Mest leste :
1.
 Fritt rehabiliteringsval
2.
 Hordaland vil bli datalagringsfylke
3.
 Skremmer fotturistar bort villreinen?
4.
 1.oktober 2017 vert norskekysten delt i 13 produksjonsområde
5.
 Skilt skal visa veg til bygde - Noreg
6.
 Skal få ned forureininga frå cruiseskip i verdsarvfjordar
7.
 Maling av korn på gamlemåten og suppe i friluft
8.
 Sommarfestival i Ulvik
9.
 Næringshagane i Hordaland jobbar godt
10.
 Gledeleg mange søkarar til vidaregåande skular i Hordaland
11.
 Heim med det største og beste i kofferten
12.
 Teikn på betre kår for villaksen
13.
 På Radio Folgefonn fredag
14.
 På Radio Folgefonn torsdag
15.
 På Radio Folgefonn tirsdag
16.
 På Radio Folgefonn onsdag
17.
 På Radio Folgefonn torsdag
18.
 På Radio Folgefonn onsdag
19.
 På Radio Folgefonn fredag
20.
 På Radio Folgefonn fredag

Har henlagt Jantelova
- Publisert 28. april 2017 av Mannsåker, Tone Marie
l-Kjemp-for-alt
Clik on image for large version
Bilete: hannekristinrohde.no

Hanne Kristin Rohde kjem til Odda for å halda foredrag om sjølvutvikling 11.mai. - Eg er så ubeskjeden at eg fortel at eg har fått god respons på dette foredraget, både latter og tårer, seier ho i samtale med programsekretær JK Flattun

- Eg trur dei fleste av oss er litt for redde for å by på oss sjølve. Dersom ein ser ut som ein søt liten hund, med hengeører som ser litt trist ut, og går inn på eit møte i den trua at ein skal få til noe, er det ikkje er sikkert at det lukkast. 

Rohde meiner alle må arbeida for å tru på seg sjølv, heisa seg opp og ha det ho kallar skikkeleg med surstoff, og tenka at no skal eg verkeleg gå "all in" og vera ein ressurs for andre.

- Det handlar om å få kontroll på den indre dialgen vår, snakka oss sjølve opp og fram. Det handlar om å vita at dersom me rettar skuldrene to millimeter så vil me kjenna oss betre, seier ho. - Det handlar om det om å våga å gå ut av den trygge komfortsona og yta utanfor den og tenka at alt me gjer skal gjerast for å få andre menneske til å kjenna seg sterkare.

Rohde seier ho trur at dersom menneske ikkje evnar å berøra kvarandre mentalt, mistar ein noko vesentleg på vegen, både heime og på arbeidsplassen.

- Eg held ikkje eit foredrag om leiing, men eit foredrag for alle menneske som ynskjer å vera ein ressurs for seg sjølv og for andre, uansett kva ein arbeider med.

Kva det er som gjer nordmenn litt redde for å by på seg sjølv, seier Rohde ho har tenkt mykje på. - Eg trur at den berømte Jantelova ligg som ein kulturskygge mellom mange av oss, og den har eg lyst til å avliva. Eg pleier å seia på politispråk at den har eg henlagt, men eg merkar jo at alle andre ikkje har det - særleg ikkje når eg stikk nesa mi fram, men då seier eg til meg sjølv at eg er bra nok, at eg er ein ressurs.

Og det er akkurat denne måten å tenka på, Rohde har lyst å dela med andre. - Det fins så mange av oss som har mykje å by på og det vil eg ha fram.

Når det gjeld dagens unge, meiner ho dei er utsette for et langt større press for å gjera karriere og lukkast på alt frå Facebook til eksamenar, enn det ungdom hadde for nokre tiår attende.

- Dersom dei då får høyra eller trur om seg sjølve, at dei ikkje er gode nok og at alle andre er så frykteleg mykje betre, oppstår det eit problem. Det er då dei må ta tak i seg sjølve og seia: Du er god nok! Eg er heilt sikker på at alle menneske kan få til å gjera ein forskjell akkurat der dei er, på sitt vesle frimerke av kloden.

Foredraget Rohde skal halda i Odda heiter "Kjemp for alt hva du har kjært" og ho fortel at etter dette foredraget er det mange som kjem bort til ho etterpå, eller som skriv til ho seinare og fortel at det har gått eit lys opp for dei. - Så det er teikn i tida på at fleire klarer å kasta av seg det som hindrar dei i å rett og slett å visa varme.  

Mange er redde for dei store tinga, verdssituajonen, Trump. Nord Korea og så bortetter. - Me må hugsa på at me må byrja med dei nære tinga, seir Rohde. - Hilsa på bussen, vera venlege med kollegaer, seia hadet til ektemaken når me går. Livet vert så mykje lettare berre ved eit smil, det heilt grunnleggande og så må me dempa forventningane om at alt må vera perfekt og best.

Rohde er jurist og har arbeidd 25 år i politiet, og i foredraget vil ho by mykje på seg sjølv og tida si i Oslopolitiet. - Norsk politi er ein fantastisk organisasjon med mange, mange flotte menneske og idealistar. Me har all grunn til å vera stolte av norsk politi, men alt er jo ikkje perfekt. Min bane i politiet vart leiarskap i 20 år, eg skal ikkje snakka mykje om dette i Odda, men eg kjem med somme historiar og betraktningar om det å vera menneske og det å vera leiar og kva det gjer med oss, avsluttar Rohde som seier ho gler seg til å koma til Odda for første gong.
 



 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Person skutt ved Majorstua i Oslo
En person skal være skutt ved Majorstua i Oslo. Politiet har foreløpig ikke kontroll over gjerningspersonen.
2.
 Neymar senket Manchester United
(Barcelona - Manchester United 1-0) Mens overgangsryktene svirrer, fortsetter Neymar (25) å levere i sesongoppkjøringen.
3.
 Eieren av årets «Farmen»-gård: – Det er utrolig store forandringer
ARENDAL (VG) Familien Tangen har leid ut feriestedet til «Farmen»-produksjonen.
4.
 Dimitri Payet refses av West Ham-eier: – En trøblete fyr
Et halvt år etter den kontroversielle overgangen til Dimitri Payet (30), snakker West Ham-sjef David Sullivan ut om den franske urokråken.
5.
 Én død og syv skadet i karusell-ulykke i USA
Minst to personer skal ha blitt kastet ut av setene sine.
6.
 Tidligere marinesoldat hardt ut mot Trump-forbud
Emma Shinn er «sint, trist og skuffet» over at Donald Trump ikke lenger vil la transpersoner som henne selv tjenestegjøre i militæret.
7.
 Bergenser syklet seg vill på tysk bobil-ferie, endte opp på skytterfest: – Jeg drakk ikke
Da ekteparets bobil havarerte på Autobahn, forlot mannen i 60-årene kona og syklet for å finne drivstoff. Han endte på fest, og ble borte i timesvis.
8.
 Kjøpte feriebolig i Oslo for 68 millioner
Pia Øien Cohler (33), som er gift med teknologiinvestor og tidligere Facebook-topp Matt Cohler (40), har bladd opp millioner for to boliger i fasjonabelt Oslo-strøk.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse