Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
5.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
6.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
7.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
8.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
9.
 Mange vil rydda strender
10.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 2017 - rekordår for Mikkelparken
14.
 Meiner turisme trugar villreinen
15.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
16.
 Parkeringsavgift i Odda sentrum - ikkje øverst på ynskjelista
17.
 Har du ein etablerar i magen?
18.
 Debattklimaet har vorte for hardt
19.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
20.
 Nasjonalparken vil høyra di meining

Snarvisitt i "Skuggane sin dal" før lyset vart tent
- Publisert 26. januar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
l-Skalltaket
Clik on image for large version
Bilete: JK Flattun

I samband med opplysninga av Skalltaket på Smelteverkskromta i Odda, fekk publikum høve til å vera med inn i løynde rom, katakombene under det som er synleg, og då juksa ein ikkje med tryggleiken

Programsekretær JK Flattun var med på omvisinga og fortel at alle måtte ha hjelm og hovudlykt på. I tillegg fekk publikum streng oppmoding om å fylgja flokken, ikkje vandra omkring på eiga hand.

Det var plansjefen i Odda kommune, Kristian Bondhus Jensen, som var omvisar i mørket og for å forsikra seg om at han fekk alle med seg ut att, talde han opp kor mange som var med. At nokon skulle verta etterlaten i Skuggane sin dal - som han kalla det, var ikkje aktuelt 

Bondhus Jensen fortalde at Skalltaket som vart reist i 1955 - 56 var det ypperste av ingeniørkunst på den tida. Det var knapt med betong i etterkrigstida, derfor gjekk ingeniørane for ei løysing med eit overraskande tynt tak i armert betong, med stor flate under, omlag 25 meter ned til golvet på det høgaste.

Skalltaket var lagringsplass for koks og kalk då produksjonen gjekk sin gong ved Odda Smelteverk. Koksen vart frakta frå kaien via transportvaier i vagger som vart tømde under Skalltaket. Derifrå gjekk koksen i sjakter ned i katakombende der den landa på transportband som tok den vidare inn i produksjonen ved det som ein gong var verdas største karbidfababrikk.

Kristian Bondhus Jensen karakteriserer Skalltaket som ein banebrytande konstruksjon i Noreg i si tid.

Innbyggarane på Nyland levde med lyden av vagger som vart tømde, døgnet rundt. Ein skulle tru at dét var eit veldig forstyrrane element i kvardagen, men ifylgje fleire som bur og har budd i området, var det tvertimot.

Det var då vaggene stod stille at uroa breidde seg, det var den unormale stilla som stjal nattesvevnen. - Me trakk eit lettelsens sukk då vaggene gjenopptok sin normale døgnrytme, seier Flattun som hadde oppveksten sin på Nyland.

Etter vandring i djupaste mørke, passa det godt at lyset noko seinare vart tent i "denne mørke delen av Odda sentrum" som ordføraren kalla det i talen sin, før han aktiverte lysinnstallasjonen til lyskunstnar HC Gilje. I talen sin la han og vekt på at kommunen i åra som kjem, ynskjer å gjera tomta til eit område med meir lys og aktivitet, ein stad der folk kan opphalda seg.

Opplysinga av Skalltaket er meint å vera ein permanent innstallasjon. Kor permanent, er uvisst, men ifylgje ordføraren kan ein venta seg ytterlegare midler til prosjektet og meir lyssetting på tomta.
Les og: Nytt lys i mørket

HC Gilje fortel i samtale med Flattun at han har tenkt seg det bua taket som ein lampeskjerm som reflekterer lyset nedover. Reint konkret har han delt taket inn i 25 felt som kvar har ei lampe, kvar lampe har ein kald kvit farge og ein varm kvit farge. Han fortel at han med lyset ynskjer å få fram alle strukturane i taket.

Å lyssetja eit så langt bygg har vore ei utfordrane oppgåve for kunstnaren. Han fortel at han har hatt tre -fire prøvelyssetjingar med lamper som han har henta inn frå ulike hald, men han vart ikkje nøgd med noko av det. Dermed valde han å bygga sine eigne lamper, noko som eigentleg vart den største delen av jobben.

Og lysinnstallasjonen er sanneleg eit lys i mørket, både i overført og konkret betydning, vel verdt ein rusletur når kvelden fell på.


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Stortinget sier ja: Skal sjekke følgene av skolestart for seksåringene
Det er flertall på Stortinget for å evaluere skolestart for seksåringene – over 20 år etter at det ble innført.
2.
 NRK-kjendisene samles til fortsatt kamp
I dag har 1700 NRK-journalister vært i streik i en uke. Streikeviljen er fortsatt på topp og nå samles de streikende til møte i kulturkirken Jakob i Oslo. Etter møtet blir det stormønstring utenfor NRK-huset på Marienlyst.
3.
 Hareide: – Ble liggende to uker på gulvet
BLINDERN (VG) Åge Hareide (64) innrømmer at han var bekymret da ryggproblemene rammet han for alvor, da han ble liggende to uker på gulvet.
4.
 Se alle tilsynene restaurantsjefen får – nå skal Røe Isaksen rydde opp
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil uvesen til livs: – Landets bedrifter opplever at de har for mange vesen og tilsyn, som passer på dem. - Vi vil gjøre livet lettere for bedriftene, sier han.
5.
 30 år gammel drapsgåte kan være løst
Irsk politi har pågrepet to menn for drapet på Inga Maria Hauser (18), en tysk ryggsekkturist på reise i Nord-Irland i 1988.
6.
 Laveste fødselsoverskudd i Norge siden 1985
Færre fødsler og flere døde ga oss i årets tre første måneder det laveste fødselsoverskuddet i Norge på 33 år, men innvandringen sørger for befolkningsvekst.
7.
 Eliteseriens comeback-konger: – Er det krig så må man ta den
RANHEIM (VG) (Ranheim-Molde 3–1) For femte gang på elleve seriekamper kom Ranheim tilbake, og sikret poeng etter å ha ligget under.
8.
 Jan Bøhler om ny steinkasting mot natteravner på Stovner: – Politiet må bli bedre kjent med miljøet
I helgen opplevde natteravnene i bydel Stovner på ny steinkasting fra en ungdomsgjeng. Tirsdag begynte 10 nye politifolk som blant annet skal patruljere denne bydelen.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse