Kulturdepartementet fordeler no tilskot på til saman 8,7 millionar kroner i gåveforsterking til 15 kunst- og kulturverksemder i Hordaland, mellom dei er Vossa Jazz, Baroniet i Rosendal og Granvin herad
Tilskota baserer seg på pengegåver på til saman 35,1 millionar kroner.
- Mange kulturinstitusjoner i Hordaland arbeider godt mot private gjevarar. Gåveforsterkingsordninga skal bidra til at det systematiske arbeidet lønnar seg. Tilskotet bidrar til å styrkje viktige prosjekt, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding.
Granvin herad tek imot 75 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 300 000 kroner frå Sparebankstiftinga Hardanger.
Gåva skal nyttast til istandsetjing av kulturbygget Kulturbanken. Granvin herad driv kulturhuset Kulturbanken som inneheld bibliotek, resepsjon for bygdemuseet, samt formidlingsrom for mellom anna folkemusikk. Gåva skal gå til innreiing av huset.
Baroniet i Rosendal mottar 81 250 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 325 000 kroner frå Knut Lauritz Galtung Døsvig. Gåva skal nyttast til bygging av ny billettbod ved inngangen til Rosendal have. Baroniet i Rosendal er eit museum i Hordaland knytt til slottet frå 1665.
Baroniet i Rosendal får driftstilskot på 1,3 millionar kroner frå Kulturdepartementet i 2017. Det er 21 årsverk ved Baroniet, som i 2015 hadde 87 884 besøkjande.
Vossa Jazz tek imot 27 500 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 110 000 kroner frå Voss Sparebank, Sparebanken Vest og Stiftelsen Sosialbygget. Gåvene skal nyttast til arbeid for unge i aldersgruppa 13-18 år.
Vossa Jazz vert arrangert i palmehelga kvart år og er arrangert årleg sidan 1974. Den musikalske profilen rommar jazz, folkemusikk og verdsmusikk.
Dei andre som har fått tilskot er Teaterdrift Bergen, Bymuseet i Bergen, Museumssenteret i Hordaland, Bergen Nasjonale Opera, Stiftelsen Musikkselskapet Harmonien, Nattjazz, KODE Kunstmuseene i Bergen, Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum, Bergen Kunsthall, Museum Vest, Oseana Kunst og Kultursenter og Festspillene i Bergen.