Mest leste :
1.
 Klar for den 21. Blueshelga lokst utøve
2.
 Mat langs vegen i Eidfjord
3.
 Dei viktige vegvala
4.
 Skogen i Noreg veks
5.
 På Rullestad Aktiv blir turistane verande etter at Trolltunga er i boks
6.
 Gler seg til å opna dørene
7.
 Skal balansera bruk og vern av Hardangervidda
8.
 UDI kuttar 17 asylmottak og 1.600 plassar
9.
 Mykje nedbør gir mindre lakselus i fjordane
10.
 Americana med "Ni Liv" på Saloonen
11.
 Daniel Holten må sanka poeng
12.
 Ytterlegare 5 millionar kroner til Musikkorpsenes år 2018
13.
 1,3 milliardar kroner til samanslåingskommuner
14.
 Livleg laurdag i Odda sentrum
15.
 Ettermiddagskonsert på Iris Scene
16.
 Oppmodar alle til å bruka røysteretten
17.
 Vil ikkje ha kommunal turistskatt
18.
 Oddalansering av "Ta hand om deg"
19.
 Ikkje utbygging i Øystesevassdraget
20.
 Rekordlavt antal ROBEK-kommunar i 2017

Eit distriktsfiendtleg vedtak som har gått under radaren
- Publisert 12. mai 2017 av Mannsåker, Tone Marie
170-1[1]
Clik on image for large version
Illustrasjonsbilete

Næringsliv i Distrikts-Noreg har i 15 år forvalta kompensasjonsmidlar til regional utvikling og lokale prosjekt av stor samfunnsnytte. No vert midlane kutta av regjeringa, og i staden kanalisert inn i statskassa og vidare mot infrastruktur i byområda

Dette seier Øystein Matre, styreleiar i Vindafjord Arbeidsgiverforum, (VAF) og administrarande direktør i Westcon Yards, i ei pressemelding.

-  Dette er ein villa politikk frå ei distriktsfiendtleg regjering, som ikkje berre vil påverka næringslivet i distrikta, men også regional utvikling.

Matre fortel at næringslivet i distrikta i 15 år har motteke refusjonsmidlar for høg arbeidsgivaravgift. Refusjonsordninga har vore tverrpolitisk forankra, og eit distriktspolitisk verkemiddel som skal kompensera for utfordringane ved å driva næring i distrikta. Næringslivet i utkantstrok har fått refundert om lag 60 % av differensiert arbeidsgivaravgift, og midlane er gitt vidare til lokalsamfunna for å fremja regional utvikling.

Som forvaltar av midlane i Vindafjord, har VAF nytta pengane til å utvikla infrastruktur og iverksetja samfunnsprosjekt verdt meir enn 300 millionar kroner i regionen.
I revidert nasjonalbudsjett er ordninga fjerna med eit pennestrøk, og utan reell debatt,  ifylgjeMatre.

Under radaren

- Det som var eit særs viktig distriktspolitisk verkemiddel, kjem no til å forsvinna til byområda på kostnad av regional utvikling i norske utkantstrøk. Me har ikkje funne nokre politiske vurderingar som bygger oppunder avviklinga av denne ordninga. Så langt har me heller ikkje funne at saka har vore debattert på Stortinget. Det er eit demokratisk problem at departementet her verkar å ha avvikla ordninga utan open politisk debatt, seier han.

I 2016 betalte næringslivet i Distrikts-Noreg totalt 732 millionar kroner i ekstra arbeidsgjevaravgift. Til no har mellom 60 og 70 prosent av desse kome tilbake til distrikta gjennom refusjonsordninga. Den resterande summen har hamna i statskassa.

- På kostnad av Distrikts-Noreg som til no har nytta midlane til viktig regional utvikling, vil pengane forsvinna til infrastruktur i byområda i Noreg. Me kan ikkje sjå korleis desse midlane no vil koma distrikta til gode, seier Matre.

Utvikling for 300 millionar

VAF har formidla desse refusjonsmidlane til meir enn 130 regionale prosjekt innan infrastruktur, regionalutvikling, samfunnsprosjekt og kompetanseheving med stor ålmenn nytte.

- Regionalt har refusjonsordninga hatt ei utløysande effekt på prosjekt med ein totalverdi på meir enn 300 kroner. Desse prosjekta, alt frå kulturhus og idrettsanlegg til kompetansehevingstiltak, breibandsutvikling eller gang-og sykkelvegar, ville ikkje vore iverksette om det ikkje hadde vore for desse midlane, seier Matre.

Han meiner at i allereie krevjande tider for næringslivet, kjem avviklinga på verst tenkeleg tidspunkt.

- Me må førebu oss på at det kan bli tøffe år framover med låg aktivitet og høg arbeidsløyse. Næringslivet i distrikta er sårbare, og me er avhengige av ein politikk som kan bidra til å oppretthalda Distrikts-Noreg og næringane her. Regjeringa sitt vedtak om å kutta denne ordninga er det stikk motsette, avsluttar Matre.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Fergie om bruddet med Josh Duhamel: – Ikke mer romantikk
Fergie (42) kommentere bruddet mellom henne og Josh Duhamel (44).
2.
 Aftonbladet: Terrortrussel mot Stockholm
Aftonbladet melder at den svenske sikkerhetstjenesten jobber med en terrortrussel mot Stockholm.
3.
 Strålende høsthelg over hele landet – litt grått på Østlandet
Aldri undervurder september! Vi går nok en strålende knallhelg i møte – eneste skår i gleden er skydekke over Østlandet.
4.
 Konflikt på hellig grunn
Det er ikke fred å få i Jerusalem. Den hellige by er et veikryss for tre verdensreligioner og et brennpunkt i den israelsk-palestinske konflikt.
5.
 Faktasjekket Støre: Ble kalt inn på teppet hos Ap
Da Ap-leder Jonas Gahr Støre gjentatte ganger ble tatt i feil av faktasjekkere, kalte Støres høyre hånd inn redaktører til oppvaskmøte på Aps partikontor på Youngstorget.
6.
 Gjermund Cappelen: – Når jeg er på vei ut, er han på vei inn
Den knusende dommen mot Eirik Jensen (60) føles som «en slags oppreisning» for Cappelen.
7.
 Cuphelten Halvorsen måtte «slite seg inn» på Sarpsborg-laget
VALLE (VG) (Vålerenga - Sarpsborg 0-3) Han kom gratis «hjem» til Sarpsborg etter at Odd kansellerte det siste året av kontrakten hans. Etter knallhardt arbeid blir belønningen cupfinale og trolig seriemedalje for Ole Jørgen Halvorsen (29).
8.
 Nordlie kritisk til VIF-troppen – Deila varsler opprydning
VALLE (VG) Vålerenga-troppen er bygget på feil måte, mener fotballekspert Tom Nordlie (55). Men store omveltninger er i vente, forsikrer VIF-sjef Ronny Deila (42).


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse