Mest leste :
1.
 Mykje nytt i NAV
2.
 Ambisiøst mål for reduksjon av matsvinn
3.
 Askeskogen i Hordaland døyr
4.
 Færre døyr i landbruksulukker
5.
 Statskog har ledige hytter
6.
 Vossabadet - rein glede
7.
 Fenalåret "EU - godkjend"
8.
 Stort haustprogram på Old River Saloon
9.
 Lothepus og Tokvam i bokprat på årets symposium
10.
 Rett Bemanning melder oppbud
11.
 Lunsj med noko attåt
12.
 Satsar på auka bruk av sykkel
13.
 Hjartebank for "alle penga"
14.
 Gunstige temperaturar og lågare lusenivå speglar seg hos fôrprodusentane
15.
 Premiere på "Industripionerane"
16.
 Kuttar millionar i 4H-støtta
17.
 Fossilfrie bussar i Hordaland innan 2025
18.
 Historisk sus over det første fellesmøtet
19.
 Å leva med faren for flaum og skred
20.
 Rimeleg godt nøgd med sesongen

Søljeberget 2017 - kanskje det siste
- Publisert 31. mai 2017 av Mannsåker, Tone Marie
17.mai 2017
Clik on image for large version
17.mai toget 2017 ved Hovden. Bilete: Tone Mannsåker

Odda fotballklubb (OFK) har vore 17.mai - komite i Odda i mange år. No ynskjer dei å vidareutvikla arrangementet og samlar alle som er involverte i planlegginga i Odda, Skare og Tyssedal, for å gjera dagen meir "brukarvenleg" for fleire

Styreleiaren i OFK, Ørjan Aarekol, seier i samtale med programsekretær JK Flattun at dei først og fremst har fått svært mange tilbakemeldingar frå småbornsforeldre som synes det er veldig tungvint å gjera familien klar til barnetoget der samlinga på skuleplassen er klokka 08:30.

- Dagen er og ei logistikkutfordring for Musikklaget som spelar både i Odda, Tyssedal og Skare, annakvart år i Odda og Tyssedal, annakvart år i Odda og Skare.

I Odda spelar Musikklaget fast både i barnetoget, ved bekransinga av bautaen ved kyrkja og i tretoget.

Eit ynskje er å få til å samla alle grendene til eitt fellestog i Odda. - Det hadde vore fint, men ein må no først ta ei samling for å sjekka stemninga og sjå kor vidt det kan vera aktuelt. Me vert jo ikkje akkurat fleire her i kommunen, og då hadde det vore kjekt å få samla alle til ein stor fest i sentrum, seier Aarekol.

Tretoget har tradisjonelt gått frå rådhuset til Hovden så lenge veret har tillete det. Der har folk teke sete i graset i det naturlege amfiet for å høyra talar og opptredenar og der har sola glitra i ein skråbakke av søljer frå syd til nord, det såkalla søljeberget.

OFK tenker seg no at toget skal gå til sjukehuset og attende til sentrum - og dei har eit forslag til forsamlingsstad.

- No er kommunen i gong med å forskjøna parken foran Skaltaket og skulle det regna kunne ein trekka seg inn under Skaltaket , seier Aarekol. 

Istadenfor eit barnetog og eit folketog, er tanken å ha eitt tog 17.mai, men det gyldne tidspunktet for eit slikt folketog, har ein ikkje sett nærare på endå.

- Etter barnetoget sel me jo kaker og kaffi og liknande fram til klokka 15:00, som gir oss inntekt. Me bør eigentleg finna ei tid som gjer at me beheld folk i sentrum heile dagen.

Aarekol fortel at han har lufta ideane med ordførar og andre politikarar. - Der er det berre positive tilbakemeldingar, så eg trur ikkje endringar vert noko problem.

På skulane rundt om avventar dei det første prosjektmøtet. - Eg reknar med at me har ein del å snakka om når me møtest om ikkje så lenge.

OFK har snakka om endringar for 17.mai feiringa i fleire år, ifylgje Aarekol. - Me har ikkje hatt mogelegheita til å gjera endringar før no, og me vonar eigentleg å få det til  i 2018.

OFK startar planlegginga av 17.mai 2018 allereie no, - Vanlegvis kjem dagen litt brått på, men det skal den ikkje til neste år.

Somme synes det er trist at amfiet i Hovden ikkje skal brukast 17.mai, men Aarekol seier at det er delte meiningar og denne festplassen.

- Det er mellom anna ikkje så mange aktivitetar born kan finna på der på 17.mai. Det klarer me å få til i sentrum og når ein tenker på at 17.mai stort sett er borna sin dag, så vil dei få det kjekkare denne dagen med tilbod om fleire aktivitetar.

OFK har arrangert 17.mai i Odda i sju år på rad. - Så me har ganske god peiling på det som skal til, seier Ørjan Aarekol.  
 





 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Mistenkte dobbeltdrap: Slik skulle undercover-agenter avsløre Kristiansand-kvinne (42)
KRISTIANSAND (VG) Politiet gikk undercover og infiltrerte den nå dobbeltdrapssiktede Kristiansand-kvinnens liv, ifølge VGs opplysninger.
2.
 Rangers med historisk knockout: – Utrolig surt
(New York Rangers-Pittsburgh Penguins 4-5) Seieren glapp i siste liten for Mats Zuccarello og Rangers, som dermed har hatt den dårligste sesongstarten på 57 år.
3.
 Blac Chyna saksøker Kardashian-familien
Ekskjæresten til Rob Kardashian mener den «mektige og hevngjerrige» familien har ødelagt for henne.
4.
 Omdømmesvikt for Reitangruppen
En ny undersøkelse viser at Posten, Norwegian og Reitangruppen sliter med sitt omdømme. Sistnevnte står for det største fallet.
5.
 Brækhus-stevne i krise - avlyser fire kamper
Cecilia Brækhus (36) står bak helgens stevne i Sandefjord hvor hun selv er trekkplaster. Nå rammes det av fire avlyste kamper.
6.
 Enorme ødeleggelser i skogbrannrammede Portugal
OLIVEIRA DO HOSPITAL (VG) Etterlengtet regn har hjulpet i slukningsarbeidet, men skadene etter skogbrannene i Portugal er uopprettelige for de rammede.
7.
 «Ugly Betty»-stjernen America Ferrera: – Ble misbrukt som niåring
Skuespilleren har på Instagram fortalt om et seksuelt overgrep da hun var ni år gammel, som en del av #metoo-kampanjen.
8.
 200.000 katalanere protesterer mot fengsling av ledere
Store folkemasser tok til gatene i Barcelona, i protest mot varetektsfengslingen av to separatistledere.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse