Mest leste :
1.
 Flatebø i finalen
2.
 Eidfjord "fullbooka"
3.
 Universitet heilt utan pensum og eksamen
4.
 Me må skryta mykje meir
5.
 Vil ha færre lam neste år
6.
 40% auke for cruisetrafikken i Hardangerfjorden
7.
 Haustfest med Sandra Lyng
8.
 Styrkar omsynet til hule eiketre
9.
 Teknobonden investerer i maskiner
10.
 Samanslåinga av dei to vestlandsfylka i gong
11.
 Godt resultat for Tysnes Sparebank
12.
 Kulturelt utviklingsprogram - tildeling 2017
13.
 Teikning og skulptur i Galleri G. Guddal
14.
 Olaug Nilssen nominert til Brageprisen
15.
 Folkemusikkstipend til Berit Opheim
16.
 Kjempemotivert regnbogeallianse
17.
 Trafikklysa er "aktiverte", men Villaksalliansen er ikkje nøgd
18.
 På ski over Hardangervidda i årets mørkaste natt
19.
 Eldre dame som får god oppvarting
20.
 Seks ordførarar krev at politikarane held valløfta sine

Universitet heilt utan pensum og eksamen
- Publisert 31. oktober 2017 av Mannsåker, Tone Marie
senioruni
Clik on image for large version
F.v. Sigrid Eitrheim og Tove Patterson. Bilete: JK Flattun

Senioruniversitetet i Odda og Ullensvang vart stifta i 2002 etter initiativ frå Knut Erdal og Aslaug Halland. Sidan den gong har dei  lufta mange spanande tema, og fleire er i kjømda før jul

Styremedlem Tove Patterson fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at det vart nedsett ei arbeidsgruppe i 2002. 

- Dei som sat i arbeidsgruppa, var Finn Olsen, Vidar Våde, Turid Solberg, Hans Bringedal og Aslaug Halland, og så kom det ein representant frå Ullenvang, Johannes Ekse.

Patterson seier at i statutta for Senioruniversitetet, står det at det skal vera eit tilbod til folk i moden alder som har lyst til å læra meir. - Og det skal ein få gjennom foredrag, kurs og studiearbeid, men det er viktig å få fram at dette er ikkje noko formell kompetansebygging.

Patterson understrekar at Senioruniversitetet er ope for alle. - Det er uformelt, uforpliktande og utan møteplikt, veldig sosialt med kaffepausar der drøsen går i ein halvtimes tid om likt og ulikt.

Senioruniversitetet i Odda og Ullensvang har i underkant av 200 medlemer. - Kor mange som kjem på møtene, varierer noko, avhengig av kven foredragshaldaren er, men i gjennomsnitt er me rundt 80 på kvart møte, og det synes me er bra, seier Patterson.

Medlemskap kostar 250 kroner i året, men ein treng ikkje vera medlem. - Synes du at noko er interessant, er det berre å møta opp. Det kostar ein hundrelapp, bevertning inkludert, men er du medlem, er prisen 50 kroner.

Senioruniversitetet i Odda og Ullensvang har alltid møte frå 11:30 til 13:30, med ein times foredrag, ei halvtimes kaffipause og tid til spørsmål til slutt. - Det er som regel mange som stiller spørsmål, seier Patterson. 

Sigrid Eitrheim er og styremedlem i Senioruniversitetet i Odda og Ullensvang, og ho fortel at den neste foredragshaldaren deira, er Jakob Bleie. - Han har arbeidd på Gullfaks A, og gjekk av i desember 2000 etter å ha jobba i Statoil i 27 år. Før den tid var han faktisk lærar på realskulen i Odda i eitt år, eg hadde han som lærar sjøl i 1.klasse på realskulen.

Bleie skal sjølvsagt snakka om oljeindustrien, under headingen Norsk olje - og gassverksemd i eit globalt perspektiv, historisk og i framtida. Er solnedgangen nær for denne industrien?

- Me er svært interesserte i å høyra kva han har å fortelja torsdag 2.november, seier Eitrheim. - I desse tider med så stor utryggleik. Me vonar at veldig mange kjem og høyrer på foredraget hans.

Når det gjeld organisering av aktiviteten til Odda og Ullensvang Senioruniversitetet, vert det sett opp halvtårsplanar. - Me har fire samlingar om hausten og fem om våren, fortel Patterson. - I eit par år no, har me og hatt konsert i samarbeid med Hardanger Musikkfest, noko me kanskje kjem til å halda fram med.

Styret prøver stadig å koma opp med idear om nye foredragshaldarar. - Til dømes det siste møtet i haust, då kjem Gjertrud Sandvin for å fortelja om boka si, De femten første åra. Det vert spanande, ei slags tidsreise, ho er født i 1935 i Trysil, og fortel frå heimtraktene sine. Dotter hennar skal og lesa frå boka  som ein kan få kjøpt der, seier Patterson. 

Eitrheim og Patterson fortel at dei har hatt mange spanande foredragshaldarar gjennom åra. - Linda Eide trakk svært mykje folk, og ikkje minst Oddgeir Bruaset, då måtte me ta kinoen i bruk, for det kom så mange.

Avslutningsvis seier dei at folk ikkje må lata seg skremma av omgrepet universitet. - Det er heilt uformelt, me skal ikkje opp til eksamen, me har det rett og slett kjekt saman samtidig som me får høyra og oppleva mykje interessant, formidla av oddingar, hardingar og andre.
Møtestad er Meieriet Kulturhus.










 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Studie: Menn distraheres lettere i trafikken enn kvinner
Kjønn og personlighetstype avgjør ifølge en fersk studie hvor lett du blir distrahert mens de kjører bil.
2.
 Dette er Statoils nye gigantprosjekt i Nordsjøen
DUDGEON VINDPARK I NORDSJØEN (VG) Onsdag tok oljegiganten Statoil et stort steg inn i vinden. VG ble med til havs.
3.
 Basel straffet Manchester United i Zlatans Champions League-comeback
(Basel – Manchester United 1–0) Mohamed Elyounoussis (23) Basel skjøt seg opp på andreplass i gruppen da de straffet et sjansesløsende Manchester United.
4.
 TA: Kari Grønnestads datter tilstår likskjending
Kari Grønnestad ble funnet drept i et hundebur i Skienselva i 2015. Nå erkjenner datteren straffskyld for likskjending, melder Telemarksavisa.
5.
 Messi startet på benken – Barcelona videre etter tamt storoppgjør
(Juventus-Barcelona 0-0) Uten å imponere nevneverdig, tok Barcelona det ene poenget de trengte for å ta seg videre i Champions League.
6.
 Reagerer kraftig på Sandbergs ørefik-utspill: – Utrolige uttalelser
En god gammeldags ørefik er noe de aller fleste mannfolk forstår, sa Frp-Sandberg om å svare på seksuell trakassering. – Bare trist, sier LO-nestleder Peggy Hessen Følsvik om kommentarene.
7.
 Pakk vekk pisken, Hetland!
Det er en latterlig overreaksjon å kalle Petter Northugs instagram-post for et «grovt overtramp». De mulige følgene av ledelsens linje, er bare til å grine av.
8.
 Nikolai Astrup (H) om lærernorm: – Ikke vår modell
KrF og Venstre jubler over blant annet lærernorm og flere kvoteflyktninger. – Viktig test for borgerlig samarbeid, sier Venstres Terje Breivik om budsjettenigheten.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse