Mest leste :
1.
 Nytt tilbod til turistane i Odda
2.
 Yrkesfaglege koordinatorar skal auka gjennomføringa på yrkesfag
3.
 Magne Furuholmen i Galleri G.Guddal
4.
 Torsdag kan du bestilla personleg bilskilt
5.
 Nasjonal strategi for villbier og andre pollinatorar
6.
 Årets stjerneskot er kåra
7.
 Landsbydag og Fredskonferanse
8.
 Ny utstilling og sesongopning på NVIM
9.
 Ser fram til ein god sommar på Rullestad
10.
 Søljeberget 2017 - kanskje det siste
11.
 Nordberg og Osmundsen attende til Odda
12.
 Opptur for Hardangerfjord Villfisklag
13.
 Mindre musikk - meir landbruk på Etnemarknaden 2017
14.
 Travel vår for Eirik Ulltang
15.
 I forhandlingar om Skjeggedalsvegen
16.
 Fleire fullfører vidaregåande
17.
 Lokal LHL kampanje for nytt sjukehus
18.
 Samme pris for mobilbruk i EU/EØS-land som heime i Noreg
19.
 Opnar opp heile anlegget på Lilletopp for publikum
20.
 58 millionar til ferjekaiar og fylkesvegar

Spel for galleriet
- Publisert 29. mars 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Odda Sjukehus-inngang.JPG
Clik on image for large version
Odda sjukehus. Arkivbilete

Ordføraren i Odda,Roald Aga Haug (Ap), seier at "eigaren" av utgreiingsarbeidet vedrørande beredskapen ved Odda sjukehus, direktøt Herlof Nilssen i Helse Vest, var negativ i utgangspunktet, og at prosjektgruppene sitt arbeid kun har vore eit spel for galleriet

Både ordføraren i Odda og Nils Johan Ystanes som er aktiv ii Folkeaksjonen mot nedlegging av lokalsjukehus, seier i samtale med programsekretær JK Flattun at når det vart kjend at Nilssen har gitt ei negativ innstilling til styret i Helse Vest vedrørande oppretthalding av kirurgisk akuttberedskap i Odda, var det slett ikkje uventa.

- Men det likevel skuffande og ikkje minst provoserande, dessutan er instillinga hans basert på heilt feil premissar slik me ser det. Akuttberedskap i Odda er rimeleg, begrensa og fyller det behovet som dette opptaksområdet har for å stabilisera pasientar før dei kan transporterast vidare til Haukeland sjukehus.

Det er gitt lovnader om at Odda Sjukehus skal bestå og sågar verta styrka på visse område etter at kirurgisk akuttberedskap eventuelt er lagt ned.

- Dette fell på si eiga urimelegheit seier Aga Haug. - At sjukehuset skal styrkast og byggast opp når ein samtidig fjernar akuttkirurgien og kirurgane, er faktisk ikkje truverdig. Ein bør halda fram med den velfungerande Oddamodellen når det gjeld akuttkirurgi, slik at ein kan halda fram med dei operasjonane ein gjer i dag og den gode, livreddande stabiliseringa. 

Aga Haug seier rett ut at etter hans meining har det arbeidet som prosjektgruppene har gjort i eitt og eit halvt år, ikkje har vore anna enn spel for galleriet. - Styreleiar Nilsen var negativt innstilt til oppretthalding av akuttberedskap i Odda allereie før han sette i gong dette utgreiingsarbeidet.

Når det gjeld den vidare kampen for å redda kirurgisk akuttberedskap i Odda, meiner Roald Aga Haug at arbeidet må retta seg inn mot stortingspolitikarar.

- Dersom ein kan legga ned kirurgisk akuttberedskap i Odda som har dei geografiske utfordringane me har, så kan ein legga den ned på dei fleste andre lokalsjukehus og. Dét vil i realiteten vera ein alvorleg situasjon for lokalsjukehusa i heile landet.

Når det gjeld Arbeidarpartiet sentralt seier Aga Haug at Ruth Grung har vore klar på at Odda sjukehus fyller dei krava som er sett ned i Nasjonal Helse- og sjukehusplan, det går på at akuttberedskap kan oppretthaldast når geografiske og klimatiske tilhøve tilseier det og ein samtidig opprettheld kvalitet.

- Og Odda sjukehus opprettheld kvalitet, dei har god trening i traumeteam og erfarne og dyktige overlegar.

Når det gjeld politisk press, seier Aga Haug at ein no vil henvenda seg til alle parti, - Men Arbeidarpartiet lokalt kjem til å legga press på partileiinga sentralt. Me gjer oss aldri.

Styret i Helse vest skal ha møte i Haugesund 4.april og då vert vedtak om akuttberedskapen i Odda fatta.

Ordføraren oppmodar alle oddingar til å slutta seg til bussturen til Haugesund klokka 08:30 denne dagen, bussen går frå bakgården til Rådhuset. Ein kan melda si interesse påTenestetorget.

Vert det negativ avgjedsle 4.april skal saka vidare til helseminister Bent Høie. - Me veit ikkje kva haldning han har til Odda, men me veit at Tynset sjukehus som kan samanliknast med Odda har fått freda sin akuttberedskap, då burde også me kunna få det.

Helse Vest var invitert til å halda møtet sitt i Odda, men har altså lagt det til Haugesund.

- Det var altså for langt for styret å reisa til Odda og halda møte, men dei meiner likevel at det er kort nok avstand til Haukeland til at ein kan legga ned akuttkirurgien i Odda.
Dette held ikkje mål, seier Roald Aga Haug.




 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Bagasjetrøbbel på Gardermoen
Det er problemer med bagasjeanlegget på Oslo lufthavn Gardermoen.
2.
 TV 2-ekspertens sønn trener med NHL-klubb
Ludvig Hoff (20) har aldri spilt i den norske toppserien i ishockey, men TV 2-eksperten Geir Hoffs sønn er spesialinvitert til en treningsleir med NHL-klubben New York Islanders – og høyaktuell for Norges OL-lag.
3.
 Advarer mot for høye forventninger til EM-klare Maanum (17)
Caroline Graham Hansen (22) vet godt hvordan det er å spille A-landskamper som tenåring. Frida Maanum (17) er glad venninnen også skal til EM.
4.
 Pride handler om menneskerettigheter
Retten til å elske den man vil er en grunnleggende menneskerettighet. Stater som hindrer kjærlighet eller seksualitet mellom voksne mennesker som har gitt hverandre samtykke, er ikke frie og demokratiske samfunn.
5.
 Mann i 30-årene pågrepet etter boligbrann i Tromsø
Ni personer ble evakuert da det startet å brenne i to tomannsboliger. Politiet mistenker at brannen er påsatt.
6.
 Pavens rådgiver siktet for seksuelle overgrep
SYDNEY (VG) George Pell (76) er pavens øverste økonomiske rådgiver og en av hans mest betrodde menn.
7.
 «Trumpcare» i fare – nytt forslag til helselov kan komme fredag
WASHINGTON, D.C. (VG) Minst ni republikanere nekter å stemme ja til partiets eget forslag til ny helsereform. Det kan tvinge frem et uventet og uønsket samarbeid med Demokratene.
8.
 To basehoppulykker på to timer
Politiet i Sogn og Fjordane rykket onsdag kveld ut til to basehoppulykker i Aurland kommune – på to timer.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse