Mest leste :
1.
 Får du i deg nok vitamin D i den mørkaste tida av året?
2.
 Med Odda under huden og på lerretet
3.
 4H - jubel over framhald av støtta til frivillige
4.
 Foreslår fire millionar kroner ekstra til butikkar i distrikta gjennom Merkur-programmet i 2017
5.
 Redda eplesal for millionar
6.
 Julegåve med varig verdi
7.
 Vert ikkje opna i dag
8.
 30 000 hjortedyr er hittil testa for skrantesjuke
9.
 Åpne vegar til klokka 21:00
10.
 Gram Per Person er tilbake
11.
 The Times They Are A-Changing
12.
 Vernar 36 viktige skogområde
13.
 Programslepp i julekalender
14.
 Delte meingar lokalt om "julepresangen" frå regjeringa
15.
 Julekonsert med Aasmund Nordstoga
16.
 God mottaking for Framtida junior
17.
 15 millionar kroner til tiltak mot spelproblem
18.
 Løyvefritak for Inn på tunet-aktørar
19.
 Stor nedgang i fråveret på vidaregåande
20.
 Lang lørdag på Iris Scene

Triveleg gjenhøyr i lokalradioen
- Publisert 15. november 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Leif Einar 3.jpeg
Clik on image for large version
Bilete: Tone Mannsåker

Artistnamnet Lothepus har slått imot oss frå dei fleste riksmedier i 2017, både på nett og papir. Heile Noreg har omfamna denne skytebasen frå Hardanger, debuten på lufta, hadde han truleg i Radio Folgefonn i juni 2009. Denne veka var han ein snartur innom igjen

Det første CD-prosjektet starta nesten som eit veddemål, sa Lothe til Radio Folgefonn i 2009.
Folk han kjende delte seg på moro i to grupper der den eine meinte han kunne klara å gje ut ein CD, medan den andre meinte han ikkje ville klara det.

I november 2017 er det berre å konstatera at Lothepus klarte det, og vel så det. Etter suksessen saman med Joar Førde i Fjorden Cowboys som stadig går mot nye sesongar og høgare sjåartal, vart han rikskjendis.

- Men etter at eg vann Kjendis - farmen, eksploderte heile livet mitt, seier han i samtale med programsekretær JK Flattun denne veka.

I haust kom mellom anna Går det til helvete så går det til helvete, boka om Leif Einar Lothe, ført i pennen av Finn Tokvam. - Den har lagt på på topp på bestselgjarlista i ein månad, men no er eg hamna på andreplass, Erik Bye gjekk forbi meg, seier han og ler.  

Og ellers er det eit travelt liv Leif Einar Lothe lever som Lothepus. Han kom frå Svalbard mandag denne veka, reiser til Bergen i dag, onsdag og fer til Oslo torsdag morgon. Han fortel at han og skal prøva å synga inn noko og innimellom dette.

Dette året har Lothepus gjennomført mellom 50 og 60 konsertar frå Finnmark i nord til Sørlandet. - Eg har og vore med programleiarane Nils og Ronny og var nyss med Røde Kors på tur, det vert vist 16.desember i samband med TV - aksjonen deira, og så vert det meir Fjorden Cowboys, fortel han.

Vert du aldri lei? spør Flattun.

- Nei, igrunnen ikkje, er svaret, men han legg til: - Eg har jo måtta fått meg nytt telefonnummer då, så no går det på mail når nokon vil ha fatt i meg, og det ordnar Randi (sambuaren) opp i.

Den populariteten Leif Einar Lothe  har oppnadd hjå det norske folk, har gjort han til si eiga merkevare, salet av Lothepus - produkt av ymse slag, går då det griner.

- Det byrja jo mest på moro med kondomer, seier han. - Men no er det  mykje,T - skjorter, jakker, hettegensarar, parfyme, shampoo, arbeidsklede og strikkegensarar sjølvsagt, ni ulike modellar, både ferdigstrikka og garn med mønster til, som folk kan strikka sjølve, alt dette i tett samarbeid med Dale fabrikker.

Lothepils og Lothesider vart lansert for ei tid sidan, men no har Vinmonopolet også  Ripasso, akevitt og konjakk med Lothepuslogo på etiketten.

- Men eg har jo fans frå tre år og opp til 90, ler Lothe. - Så no jobbar eg opp mot Blåkleder for å få ein kolleksjon med skikkelege, vinterfora regnklede til småtassane, me må ikkje gløyma dei.

Lothe har, heilt utan media på slep, vitja barnehagar og  sunge for dei små. Eit populært innslag etter tilbakemeldingane derifrå.  

Når det gjeld båtane til Leif Einar Lothe, har heile Noreg fylgd med på dei, og dei låg lenge til kai i Odda før han selde dei. - Når ein ikkje har tid til stella det, er det berre å kvitta seg med det, seier han, og fortel at båten med den karakteristiske cowboyhatten, har hamna på Husnes, medan Hovda er ombygd og liggg som fiskerestaurant i Bodø.

Anleggsverksemda har skytebasen slett ikkje lagt på hylla midt oppi all viraken. - Firmaet mitt går som det skal det, der har eg omlag 10 mann i arbeid.

Og når det gjeld musikkutgjeving, vil det koma meir frå Lothepus, lovar han, riktignok ikkje før nyttår. - Men det kan jo henda eg syng litt på dei derre Røde Kors - greiene då, seier han på ekte Lothepusvis før han skundar seg vidare til andre gjeremål. 

I dag onsdag 15.november høyrer du intervjuet i reprisen av føremiddagsssendinga som startar klokka 15:02.






 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Australsk mann siktet for å være nordkoreansk agent
En australsk mann født i Sør-Korea ble lørdag kveld pågrepet i sitt hjem i Sydney, siktet for å ha fungert som en økonomisk agent for Nord-Korea.
2.
 Reuters: Jerusalem-konflikten opp i FNs sikkerhetsråd
FNs sikkerhetsråd skal behandle en resolusjon som kan få konsekvenser for USAs anerkjennelse av Jerusalem som Israels hovedstad.
3.
 Nødvendig å snakke med Nord-Korea
Nord-Koreas atomvåpenprogram utgjør en alvorlig trussel mot verdens sikkerhet. Derfor er det viktig at verden står samlet i møte med den.
4.
 Avis: Trump-administrasjonen vil forby sju ord i budsjettdokumenter
Flere reagerer på at Trump-administrasjonen vil forby ord som «transkjønnet», «mangfold», «foster» og «vitenskapelig basert» i budsjettdokumentene for 2019.
5.
 Stadig flere baker sine egne julekaker
Stadig flere nordmenn velger å bake kakene sine selv til jul. Mer enn seks av ti baker ett eller flere kakeslag til jul i år, viser en ny undersøkelse.
6.
 Huitfeldt reagerer på regjeringens OSSE-nei
Regjeringens nei til at Norge skal lede Organisasjonen for samarbeid og sikkerhet i Europa (OSSE) skader Norges renommé, mener Anniken Huitfeldt (Ap).
7.
 Utfordret til å bære 6 meter høy nisse opp på Europas høyeste sjøklippe
Først julepyntet de kameraten Harry Gulestøl hus i hemmelighet med julelys og en seks meter høy nisse. Så kom Harry med hevnutfordringen: Bær nissen opp på Hornelen, Europas høyeste sjøklippe.
8.
 Brennhete Zuccarello avgjorde for Rangers på overtid
(Boston Bruins - New York Rangers 2-3) Mats Zuccarello (30) gjorde alt selv da han avgjorde kampen på overtid mot Boston. Selv syns han det gikk «skikkelig dårlig».


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse