Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
5.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
6.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
7.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
8.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
9.
 Mange vil rydda strender
10.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 2017 - rekordår for Mikkelparken
14.
 Meiner turisme trugar villreinen
15.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
16.
 Parkeringsavgift i Odda sentrum - ikkje øverst på ynskjelista
17.
 Har du ein etablerar i magen?
18.
 Debattklimaet har vorte for hardt
19.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
20.
 Nasjonalparken vil høyra di meining

Spesiell utstilling i Kabuso
- Publisert 25. mai 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Gustav Metzger Kunsthuset Kabuso
Clik on image for large version
Bilete: Gustav Metzger

Gustav Metzger var ein pioner innan aktivistisk kunst. Utstillinga i Kabuso syner eit stort utval måleri og teikningar frå 1950-talet: The Table Series. Dette er fyrste gong eit større utval arbeid frå denne perioden vert stilt ut samla

Bileta er ekspressive og førestiller bord, men kan og minne om soppskyer frå hydrogenbomber ifylgje ei pressemelding frå Charlotte Ellingsen ved Kabuso. 

I 1959 gjekk Metzger(1926-2017) heilt vekk fråmåleriet og byrja laga kunst av kvardagslege objekt og med industrielle material. Metzger sitt samfunnsengasjement kjem tydeleg til uttrykk gjennom installasjonane Mirror Trees og Mass Media: Today and Yesterday som tek plass i utstillinga.

I fleire tiår var  Metzger ein del av undergrunnsmiljøet i London og har dei seinare åra hatt stor innverknad på yngre generasjonar kunstnarar. Miljørørsla har hatt ei sentral rolle i kunstnarskapen hans, der han har tematisert klimaendringar og økologisk øydelegging i fleire verk og større prosjekt. Korleis massemedia har formidla samfunnsutfordringar har oppteke Metzger i sterk grad og gjer han til ein relevant kunstnar for vår eiga tid.

Verket Mass Media: Today and Yesterday oppmodar publikum til å sjå nærare på dagsavisene med eit kritisk og granskande blikk. 10 000 lokalaviser frå Hordalandsregionen utgjer kjernen i verket. Mirror Trees er tre utan greiner og blad, vend opp ned og støypt i betong med røtene veivande i lufta. Verket speglar brutaliteten menneska i vår tid utøvar mot naturen. Det er ikkje tilfeldig at Metzger stiller ut i Hardanger, ein region som dei seinare åra har vore sterk knytt til miljøaktivisme.

Metzger er og kjend for å ha skapt sjangrane auto-destructive art (sjølvøydeleggande kunst) og auto-creative art, som vert ståande som referansepunkt i moderne kunsthistorie. Gjennom bruk av syre på nylon laga han kunstverk som stod for si eiga øydelegging og samstundes fortsette ein kreative prosess utan kunstnaren sin medverknad.

På slutten av 1970-talet tok han initiativ til kunstnarstreikar i protest mot ei stadig meir kommersialisert kunstverd. Dei siste åra hadde han fleire større utstillingar, mellom anna ei retrospektiv utstilling på Serpentine Gallery i London i 2009 og han vart via stor plass under dOCUMENTA(13) i Kassel.

 
I 2015 kunne ein for fyrste gong sjå Metzger sine verk i Noreg på Kunstnernes Hus og i Kunsthall Oslo, der fleire sjølvøydeleggande verk vart gjenskapa.

Metzger vart fødd i Nürnberg i Tyskland, men kom 13 år gamal saman med broren til England som jødisk flyktning .Gustav Metzger gjekk bort 1. mars i år, 90 år gamal. Utstillinga i Kabuso  er den første utstillinga som vert opna etter hans død.

Utstillinga er kuratert av Kabuso, saman med LeanneDmyterko ved Gustav Metzger studio og Synnøve Marie Vik og opnar laurdag 27.mai.

 

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Migrapolis-profil sparket etter 19 år i NRK grunnet manglende kompetanse: – Dette er en farse
– De hadde bestemt på forhånd at de ville bli kvitt meg, sier NRK-journalist Rajan Chelliah. NRKs fagforening mener saken går rett inn i kjernen av hvorfor de NRK- ansatte streiker.
2.
 Passproblemer
Nordmenn som ennå ikke har søkt om fornyelse av utgått pass, eller som trenger et nytt, kan risikere at sommerens utenlandstur går i vasken.
3.
 Dårlig nytt for Trump-advokat: «Taxi-kongen» vil samarbeide med myndighetene
Michael Cohens forretningspartner Evgeny Freidman skal ha gått med på å hjelpe myndighetene for å slippe fengselsstraff.
4.
 Person knivstukket i Oslo
Politiet i Oslo leter etter to personer etter at en person ble knivstukket i Oslo sentrum natt til onsdag.
5.
 Mann til sykehus etter eksplosjon i varmeanlegg i Oslo
En mann er kjørt til sykehus med moderate skader etter at en eksplosjon gikk av i et varmeanlegg på Haugerud i Oslo.
6.
 Smittsom hjernehinnebetennelse påvist hos russ i Sandnes
En russ fra Sandnes ble mandag innlagt på sykehus med smittsom hjernehinnebetennelse. Personer vedkommende har utvekslet spytt med, har fått antibiotikum.
7.
 NRK-journalist tatoverte en «Streikepanda» på leggen
NRK-streiken fortsetter for fullt, og ivrige streikere samler seg over hele landet for å kjempe for blant annet høyere lønn og likebehandling av midlertidig ansatte. Noen journalister er imidlertid ivrigere enn andre.
8.
 Syk øksedrapsmann utskrevet mot sin vilje: – Ble feilbehandlet
BERGEN / OSLO (VG) Om lag tre uker før bergensmannen ringte politiet og sa han hadde drept sin mor med øks, ble han utskrevet fra psykiatrisk institusjon mot sin vilje. Han gjentok på institusjonen at han kom til å skade mennesker.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse