Mest leste :
1.
 Hardangergullsmed bak fulltreffaren NR01
2.
 "Prøvekøyring" av ny heimebane
3.
 Målmedviten musikkstudent på springbretttet
4.
 Festidalen byttar helg
5.
 Endringar i reglar for opptak til høgare utdanning
6.
 Folkebiblioteka som debattarena
7.
 Vil ha innspel frå innbyggarane
8.
 Til kamp for råderett over krafta
9.
 Tru det eller ikkje - årets tema er LØGN
10.
 Suttar etter 10 år i stillinga
11.
 150 tunnelar på Vestlandet vert rusta opp
12.
 På Radio Folgefonn onsdag
13.
 Rekordomsetning på Grüne Woche i 2018
14.
 Rekordmange vel norsk flagg
15.
 Noreg får som første land spesialtrent innsatsteam for helsekriser
16.
 Ny anbodskonkurranse om omdeling av laurdagsaviser i distrikta
17.
 Tillet ikkje import av skotsk oppdrettslaks
18.
 Migrasong – tonane dei bar med seg over havet
19.
 Vinterferie i Statskog sine hytter
20.
 Er byen din attraktiv?

Med eigne ord
- Publisert 16. januar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Eirin Spilde
Clik on image for large version
Eirin Spilde. Bilete: JK Flattun

For nokre år sidan fekk Eirin Spilde ei utfordring av musikaren Gunnar Bjelland. Han hadde skrive ein melodi meint for ho, men ho fekk den berre dersom ho skreiv teksten sjølv - ein jobb Spilde trudde at ho aldri ville få til

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel ho at ho grubla mykje på denne utfordringa og at ho fleire gonger prøvde å overtala Bjelland til å skriva teksten. Men han heldt fast på sitt .

- Og plutseleg losna det, ei natt faktisk, då eg sat og lytta til melodien. Dette er tre år sidan og då hadde eg ei litt tung tid i Odda, sat inne med mykje kjensler og såre erfaringar, og i ein ein slik situasjon får ein gjerne behov for å setja ord på ting, seier Spilde.

Ho fortel at det kom ein heil song med fire vers og refreng der og då. - Og då måtte eg ta det ned på papiret, ellers hadde eg ikkje hugsa noko av teksten etterpå.

Då dette var gjort, ringte ho Bjelland - midt på natta og fortalde at ho hadde gjort det han bad om. Ville han lesa det?

Det ville han, og responsen Spilde fekk frå den kanten var oppløftande. Eg visste det. Fantastisk, sa han ifylgje Spilde. - Og der byrja det faktisk for meg når det gjeld å skriva tekstar, seier ho.

No ligg det føre ei diktsamling på 300 dikt frå Eirin Spilde si hand, fleire av dei tidlegare publisert på Facebook. Somme har oppmoda ho om å samla tekstane i ei bok, noko ho no har gjort i samarbeid med fotograf og designer Tor Kaspersen som ho vart kjend med då ho heldt konsert i Haugesund for halvanna år sidan.

- Me er vener på Facebook, der las han dikta mine og sende meg eitt som han hadde illustrert, som eg syntes var veldig bra gjort. Det er han som har vore pådrivar i dette bokprosjektet, og realisering av sjølve boka byrja eigentleg der, fortel Spilde, og legg til at det og har kome ein førespurnad frå Tyskland  og, og at boka skal vera ferdig for sal der til våren.

Når et gjeld innhaldet i dikta, skriv ikkje Spilde i eg - form. - Det er jo mi historie så klart, men eg trur eg skriv slik at mange kjenner seg att i det dei les. Det får eg og tilbakemeldingar på frå fleire, og eg er svært glad for at mange gir uttrykk for at dei likar det eg gjer.
Dersom eg kan røra nokre hjarte, synes eg det er fantastisk, seier ho.

Boka heiter "Ord som varmer".

Ifylgje Spilde var det forfattaren Lars Ove Seljestad som anbefalte at dikta vart utgjevne på eige forlag, noko Tor Kaspersen har teke seg av. Han er og mannen bak alle illustrasjonane i boka.

Boka kjem saman med ein kalender for 2018 og ein CD med bakgrunnsmusikk.

Den ferske forfattaren er for dei fleste mest kjend som songar, og samarbeidet hennar med den britiske bluesmusikaren Norman Beaker, har vore omtalt på Radio Folgefonn tidlegare.  Det kan du lesa om her: Blåtonar.

I desse dagar har Eirin Spilde vore innom studioet "Lyd i løo" i Norheimsund, der ho har spelt inn to av dei låtane som Norman Beaker har skrive til ho.

- Det er Norman Beaker Band som står for musikken, det er spelt inn i England og sendt til platestudioet. Eg er berre med på vokal, så det er jo fantastisk, seier Spilde.

Om det kjem større oppdrag for artisten Eirin Spilde etter samarbeidet med Norman Beaker, har ho eit realistisk syn på. - Eg har vore så heldig å dette låtmaterialet av ein så anerkjend musikar/komponist som Norman Beaker, og då må eg jo gjera noko med det. Kva som kjem etterpå får me sjå, men skulle det verta suksess, er jo det ein god bonus å ta med seg.




 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Slik drives den norske FN-valgkampen
Med nyinnkjøpt residens til 87 millioner kroner er Norges FN-ambassadør Tore Hattrem klar for å kjempe om en plass i det mektige Sikkerhetsrådet.
2.
 Spellemannprisen: Altfor sent, og litt tidlig
«Årets Spellemann» gikk til riktig kjønn. Til en kvinne som fortjener priser. Fra en jury som virker overivrig.
3.
 Slik gratulerer VG-leserne rekord-Bjørgen: – Måtte du leve evig
Hundrevis av VG-lesere har sendt inn sine gratulasjoner og hyllester til Marit Bjørgen (37) etter at skidronningen søndag ble tidenes mestvinnende vinterolympier.
4.
 Slik ble vi kjent med Astrid Smeplass
Vinneren av «Årets Spellemann» fikk ros allerede i sin aller første omtale i pressen.
5.
 DN: Stortinget tok hensyn til frimurerlosjen og handelsstanden og innfridde millionkrav
Frimurerlosjen og handelsstanden fikk gehør for en ny tunnelløsning som alene økte prisen på Stortingets byggeprosjekt med flere hundre millioner, ifølge DN.
6.
 Festfotball sikret Peps første tittel: – Dette trofeet er for Manchester City, ikke meg
(Arsenal-Manchester City 0-3) I sin 99. kamp som Manchester City-trener, tok Pep Guardiola sin første tittel i sin første finale med klubben. Etter kampen var katalaneren i det ydmyke hjørnet.
7.
 Skammelig av Løfshus
Vidar Løfshus har all grunn til å slå seg på brystet over det Norge presterer i sporet. Dessverre fortsetter han å gjøre det også om ting han har lite peiling på.
8.
 Toppsjefens triumf
PYEONGCHANG (VG) Den norske OL-suksessen skyldes summen av en rekke faktorer. Men det er lov for Tore Øvrebø til å glise litt ekstra bredt på flyet hjemover.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse