Mest leste :
1.
 Flatebø i finalen
2.
 Eidfjord "fullbooka"
3.
 Universitet heilt utan pensum og eksamen
4.
 Me må skryta mykje meir
5.
 Vil ha færre lam neste år
6.
 40% auke for cruisetrafikken i Hardangerfjorden
7.
 Haustfest med Sandra Lyng
8.
 Styrkar omsynet til hule eiketre
9.
 Teknobonden investerer i maskiner
10.
 Samanslåinga av dei to vestlandsfylka i gong
11.
 Godt resultat for Tysnes Sparebank
12.
 Kulturelt utviklingsprogram - tildeling 2017
13.
 Teikning og skulptur i Galleri G. Guddal
14.
 Olaug Nilssen nominert til Brageprisen
15.
 Folkemusikkstipend til Berit Opheim
16.
 Kjempemotivert regnbogeallianse
17.
 Trafikklysa er "aktiverte", men Villaksalliansen er ikkje nøgd
18.
 På ski over Hardangervidda i årets mørkaste natt
19.
 Eldre dame som får god oppvarting
20.
 Seks ordførarar krev at politikarane held valløfta sine

Fem døgn, 99 arrangement, søppregn og smilefjes
- Publisert 17. oktober 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Cold case
Clik on image for large version
Cold Case i Sentralbadet. Bilete: Tone Mannsåker

Litteratursymposiet 2017 går inn i historia som eit av dei store. Etter 99 strøkent gjennomførte arrangement, er festivalleiar Ingvild Ystanes strålande nøgd. - Det boblar av glede i heile meg, seier ho i samtale med programsekretær JK Flattun

På biletet f.v. Museumsdirektør Knut Markhus, radio-journalist Brit Aksnes  og forfattar Kjell Ola Dahl

Om det er publikumsrekord i år, veit ho ikkje heilt endå. - Men det har vore fulle hus stort sett over alt, så at det var ein publikumssuksess, er det ingen tvil om.

Årets tema, kapital, var det openberrt mange som tente på. - Me klarte å programmera det slik at det var mange ulike inngangar til temaet, seier Ystanes. - Kapital er ikkje kjedeleg, ser du.

Når det gjeld rammene rundt, meiner ho at festivalen har funne sin form. - Me tek byen i bruk på kryss og tvers. Eg er veldig nøgd i år, me har brukt Lindeplassen godt med Sentralbadet Litteraturhus samt Containerverkstaden der våre nye naboar, Bluesklubben, held til. Me drøymde om konsertar på plassen ute, men veret sette ein stoppar for det, så det måtte me flytta inn, men det var veldig god stemning der oppe.

Det var i det heile god stemning over heile byen under festivalen. Trass i søppande regn og tung himmel, myldra folk omkring med smil om munnen og eit gjennomvått programhefte i handa, morgon, middag og kveld. 

Når det gjeld høgdepunkt, kjem svaret kjapt frå festivalleiaren. - Eg er nok litt nerdete. For meg er det topp når systema våre virkar og at medarbeidarane mine veit kva dei skal gjera. Eg kjem gjerne susande inn frå sidelinja med heseblesande spørsmål om me har hugsa det og det, og då er svaret alltid: Slapp av - dét har me kontroll på. Så dei er erfarne og rutinerte.

Sjølv om Smelteverketsområdet med Sentralbadet, Lindehuset og Containerverkstaden er eit slags pulserande hjarte i Litteratursymposiet, er Ystanes oppteken av at festivalen ikkje skal fortetta seg der. - Det må ikkje vera slik at den som ikkje finn vegen til Lindeplassen, ikkje oppdagar at det er ein festival på gang. Derfor brukar me heile byen og får litt puls i gatene og.

Den påkomande kommunesamanslåinga er noko festivalen allereie førebur seg til. - Eit par veker før festivalstart var me rundt om i nesten heile Hardanger. Jondal og Ullensvang naturlegvis, men og i Eidfjord, Ulvik og Kvam, for å snakka med naboane våre og diskutera kva me kan bidra med og vise versa, slik at ein kan gjera Litteratursymposiet endå meir relevant for heile Hardanger.

Eit tett samarbeid med Ullensvang har festivalen hatt lenge. - Mellom dei omlag 30 skulearrangementa me har, er det mange som er lagt til skule og barnehage i Ullensvang til dømes. 

Årets festival er altså vel i hamn, no gjenstår det berre å telja hovud og kroner og gjera opp status. - Det er alltid veldig kjekt å starta på nytt, ny festival, blanke ark, seier Ystanes.

Mange set stor pris på dei musikalske høgdepunkta under festivalen og Ingvild Ystanes lovar at det vert det i framtida og. - Sjølv om dette primært er ein litteraturfestival likar me å ha både musikk, teater og humor programmert inn, så det vert det, seier festivalleiaren som kan pusta langt og godt ut etter det mange meiner er tidenes festival.

Formelt sett er det Kulturetaten i Odda kommune som er arrangør for Litteratursymposiet, med Blueslaget lokst utøve som teknisk arrangør.







 

 

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Studie: Menn distraheres lettere i trafikken enn kvinner
Kjønn og personlighetstype avgjør ifølge en fersk studie hvor lett du blir distrahert mens de kjører bil.
2.
 Dette er Statoils nye gigantprosjekt i Nordsjøen
DUDGEON VINDPARK I NORDSJØEN (VG) Onsdag tok oljegiganten Statoil et stort steg inn i vinden. VG ble med til havs.
3.
 Basel straffet Manchester United i Zlatans Champions League-comeback
(Basel – Manchester United 1–0) Mohamed Elyounoussis (23) Basel skjøt seg opp på andreplass i gruppen da de straffet et sjansesløsende Manchester United.
4.
 TA: Kari Grønnestads datter tilstår likskjending
Kari Grønnestad ble funnet drept i et hundebur i Skienselva i 2015. Nå erkjenner datteren straffskyld for likskjending, melder Telemarksavisa.
5.
 Messi startet på benken – Barcelona videre etter tamt storoppgjør
(Juventus-Barcelona 0-0) Uten å imponere nevneverdig, tok Barcelona det ene poenget de trengte for å ta seg videre i Champions League.
6.
 Reagerer kraftig på Sandbergs ørefik-utspill: – Utrolige uttalelser
En god gammeldags ørefik er noe de aller fleste mannfolk forstår, sa Frp-Sandberg om å svare på seksuell trakassering. – Bare trist, sier LO-nestleder Peggy Hessen Følsvik om kommentarene.
7.
 Pakk vekk pisken, Hetland!
Det er en latterlig overreaksjon å kalle Petter Northugs instagram-post for et «grovt overtramp». De mulige følgene av ledelsens linje, er bare til å grine av.
8.
 Nikolai Astrup (H) om lærernorm: – Ikke vår modell
KrF og Venstre jubler over blant annet lærernorm og flere kvoteflyktninger. – Viktig test for borgerlig samarbeid, sier Venstres Terje Breivik om budsjettenigheten.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse