google like store annonseinntekter som alle norske avishus til saman.

Dei samla inntektene frå abonnement for avisene, har vore relativt stabil, takka vera aukte prisar på papiravisa og ein markant vekst i digital brukarbetaling, men framleis står papiravisa for 89 prosent av avishusa sine samla inntekter, ifylgje Medietilsynet.

Det siste året har Amedia, Schibsted og andre mediekonsern meldt om solid vekst i reine digitale abonnement eller brukarinntekter. Men medieforskar Ragnhild Kr. Olsen ved Handelshøyskolen BI heller kaldt vatn i årene på dei som trur dei digitale brukarinntektene vil veksa eksponentielt i åra som kjem, og dermed komma ein kriseramma avisbransje til unnsetning.

– Det er sjølvsagt flott at mediehusa klarer å skapa nye betalingsvanar på nett, men det er litt for tidleg å konkludera med at dette er ein suksesshistorie. Ei samanliknande studie me har gjennomført viser at det er nokre underliggande utviklingstrekk som gir god grunn til bekymring, seier Olsen.

Funna Olsen viser til, kjem frå ei landsomfattande spørjeundersøking som ho har gjennomført i samband med ein doktorgrad om lokalaviser og medieøkonomi.

Resultatet viser at nordmenn flest framleis er skeptiske til å måtta betala for nyhende og anna redaksjonelt innhald på nett. Og av dei som har digitalt abonnement, er det overraskande mange som ikkje nyttar seg av produktet dei har betalt for. Ikkje minst i aldersgruppa 30 til 39 år.

– Denne aldersgruppa er spesielt viktig for mediebransjen å fanga opp fordi dette er folk som gjerne har etablert seg med heim og familie, og som burde vera interesserte i å halda seg oppdaterte om kva som skjer i lokalsamfunnet, seier Olsen.

Totalt har halvparten av alle dei spurde tilgang til abonnement på lokalavisa, på papir eller digitalt. Dette inkluderer og dei som har såkalt kombiabonnement, det vil seia at dei får både papiravis med posten og tilgang til nettavisa.

I aldersgruppa 30–39 år har berre éin av fem abonnement som gir tilgang til innhald bak ein betalingsmur.

Endå færre i denne gruppa, oppgir at dei faktisk les avisa på nett, kun 16 prosent.

 I aldersgruppa 70 år og eldre er det langt fleire som har digital tilgang. Mellom dei eldste har 77 prosent digital tilgang, men berre 20 prosent nyttar seg av tilbodet.

Årsaka til dette er sannsynlegvis at avishusa har slutta å selgja papirabonnement åleine, men kun tilbyr kombiabonnement.

– Kombiabonnement er ein type produkt som rettar seg mot allereie eksisterande papirkundar. Den digitale tilgangen er ein meirverdi som dei ikkje nødvendigvis har bede om og som dei ter lite i bruk, seier Olsen.

Sjølv om undersøkinga kun omhandlar folk sine haldningar til lokalaviser, trur Olsen at svara gir nokre urovekkande signal om betalingsviljen for nettaviser generelt.

– Dessverre viser våre funn at betalingsviljen er ein god del lavare enn det mediebransjen skulle ynskja seg, særleg i aldersgruppa under 40 år. Desse har og ei lågare interesse for nyhende generelt og ei desto større tilbøyelegheit til å søka seg til alternative nyhetskjelder på nett som er gratis, seier Olsen.

Spørreundersøkinga vart gjennomført på slutten av fjoråret, altså etter at dei aller fleste avishusa i landet hadde fullført prosessen med å legga det meste av redaksjonelt innhald på nett bak betalingsmur.

Sjølv om denne strategien ga ein vekst i brukarbetalinga på nett, har den samtidig ført til at færre folk les lokalavisa, påpeikar Olsen.

– Halvparten svarer at dei les mindre lokale nyhende enn før og brukar fleire andre nyhetskjelder etter at betalingsmuren i lokalavisene vart innført. Det vil seia at avisene har gått glipp av verdfulle kundesegment som ikkje vil abonnera, særleg unge menneske vert stengte ute av betalingsmuren, seier Olsen.

Ho meiner den utbreidde skepsisen til å kjøpa digitale avisabonnement ikkje berre er dårlege nyhende for aviser som forsøker å overleva.

– Lokalavisene har vore ein viktig fellesarena. Når folk heller søker seg til Facebook og andre medier og gratistilbod på nett, så kan ein spørja seg kva for konsekvensar det får for tilhøyrigheiten og engasjementet i lokalsamfunnet.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Fergie om bruddet med Josh Duhamel: – Ikke mer romantikk
Fergie (42) kommentere bruddet mellom henne og Josh Duhamel (44).
2.
 Aftonbladet: Terrortrussel mot Stockholm
Aftonbladet melder at den svenske sikkerhetstjenesten jobber med en terrortrussel mot Stockholm.
3.
 Strålende høsthelg over hele landet – litt grått på Østlandet
Aldri undervurder september! Vi går nok en strålende knallhelg i møte – eneste skår i gleden er skydekke over Østlandet.
4.
 Konflikt på hellig grunn
Det er ikke fred å få i Jerusalem. Den hellige by er et veikryss for tre verdensreligioner og et brennpunkt i den israelsk-palestinske konflikt.
5.
 Faktasjekket Støre: Ble kalt inn på teppet hos Ap
Da Ap-leder Jonas Gahr Støre gjentatte ganger ble tatt i feil av faktasjekkere, kalte Støres høyre hånd inn redaktører til oppvaskmøte på Aps partikontor på Youngstorget.
6.
 Gjermund Cappelen: – Når jeg er på vei ut, er han på vei inn
Den knusende dommen mot Eirik Jensen (60) føles som «en slags oppreisning» for Cappelen.
7.
 Cuphelten Halvorsen måtte «slite seg inn» på Sarpsborg-laget
VALLE (VG) (Vålerenga - Sarpsborg 0-3) Han kom gratis «hjem» til Sarpsborg etter at Odd kansellerte det siste året av kontrakten hans. Etter knallhardt arbeid blir belønningen cupfinale og trolig seriemedalje for Ole Jørgen Halvorsen (29).
8.
 Nordlie kritisk til VIF-troppen – Deila varsler opprydning
VALLE (VG) Vålerenga-troppen er bygget på feil måte, mener fotballekspert Tom Nordlie (55). Men store omveltninger er i vente, forsikrer VIF-sjef Ronny Deila (42).


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse