Mest leste :
1.
 Ambisiøst mål for reduksjon av matsvinn
2.
 Kuttar millionar i 4H-støtta
3.
 Askeskogen i Hordaland døyr
4.
 Færre døyr i landbruksulukker
5.
 Vossabadet - rein glede
6.
 Fenalåret "EU - godkjend"
7.
 Statskog har ledige hytter
8.
 Stort haustprogram på Old River Saloon
9.
 Lothepus og Tokvam i bokprat på årets symposium
10.
 Rett Bemanning melder oppbud
11.
 Lunsj med noko attåt
12.
 Satsar på auka bruk av sykkel
13.
 Hjartebank for "alle penga"
14.
 Premiere på "Industripionerane"
15.
 Fossilfrie bussar i Hordaland innan 2025
16.
 Å leva med faren for flaum og skred
17.
 Historisk sus over det første fellesmøtet
18.
 Full fart i Røldal
19.
 Rimeleg godt nøgd med sesongen
20.
 Regional kystsoneplan

Askeskogen i Hordaland døyr
- Publisert 29. september 2017 av Mannsåker, Tone Marie
ask1
Clik on image for large version
Ask. Bilete:Skogveven

Askeskotsjuka trugar norske askeskogar. Dette kan få fylgjer for artsmangfaldet mellom anna for insekt som er avhengige av ask. Sidan 2008 har ein betydeleg andel norske asketre fått daude greiner utan blader

nibio.no fortel at me veit lite om insekta som har tilhald i ask. Gjennom å gassa asketre slik at insekta dett ned, skal forskarane studera artsrikdommen nærare.

I januar i år skreiv nibio.no om konsekvensen av sjukdom på ask. Ask er eit av dei vanlege edellauvtrea i Noreg, og på Vestlandet er det store lier som er dominert av ask. Så kva skjer eigentlig om 80 prosent av asketrea vert sjuke og døyr? Jo, først vil liene verta dominerte av ståande daude tre, så vil desse falla og me vil få opne skogar med mykje liggande daud ved. Når skogane vert opna, gir dette plass og lys slik at nye tre kan voksa opp, og ulike artar vil konkurrera om desse nye lysopningane i skogen.

I vestlandsliene vil sannsynlegvis platanlønn, alm, hassel og or erobra tomrommet etter falne asketre, ifylgje nibio.no. Fleire fryktar at platanlønn, som er eit innført treslag oppført på Norsk svarteliste, skal ta over plassen etter falne asketre. Dette bygger i hovudsak på at platanlønn har svært god etableringsevne.

Endringane i vestlandsliene vil også få konsekvensar for det biologiske mangfaldet. Både levande og daude asketre er viktige for så mange som 74 raudlisteartar av lav, mose, sopp og insekt. Desse artane vil kunna få problem når askebestanden vert til dei grader pressa, men truleg vil dei fleste artane også kunna overleva på andre edellauvtre. Studier frå England viser at platanlønn kan være eit viktig vertstre for flere av artane som i dag har ask som levestad.

Torsdag 28.septemebr fortel nibio.no at ein no gjer tiltak for å finna ut kva for insekt og organismar som lever på og i asketre.

Gassing av tre er ein metode som er mykje nytta for å studera insekt i regnskogen i tropane, men er relativt ny i Noreg.

- Dette er ein metode me har tatt frå tropane og tilpassa norske forhold. Det høyrest kanskje dramatisk ut, men det er slik at mange insekt oppheld seg i trekrona og ved å senda opp eit mildt insektmiddel får me ein "knock-down"-effekt som gjer at insekta dett ned. Metoden gjev eit godt tidsbilete på kva slags artar som er i treet på dette tidspunktet, opplyser NIBIO-forskar Karl Thunes, men legg til at ver og vindforhold vil spela inn på kva ein finn.

Tidlegare har forskarane brukt metoden til å undersøke furu og eik på ulike lokalitetar i Noreg.

- På furu fann me meir enn 100 artar som var nye i Noreg og ni som var nye for vitskapen. På eik var det noko færre artar, men 21 var nye arter som ikkje var omskrivne. Me kan vera ganske sikre på at ein del av dei me no har samla frå ask, også er artar som ikkje er skildra. Det me ynskjer å gjera er å kartlegga artsmangfaldet - det skjulte livet. Det store målet er å finna ut kva me faktisk har av insekt på tre her i Noreg, seier han.

Ifølge Thunes er ask eit av trea vi veit minst om når det gjeld insekt:

- Ask har nok ikkje vore sett på som like viktig som ein del andre treslag fordi det ikkje er eit økonomisk viktig tre så som gran, og heller ikkje så artsrikt som eik.

Men ask har kome i fokus dei siste åra fordi den står i fare for å gå sterkt tilbake. Askeskotsjuke, ein asiatisk sopp, har spreidd seg med høg hastigheit i store delar av Europa. No har sjukdomen også fått godt fotfeste i Noreg, og ask er ført inn på den nasjonale raudlista som sårbar.

- Askeskogen er i tilbakegang i Noreg på grunn av askeskotsjuka. Det gjer det endå meir viktig å finna ut kva slags artar som lever i og på ask – og kva slags artar som står i fare for å forsvinna, seier Thunes.

NIBIO-forskaren meiner me har ei moralsk plikt til å ta vare på naturen og kartlegga den for å finna ressursar som kan verta nyttige i framtida.

- Trekronene er som djuphavsområda. Mykje er ukjent og me har berre skrapa overflata når det gjeld artsmangfaldet i skogen vår her i nord. Alle artane har ein funksjon og er ein del av balansen, påpeikar han.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 TMZ: Sean Penn forsøker å blokkere Netflix-dokumentar
Skuespilleren skal være lite fornøyd med å bli beskyldt for å tyste på narkobaronen El Chapo overfor det amerikanske justisdepartementet.
2.
 Thoresen-show mot Stjernen
Patrick Thoresen (33) er i ferd med å finne seg til rette i den norske hockeyligaen. Han scoret to og bidro med én assist da Storhamar slo Stjernen 5-2.
3.
 Bokanmeldelse: Torgrim Eggen: «Forbindelsen. Jensen vs. Cappelen, 16 tonn hasj og vår tids største politiskandale»
Torgrim Eggens Eirik Jensen-bok er et uhemmet ukritisk partsinnlegg der klisjéene blir for mange.
4.
 Sveriges sensasjonslag fortsetter å herje i Europa
(Östersund-Athletic Bilbao 2-2) Etter bare ett år på Sveriges øverste nivå overrasker eventyrklubben Östersund hele Fotball-Europa.
5.
 Mancini etter seieren over RBK: – Vi får det ikke lett i Trondheim
ST. PETERSBURG (VG) (Zenit - Rosenborg 3-1) En marerittåpning og et par fryktelig lette Zenit-scoringer sørget til slutt for RBK-tap. Men Zenit-manager Roberto Mancini (52) tror likevel ikke det blir noen enkel oppgave å møte trønderne på Lerkendal.
6.
 Det lovløse rom
Den internasjonale jakten på overgripere mot barn foregår i lukkede rom. Norske myndigheter våger knapt å åpne døren på gløtt.
7.
 Hasteinnkaller justistopper etter overgrepsavsløring
I to uker var Riksadvokaten taus om metodene australsk politi brukte for å avsløre overgripere. Nå bekrefter han at Norge ikke har det nødvendige lovverket.
8.
 Svenske dømt for buss-porno
En svensk bussjåfør er dømt etter å ha sett porno på nettbrett mens han kjørte ungdommer fra Östersund til Stockholm.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse