Mest leste :
1.
 Nettradioen er oppe og går igjen
2.
 Myrkdalen Fjellandsby veks
3.
 Felles løft for gleda ved å synga
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
6.
 Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet
7.
 MS Lindenes på farten
8.
 Ein attraktiv innfallsport til Folgefonnhalvøya
9.
 "Sommarfugl" - livsfilosofi og musikk som går til hjarta
10.
 St. Olav til Ottar Grepstad
11.
 Formidlar lokal kulturarv til førskuleborn i Hardanger og på Voss
12.
 Sju nye reisemål har fått merket for bærekraftig reisemål
13.
 30 millioner til leselyst i Bokåret 2019
14.
 Vil redusera klimagassutslipp frå avskoging i Noreg
15.
 Daniel på femte plass i NM - opninga
16.
 Klar for litt 60 - og 70 - talsmusikk?
17.
 Rekordstor påmelding til Open Gard i jubileumsåret
18.
 Open for det meste av aktivitet
19.
 Den gode sommarkjensla er på plass
20.
 2,35 millionar kroner til kultur i Hordaland

36 millionar kroner til betre psykisk helse hos barn og unge
- Publisert 23. mars 2018 av Mannsåker, Tone Marie
mobbing_sq_None_thumb
Clik on image for large version
Illustrasjonsbilete

Hordaland fylkeskommune skal bruke 36 millionar kroner over seks år for at barn og unge skal få betre trivsel, livskvalitet og helse. – Dette er eit betydeleg bidrag til eit svært viktig arbeid i fylket, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun

Hordaland Fylkeskommune er utvald av Helsedirektoratet til å vera med i eit folkehelseprosjekt retta mot barn og unge. Kvart år over seks år får fylkeskommunen seks millionar kroner av staten. Midlene skal fylkeskommunen fordela vidare til kommunane som skal gjennomføra dei enkelte tiltaka etter søknad.

Redusera helseforskjellar

– Å reduserea helseforskjellar og syta for at born og unge har god psykisk helse er viktig både for den enkelte og for samfunnet. Med desse midlene frå Helsedirektoratet, set me kommunane i stand til å gjera eit endå betre arbeid på dette området, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Hordaland er ein av fem fylkeskommunar som får statlege pengar til prosjektet. 11 fylkeskommunar søkte om å vera med.

– Det var ein tøff konkurranse der me fekk tildelt milder saman med fire andre fylkeskommunar. No kan vi setja i gong tiltak for å fremja psykisk helse for born og unge, seier fylkesdirektør Bård Sandal for regional utvikling i Hordaland.

Midlene frå Helsedirektoratet er lyst ut i samband med «Program for folkehelsearbeid i kommunane». Dette er satsinga til Solberg-regjeringa for at barn og unge skal få betre psykisk helse. Hordaland fylkeskommune har hatt hovudansvaret for prosjektsøknaden som ligg til grunn for tildelinga. Prosjektet har tittelen «Saman for betre trivsel og livskvalitet for alle barn og unge». Pengane skal brukast til å støtta tiltak innan psykisk helse, rusførebyggjande arbeid og helsefremjande arbeid i kommunane.

Prosjektet har som overordna mål at barn og unge mellom 0 – 24 år skal oppleve høg trivsel og livskvalitet, samt god psykisk helse gjennom eit inkluderande og helsefremjande samfunn.

Finna gode prosjekt i kommunane

– No går me i gong med å finna spanande og gode prosjekt rundt i kommunane som kan få midlar. Tiltaka kjem til å spenna svært vidt. Det som er ei utfordring i éin kommune, treng ikkje vere utfordring i ein anna. Me skal finna dei beste tiltaka for born og unge i kvar enkelt kommune, seier Bård Sandal.

Jamt over er helsa blant born og unge god i Hordaland. Likevel er det forskjellar både på tvers av dei ulike kommunane, i lokalsamfunna i kommunen, og mellom bydelane i Bergen. Undersøkingar viser at mange kommunar opplever store utfordringar innan psykisk helse, men set ikkje i gang tiltak for å løyse desse utfordringane.

Søknadsfrist 30. mai

Etter påske skal fylkeskommunen utlysa midler som kommunane kan søka på. Søknadsfristen for å veraamed, er 30. mai. Fylkeskommunen vil i løpet av våren lage møteplassar for kommunar som ynskjer hjelp til å utvikla prosjekta i samarbeid med forsking og kompetansemiljø.

Dei siste åra har kunnskapen om kva faktorar som fremjer og hemmer helsetilstanden i fylket auka både i kommunane og på regionalt nivå. Samstundes er det stort behov for å kople kunnskap til utvikling av gode tiltak i kommunane, særskild for å fremje psykisk helse.

Gjennom prosjektet skal innsatsen for psykisk helse og rusførebygging verta breitt forankra og integrert i kommunane. Målet er også at kommunane skal auka sin kompetanse på helsefremjande arbeidsmetodar og utvikling av tiltak.

Oppretta samarbeidsorgan

Eitt av krava Helsedirektoratet stilte for å sikra godt tverrfagleg samarbeid, var å oppretta eit regionalt samarbeidsorgan. Dei 22 medlemene i samarbeidsorganet i Hordaland hadde si første samling i januar og skal møtast to-tre gonger i året. Her sit representantar frå kommunar i alle regionane av fylket, Fylkesmannen i Hordaland, NAV, Nasjonalforeningen for folkehelse, Ungdommens fylkesutval og politikarar frå fylkesutvalet. Samarbeidsorganet har også medlemer frå fem ulike forsking - og kompetansemiljø i fylket – Høgskulen på Vestlandet, Universitet i Bergen, Hemil-senteret, Folkehelseinstituttet avdeling for helsefremjande arbeid Bergen (UiB), Korus-Vest og RKBU-kompetansesenteret for barn og unge. Desse etablerer eit fagnettverk som skal vera med å styrke utviklinga av tiltak ute i kommunane.

Samarbeidsorganet har vore med å formulera måla og kriteria som skal ligga til grunn for at kommunane skal få midler til sine prosjekt. Fylkeskommunen skal bruke organet som ein rådgjevande ressurs når dei skal avgjera kven som skal få prosjektmidlar.

Born og unge skal verta høyrde

Eit viktig omsyn for at eit prosjekt skal få tilskot, er at oarn og unge skal verta høyrde i utviklinga og planlegginga av dei nye tiltaka. Det er også eit mål at prosjekta involverer fleire aktørar i lokalsamfunnet gjennom tverrfagleg samarbeid. Skular og barnehagar er døme på naturlege arenaer for dei kommunale prosjekta.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Frykter hevnaksjoner i Malmö: – Nå begynner helvete
En ung gjengleder som overlevde skyteepisoden i Malmö mandag pekes på som det egentlige målet. En hevnaksjon er svært sannsynlig, sier kilder i miljøet til svenske aviser.
2.
 Grensekrisen i USA: Spedbarn skilt fra foreldrene og sendt på tvers av landet
Barn helt nede i tre måneders alder blir fraktet tvers over hele USA for å plasseres i fosterhjem, mens foreldrene er i varetekt. Det kommer frem i en pressemelding fra Borgerrettighetsdepartementet i Michigan.
3.
 Her er hockeyprofilene på skolebenken: Tar hurtigkurs for å bli gode barnetrenere
OLYMPIATOPPEN (VG) Norges Ishockeyforbund tar grep for å bedre talentutviklingen i Norge. Med et «fast track»-trenerkurs har det bragt frem engasjement hos hockeyprofilene Patrick Thoresen (34) og Ole-Kristian Tollefsen (34).
4.
 Ny rapport: Innvandring splitter Norge
Nordmenn er splittet i spørsmålet om landet bør ta inn flere innvandrere. Den store asylstrømmen for tre år siden ser imidlertid ikke ut til å ha gitt et mer negativt syn på innvandring.
5.
 Raymond Johansen om romfolk-tilbud: Listhaug feilinformerer
Raymond Johansen mener Sylvi Listuaug fraskriver seg ansvar i saken om overnattingstilbudet for romfolk i Oslo. Det avviser Listhaug.
6.
 Christian Eriksen til VG om VAR-VM: – Det har blitt mange straffer
VITJAZEVO (VG) Christian Eriksen ser positivt på VAR-teknologien, mens Chelseas Andreas Christensen innrømmer at han fryktet VAR-straffe imot i VM-åpningen. Åge Hareide er atskillig med kritisk enn sine spillere: – Det fjerner noe av sjarmen med fotball.
7.
 Stormy Daniels-advokat om USAs nye grensepraksis: – Ondskap av episke dimensjoner
MCALLEN, TEXAS (VG) Han har blitt kjent som advokaten til pornostjernen som angivelig hadde et seksuelt forhold til president Donald Trump. Nå representerer Michael Avenatti over 50 mødre som har blitt fratatt sine barn på grensen til USA.
8.
 Morgenoppdatering 20.06.18
Dette er noe av det viktigste som skjedde i natt.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse