Mest leste :
1.
 Nettradioen er oppe og går igjen
2.
 Myrkdalen Fjellandsby veks
3.
 Felles løft for gleda ved å synga
4.
 Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet
5.
 MS Lindenes på farten
6.
 St. Olav til Ottar Grepstad
7.
 Formidlar lokal kulturarv til førskuleborn i Hardanger og på Voss
8.
 30 millioner til leselyst i Bokåret 2019
9.
 Sju nye reisemål har fått merket for bærekraftig reisemål
10.
 Vil redusera klimagassutslipp frå avskoging i Noreg
11.
 Daniel på femte plass i NM - opninga
12.
 Rekordstor påmelding til Open Gard i jubileumsåret
13.
 2,35 millionar kroner til kultur i Hordaland
14.
 Den gode sommarkjensla er på plass
15.
 Forbod mot all bruk av eld utandørs i Odda og Ullensvang
16.
 NRK oppfyller ikkje nynorskkrava
17.
 Skandinavisk Tivolipark kjem attende
18.
 Fare for angrep av rognebærmøll i 2018
19.
 Klar for stolpejakt igjen
20.
 Ny strategi for økologisk produksjon

Innvier Iris Scene med musikalsk gåve til Oddas innbyggarar
- Publisert 21. februar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Morten, Jostein, Bård.JPG
Clik on image for large version
Bilete: Tone Mannsåker

Laurdag 24.februar er det klart for offisiell innviing av Blueslaget lokst utøve sin eigen scene på Smelteverkstomta. Det vert konsertar både seint og tidleg og dei er ei gåve frå laget til byens innbyggarar. Laurdag er det nemleg gratis inngang

På biletet f.v. Morten Omlid, Jostein Forsberg og Bård Ose

Som mange kjenner til, kjøpte Blueslaget Kafe Smelt på seinsommaren 2017 og har hatt mange medlemer og andre i sving i haust og vinter for å få bygd om huset slik at det kan fungera godt både for kafegjester, konsertpublikum, artistar og tilsette.

Namnet Iris Scene har laget vald å føra vidare på Smelteverkstomt. - Det er godt innarbeidd som namn på Blueslaget sin eigen konsertscene etter vel fem år i Lothegården. Namn og loko er og trykt på alle arbeids - og dugnadskleda me har investert i, seier leiaren i Laget Stein Egil Legård. - Og då er det dobbel grunn og mykje sunn fornuft i å halda på namnet etter vår meining.

Kjøkkenet som er utvida til det dobbelte og vel så det, skal i bruk for første gong laurdag, med sal av lunchrettar og kaker som seg hør og bør. - Og når dagleg leiar heiter Bodil Skjerven, seier det seg nesten sjølv at den legendariske betasuppa hennar også står på menyen opningsdagen, seier Legård.

Men det vert ikkje berre open kafe på føremiddagen, det vert også musikk. Trio Cees dukkar opp etterkvart, ein knippe oddingar som Blueslagt har booka fleire gonger tidlegare med stor suksess. Trioen tolkar Cornelis Vreeswijk og skaper alltid lun og god stemning.

- På ettemiddagen må me stenga dørene ei stund for lydprøvar og klargjering til kveldens program på scena, seier Legård.

Når det gjeld dei som skal stå på scena denne kvelden, virkar det som om valet ikkje har vore vanskeleg å ta
.
- Etter mange år i bransjen har me mange gode vener i norsk musikkmiljø og har invitert somme av dei me kjent lenge, til å opptre på den offisielle åpninga.

Frå Notodden kjem Morten Omlid og Jostein Forsberg, henhaldsvis gitarist og vokalist/munnspelar i bandet Spoonful of Blues. - Dei og andre frå bluesmiljøet på Notodden har stått på plakaten hjå oss nesten like lenge som Blueslaget lokst utøve har eksistert, seier Legård. - Så det var klart at me måtte ha somme derifrå på opninga.

Ein annan mann som har vorte ein sann Odda - ven, er bergensaren Bård Ose som har leia Bluesfrukosten i Blueshelga i ei årrekke i tillegg til at han har stått på scena som vokalist saman med ulike band i tillegg, til dømes Rolling Clones og Scary Monsters.

- Eg er ikkje heilt sikker på kva han finn på, seier Legård. - Men han pleier alltid å fortelja morosame historiar om artistar og musikkmiljø, så det vert garantert morosamt. Det er gjerne truleg at han slår seg saman med Morten og Jostein på nokre låtar og, så me gler oss veldig til dette.

Trio Cees kjem og attende på kveldstid, så denne kvelden vert variert.

- Me har kanskje meir på lur og, seier Legård med eit lurt smil. - Kanskje vert det syngande servitørar på føremiddagen eller overraskingsband på kveldstid, ein kan aldri vita. 

Leiaren i Blueslaget lokst utøve ynskjer alle hjarteleg velkomen til å vera med på denne feiringa av Iris Scene på Smelteverkstomta og vonar mange møter fram 

- Dette er vår gåve til Oddas befolkning og me vonar folk kjem til å lika den, avsluttar Stein Egil Legård som sjølv takkar av som dagleg leiar for Iris Scene og overlet ansvaret til Bodil Skjerven som er tilsett i full stilling.

Fredag kveld held Blueslaget årsmøte med konsert med Rod Picott etterpå.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Morgenoppdatering 25.06.18
Dette er det viktigste som skjedde mens du sov.
2.
 Jonas Hoff Oftebro kom inn på Teaterhøgskolen: – Endelig!
Jonas Hoff Oftebro (22) har for lengst vist at han ønsker å følge i skuespillerfotsporene til foreldrene og storebroren. Nå har han også kommet gjennom det trange nåløyet til Teaterhøgskolen.
3.
 Full borgerkrig i Giskes bakland
Mindre enn et halvt år etter at de to trønderfylkene slo seg sammen, utkjempes det som internt ses som en ødeleggende politisk borgerkrig i det nye Trøndelag Ap. Midt på slagmarken står avgått nestleder Trond Giske (51).
4.
 Kripos bekymret over økning i nettrelaterte voldtekter: – En gjerningsperson kan nå ut til veldig mange
Kripos er bekymret for økningen i voldtekt på nett. I 2017 sto ti personer bak 1195 overgrep på nett, viser en ny rapport. Mange av ofrene er barn.
5.
 EUs dype krise
Flyktningkrisen truer samholdet i EU. Lite tyder på at denne ukens EU-toppmøte vil lykkes.
6.
 Trump med nytt forslag: Vil deportere immigranter umiddelbart uten å gå gjennom rettssystemet
UCLA-sjef mener på sin side at den amerikanske presidentens Twitter-forslag er ulovlig.
7.
 SU går inn for avkriminalisering av narkotika
Sosialistisk Ungdom (SU) vedtok søndag kveld å gå inn for avkriminalisering og utredning av legalisering av narkotika.
8.
 Johnny Depp: – Jeg var så langt nede som det var mulig å komme
Det sier filmstjernen i et lengre intervju med Rolling Stone om tiden da ekteskapet sprakk i 2016 og han fikk store økonomiske problemer i tillegg.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse