Mest leste :
1.
 Nettradioen er oppe og går igjen
2.
 Myrkdalen Fjellandsby veks
3.
 Felles løft for gleda ved å synga
4.
 Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet
5.
 MS Lindenes på farten
6.
 St. Olav til Ottar Grepstad
7.
 Formidlar lokal kulturarv til førskuleborn i Hardanger og på Voss
8.
 30 millioner til leselyst i Bokåret 2019
9.
 Sju nye reisemål har fått merket for bærekraftig reisemål
10.
 Vil redusera klimagassutslipp frå avskoging i Noreg
11.
 Daniel på femte plass i NM - opninga
12.
 Rekordstor påmelding til Open Gard i jubileumsåret
13.
 2,35 millionar kroner til kultur i Hordaland
14.
 Den gode sommarkjensla er på plass
15.
 Forbod mot all bruk av eld utandørs i Odda og Ullensvang
16.
 NRK oppfyller ikkje nynorskkrava
17.
 Skandinavisk Tivolipark kjem attende
18.
 Fare for angrep av rognebærmøll i 2018
19.
 Klar for stolpejakt igjen
20.
 Ny strategi for økologisk produksjon

Formidlar lokal kulturarv til førskuleborn i Hardanger og på Voss
- Publisert 29. mai 2018 av Mannsåker, Tone Marie
alexander aga røynstrand
Clik on image for large version
Alexander Aga Røynstrand. Bilete: hardingfolk.no

"Nøringen" er eit nytt prosjekt i kulturskulane som omfattar alle Hardangerkommunane og Voss, og prosjektet er for dei som er fødte mellom 2012 til 2014, med andre ord fire til seks år

Spelemann Alexander Aga Roynstrand fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at det dreier seg om at borna skal læra om kulturarven vår.

- Tradisjonsmusikk og tradisjonsdans har vorte den raude tråden i dette, men i tillegg får ein og inn litt andre ting som til dømes baking, handverk, historiar, avhengig av kva slags ressurspersonar me har fått tak i omkring i dei ulike bygdene. Det er veldig mykje å ta av der. 

Røynstrand er sjølv felespelar og seier at hans inntrykk er at det er aukande interesse for til dømes tradisjonsmusikk. - Eg gler medg veldig til å setta i gong med "Nøringen" og trur at det er mange som vil ynskja å vera med i eit slikt opplegg.

Røynstrand er ein av to aktørar som skal undervisa i Granvin og Ulvik. - I går vart jobben lyst ut i Granvin og eg trur det allereie er fem - seks som har vist si interesse.

Granvin har lang tradisjon innan hardingfele. - 1721 vart han født den eldste som me veit om, fortel Røynstrand. - Så det er lange linjer attende her når det gjeld speling, det er det i andre Hardangerkommunar og,

Han meinar at alle hardingar og vossingar bør vita litt om hardingfele og det som høyrer med, som fokedans og song. - Det høyrer mange historiar med og, så det handlar og mykje om å få kunnskap om si eiga historie. Det syns eg er viktig at alle får.

Om seg sjølv fortel Røynstrand at han vaks opp i ein heim med mykje folkemusikk. - Og på eitt tidspunkt hamna eg tilfeldigvis på hardinfela som instrument, og då eg fekk Knut Hamre til lærar, var det ikkje aktuelt å slutta. 

- Så sånn vart det, seier spelemannen som gler seg veldig til det nye prosjektet der han får høve til å vidareføra til born kunnskap om den flotte kulturarven i Hardanger og på Voss.

Namnet Nøringen kjem frå namnet på ein kjend gangar som har vore mykje nytta på Vestlandet. Stevet til slåtten er eitt av dei mest kjende slåttesteva i Noreg. Slåtten går på trollstilt (a-e-a-ciss). I tillegget til Hardingfeleverket, band I, står det at slåtten var nytta som morgonslått andre bryllaupsmorgonen, då gjestene fekk skjenk og mat. Denne skikken skreiv seg frå Hardanger og Voss, ifylgje Wikipedia.

Dette skriv granvinherad om prosjektet:

Nøringen er eit unikt kulturskuletilbod for born født 2012-2014. Satsinga er i alle Hardangerkommunane og på Voss. Tema er kulturarv med tradisjonsmusikk og tradisjonsdans som den raude tråden. Borna får læra nokre lokale songar, læra å dansa litt, møta ulike spanande folkemusikkinstrument og oppleva kulturarven i dykkar kommune. Det er plass til 12 born i ei undervisningsgruppe, og det er to lærarar per gruppe
.


 

  

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Morgenoppdatering 25.06.18
Dette er det viktigste som skjedde mens du sov.
2.
 Jonas Hoff Oftebro kom inn på Teaterhøgskolen: – Endelig!
Jonas Hoff Oftebro (22) har for lengst vist at han ønsker å følge i skuespillerfotsporene til foreldrene og storebroren. Nå har han også kommet gjennom det trange nåløyet til Teaterhøgskolen.
3.
 Full borgerkrig i Giskes bakland
Mindre enn et halvt år etter at de to trønderfylkene slo seg sammen, utkjempes det som internt ses som en ødeleggende politisk borgerkrig i det nye Trøndelag Ap. Midt på slagmarken står avgått nestleder Trond Giske (51).
4.
 Kripos bekymret over økning i nettrelaterte voldtekter: – En gjerningsperson kan nå ut til veldig mange
Kripos er bekymret for økningen i voldtekt på nett. I 2017 sto ti personer bak 1195 overgrep på nett, viser en ny rapport. Mange av ofrene er barn.
5.
 EUs dype krise
Flyktningkrisen truer samholdet i EU. Lite tyder på at denne ukens EU-toppmøte vil lykkes.
6.
 Trump med nytt forslag: Vil deportere immigranter umiddelbart uten å gå gjennom rettssystemet
UCLA-sjef mener på sin side at den amerikanske presidentens Twitter-forslag er ulovlig.
7.
 SU går inn for avkriminalisering av narkotika
Sosialistisk Ungdom (SU) vedtok søndag kveld å gå inn for avkriminalisering og utredning av legalisering av narkotika.
8.
 Johnny Depp: – Jeg var så langt nede som det var mulig å komme
Det sier filmstjernen i et lengre intervju med Rolling Stone om tiden da ekteskapet sprakk i 2016 og han fikk store økonomiske problemer i tillegg.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse