Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
5.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
6.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
7.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
8.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
9.
 Mange vil rydda strender
10.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 2017 - rekordår for Mikkelparken
14.
 Meiner turisme trugar villreinen
15.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
16.
 Parkeringsavgift i Odda sentrum - ikkje øverst på ynskjelista
17.
 Har du ein etablerar i magen?
18.
 Debattklimaet har vorte for hardt
19.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
20.
 Nasjonalparken vil høyra di meining

Myrkdalen satsar stort på arrangement
- Publisert 15. november 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Konsert i Myrkdalen Fotograf Sverre F. Hjørnevik
Clik on image for large version
Bilete: Sverre F. Hjørnevik

- Programmet for vintersesongen i Myrkdalen er sleppt, og lista over aktivitetar, store artistar og arrangement speglar Myrkdalen i stadig vekst, seier arrangementsansvarleg, Pernille Olafsen Mustad

Ho fortel i ei pressemelding at satsinga på aktivitet i dalen, spelar ei viktig rolle i å nå målet om å verta Noregs tredje største skidestinasjon. Ho forklarar:

- Desse ekstratilboda skaper ei heilheit til skiopplevinga i Myrkdalen, og gjer oss meir interessante i framtida. Vi ynskjer at Myrkdalen skal vera ein stad folk vender nasen til for å oppleve eit variert utval aktivitetar og arrangement.

I samband med det populære park-arrangementet, Open Klasse, siste helga i april, kjem fleire kjende artistar til fjellandsbyen. Artistane vil sørga for å laga ein skikkeleg folkefest for å avslutte ein lang og innhaldsrik vintersesong, seier Olafsen Mustad. Kjartan Lauritzen, Vazelina Bilopphøggers og Halie, det nye stjerneskotet frå Bergen, vil kvar sin dag stå på utescena denne helga.

- Vi kliner til med gratiskonsertar i tre dagar for å takka for sesongen. Vi har plukka ut artistar som både er nye og etablerte, og som vi meiner passar for ein kvar smak. Det blir ei fantastisk helg, slår arrangementsansvarleg fast.

Etter å ha fått terningkast fem under Øyafestivalen i sommar, er rockabilly-bandet Vazelina Bilopphøggers i vinden som aldri før. Kjartan Lauritzen, rap-talentet og gledesspreiaren frå Balestrand, spelar i Myrkdalen for tredje år på rad. Sidan sist har han blitt endå varmare i trøya, og låtane «Havanna» og «Fredag» har til saman over fem millionar avspelingar på Spotify. 16 år unge Halie imponerte stort då ho hadde sin debutkonsert under Vill Vill Vest. Bergens Tidende gav ho terningkast seks for konserten. Ho er allereie sikra til neste års Bergenfest og Slottsfjell.

Myrkdalen har sakte men sikkert bygd opp fleire faste arrangement gjennom året. Alt i frå barnefestivalen, SkiSeksa, Open Klasse og MyrkLeik. Dei har jobba aktivt med å få opp aktiviteten om sommaren og hausten.

- Vi har opplevd ei sinnsjuk interesse for tilboda i haust. Dei fleste arrangementa har vore utselde lenge før datoen, fortel marknadsdirektør Kaia Finne.

Fram mot vinteropninga Pray for Snow i desember, vert det mellom anna arrangert yogahelg, og musikalsk og kulinarisk aften med Sjur Hjeltnes og meisterkokk Ørjan Johannessen. I tillegg vil Myrkdalen sørga for julestemning med julemarknad og julegrantenning på det nye bilfrie torget i desember.

- Under sesongopningsdagen Pray for Snow 16. desember vil vi feira starten på sesongen saman med DJ Friendly, fortel Olafsen Mustad.

Andre høgdepunkt i vinter, er tapas og dans på hotellet med Tore Endresen i januar. I februar blir det barnefestival med Mikkel og Mikkeline, samme dagar som det vert konsert med Jan Eggum – òg danseshow med Absence Crew. I mars kjem det populære bandet Stavangerkameratene til dalen. Utanom konsertar, er programmet spekka med ulike skirenn, kurs, barnearrangement, afterski og anna moro.

- Det er utruleg kjekt for oss som jobbar i Myrkdalen å skapa så mykje liv og røre for både lokale, tilreisande og hytteigarar. Vi ser fram til ein innhaldsrik vinter, fortel arrangementsansvarleg Pernille Olafsen Mustad.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Migrapolis-profil sparket etter 19 år i NRK grunnet manglende kompetanse: – Dette er en farse
– De hadde bestemt på forhånd at de ville bli kvitt meg, sier NRK-journalist Rajan Chelliah. NRKs fagforening mener saken går rett inn i kjernen av hvorfor de NRK- ansatte streiker.
2.
 Passproblemer
Nordmenn som ennå ikke har søkt om fornyelse av utgått pass, eller som trenger et nytt, kan risikere at sommerens utenlandstur går i vasken.
3.
 Dårlig nytt for Trump-advokat: «Taxi-kongen» vil samarbeide med myndighetene
Michael Cohens forretningspartner Evgeny Freidman skal ha gått med på å hjelpe myndighetene for å slippe fengselsstraff.
4.
 Person knivstukket i Oslo: To pågrepet
Politiet i Oslo har pågrepet to personer etter at en person ble knivstukket i Oslo sentrum natt til onsdag.
5.
 Mann til sykehus etter eksplosjon i varmeanlegg i Oslo
En mann er kjørt til sykehus med moderate skader etter at en eksplosjon gikk av i et varmeanlegg på Haugerud i Oslo.
6.
 Smittsom hjernehinnebetennelse påvist hos russ i Sandnes
En russ fra Sandnes ble mandag innlagt på sykehus med smittsom hjernehinnebetennelse. Personer vedkommende har utvekslet spytt med, har fått antibiotikum.
7.
 NRK-journalist tatoverte en «Streikepanda» på leggen
NRK-streiken fortsetter for fullt, og ivrige streikere samler seg over hele landet for å kjempe for blant annet høyere lønn og likebehandling av midlertidig ansatte. Noen journalister er imidlertid ivrigere enn andre.
8.
 Syk øksedrapsmann utskrevet mot sin vilje: – Ble feilbehandlet
BERGEN / OSLO (VG) Om lag tre uker før bergensmannen ringte politiet og sa han hadde drept sin mor med øks, ble han utskrevet fra psykiatrisk institusjon mot sin vilje. Han gjentok på institusjonen at han kom til å skade mennesker.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse