Mest leste :
1.
 Stadig meir ungdom søker landbruksfag
2.
 Pukkellaks i alle laksevassdrag langs Hardangerfjorden
3.
 Folk manglar ofte dei enklaste, men likevel viktigaste ting
4.
 Sjølvbiografisk frå Lars Ove Seljestad
5.
 Det viktigaste er å komma i mål
6.
 19 millioner til infrastruktur i nye kommunar i Hordaland
7.
 Old River Saloon i samarbeid med Etnemarknaden
8.
 Folgefonna opp for sjette gong
9.
 Vått men godt i Uskedalen
10.
 Viktig engasjement for den norske brunbia
11.
 Nynorsken sin status framføre stortingsvalet
12.
 Kraft, olje og industri på hjarta
13.
 Nye norske potetsortar
14.
 Cruiseturistane avgjerande for turistnæringa i Åkrafjorden
15.
 Eitt ekstra døger kan gjera susen
16.
 Ny nemnd i Bygdalarm
17.
 På Radio Folgefonn fredag
18.
 På Radio Folgefonn mandag
19.
 På Radio Folgefonn onsdag
20.
 På Radio Folgefonn onsdag

Viktig engasjement for den norske brunbia
- Publisert 8. august 2017 av Mannsåker, Tone Marie
bier
Clik on image for large version
arkivbilete

I mange år har me høyrt at honningbiene døyr ut i verda. Dramatiske tilstandar med massedaude har skapt store overskrifter. Dei norske honningbiene har ikkje fått like mykje merksemd, trass i at dei og er kritisk trua

Honningbier vert halde som husdyr over store deler av verda. I Noreg har me tre ulike honningbier: krainer, buckfast og den brune bia - også kalla nordisk brunbie. Brunbia er Noregs nasjonale bierase og den er kritisk trua. Likevel har Norge ein av dei største kjende bestandane i verda ifylgje ei pressemelding frå Norsk Birøktarlag.

Opphavet til den nordiske brunbia er usikkert. Den utvikla seg adskilt frå dei øvrige honningbiene i Asia og Afrika for omkring 280 000 år sidan. Då dekka brunbia størstedelen Europa frå Ural i aust, til Irland i vest, frå Sveits/Frankrike i sør til Noreg i nord. I dag er det så vidt levedyktige populasjoner av brunbia i Norden, og i store delar av Europa er den nesten borte.

"Vikingebier"

Det er funne fragment av brunbier frå arkeologiske utgravingar, deriblant dei såkalla "vikingebiene" frå 1100-talet i Oslo. Det er lite truleg at vikingane hadde tambier, så honningen dei brukte til å søta mjøden med, meiner Birøktarlaget vart hausta frå ville bier som hadde bol i store og gamle trær.

Utbreiinga av landbruket førte til at skogane vart hogde for å gi plass til beitande dyr og dyrking av korn. Då dei gamle trea forsvann vart det færre villbier og menneska skjøna at dei måtte hjelpa biene med bustad for å få tak i honning. Dei første nedteikningar om birøkt i Noreg stammar frå 1700-talet. Ein bisverm som produserte mykje honning var verdfull, ettersom sukker var svært kostbart fram til 1800-talet.

Honningbier representerer store verdiar også i dag. I 2015 var verdien av norsk honningproduksjon anslått å vera omkring 200 millionar kroner. Verdien av biene si pollinering både av ville og kultiverte vekstar, antas å være langt større ifylgje Birøktarlaget.

Brunbia sin status i dag

Innføring av nye bieraser etter andre verdskrigen til brunbia sine opphavelege område, har ført til at den har vorte utvatna og utkonkurrert. Slik innføring har vore gjort i stort omfang både i Europa og Noreg, og er årsak stor tilbakegang for den ein gong svært utbreidde brunbia.

Utvatninga skjer når dronningane parar seg med fleire dronar (hannbier) frå ulike bisamfunn og ulike rasar, på den einaste paringsturen ho har i løpet av livet. Pressemeldinga fortel at krysningsbier ofte vert sinte og uregjerlege, og deier ikkje populære hjå birøktarar. For å unngå innkryssing av andre rasar på dronningane sin paringstur, må det ikkje finnast bifolk av andre rasar i mange kilometers omkrins frå avlskubane.

I åra etter 2010 var det var fleire utbrot av den svært smittsame og alvorlege sjukdomen "open yngelråte" i eit av brunbia sine kjerneområde i Noreg. Det gjekk derfor hardt utover den norske brunbiebestanden då tusenvis av bifolk i dette området, vart avliva for å hindra sjukdomen i å etablera seg i landet.

For å styrka avlsmateriale med brunbier, fortel Norges Birøkterlag at dei dei seinare åra teke inn brunbier frå det norske reinavlsområdet som vart etablert allereie i 1987. Birøktarlaget har og prøvd å importera avlsdyr frå ulike europeishar ke land, men det har vore vanskeleg grunna sjukdomssituasjonen for honningbier i Europa.

Aukt aktivitet for brunbia

Då bestanden av brunbier i Noreg var på sitt lavaste for få år sidan, tok nokre interesserte birøktarar ansvar og etablerte Norsk Brunbielag. Laget er i dag ein viktig aktør i arbeidet med å auka interessa for og kunnskapen om brunbia i Noreg. Laget melder at interessa for brunbia blant andre birøktarar har eksplodert dei siste par åra, parallelt med ei generelt aukande interesse for birøkt.

Norges Birøkterlag og Nordisk genressurssenter, NordGen, har og teke ansvar, og saman med Brunbielaget har dei initiert fleire tiltak for å styrka brunbiemiljøet i alle dei nordiske landa. Saman har dei mellom anna kartlagt brunbia sin status i Norden, etablert eit nordisk nettverk og utarbeidd ein felles nordisk handlingsplan for bevaring av den nordiske brunbia.

Større etterspurnad enn tilbod

På 2010-talet var antalet birøktarar og brunbier nesten halvert i høve til birøkten si storheitstid på 80-talet og birøktarar og brunbier var omtrent like trua. Dei siste tre-fire åra har trenden snudd, og både birøkt og brunbier er i sterk vekst i Noreg.

Eit godt avlsarbeid har gitt oss ei brunbie som i dag er etterspurd både nasjonalt og internasjonalt. For tida er etterspurnaden langt større enn norske brunbieprodusentar kan levera.

Dette meiner Norsk Birøktarlag lovar godt. -  Bevaring av den brune bia er ikkje et museumsarbeid. Den brune bia skal vera levedyktig og produktiv. På den måten vil norske birøktarar igjen ta den i bruk og sikra framtida for den brune bia, Noregs nasjonale honningbie.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Listhaug om Faten-hets: Hun er først og fremst en jente
Integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) sier det er uakseptabelt å trakassere jenter som bruker hijab, men fastholder at plagget er «kvinneundertrykkende».
2.
 Et småfly har styrtet utenfor Holmestrand
12.40 tvitrer politiet at et småfly har styrtet i nærheten av Holmestrand. To personer skal ha vært ombord, deres tilstand er uvisst.
3.
 Alt handler ikke om innvandring
At debatten om norske verdier utviklet seg til å bli en debatt for eller mot innvandring, er egentlig litt trist.
4.
 Derfor trenger vi kristne verdier
Det er vel og bra at politikere snakker om verdier, men det blir hult når de ikke er villig til å konkretisere hva verdiene betyr.
5.
 Hamar-mann dømt til 18 års forvaring for å ha tent på hus til sorenskriver
En 40 år gammel Hamar-mann er dømt til forvaring for drapsforsøk mot sorenskriveren i Hamar og hans familie etter å ha tent på boligen deres i juli 2013.
6.
 Bjørgen etter Johaug-dommen: – Jeg har det vondt
Både landslagskollegene og støtteapparatet er knust etter at Den Internasjonale Voldgiftsdomstolen (CAS) bestemte at Therese Johaug ikke får gå OL i vinter.
7.
 Therese Johaug i tårer etter CAS-dommen: – Jeg kan ikke skjønne straffen
SEISER ALM/OSLO (VG) En gråtkvalt Therese Johaug (29) møtte media i åtte minutter etter at OL-drømmen ble knust av CAS. Hun mener straffen er uforståelig og urettferdig.
8.
 Svensk kommentator fornøyd med Johaug-dom: – Veldig rimelig
Aftonbladet-kommentator Kristoffer Bergström mener Therese Johaug fortjener å bli straffet med 18 måneders utestengelse.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse