Hardangergullsmed bak fulltreffaren NR01
- Publisert 5. februar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
l -Folkets favoritt 2016
Clik on image for large version
NR01. Bilete: M.H.Alvseike

May Helen Alvseike frå "Vestsido"  måtte finna seg ein ny profesjon då ein kneskade sette ein stoppar for offshorekarriera. Ho hadde sysla med smykke på hobbybasis i mange år, men etter å ha sett NRK -programmet Anno i 2016, satsa ho for fullt

- Tankane og ideeane strøymde på der eg satt i Hardanger med eit kne som var graps, fortel ho.

Anno vart spelt inn i Fredrikstad og smykka May Helen designa, er  inspirert av gamlebyen  der,  og det skulle visa seg at ideane  hennar fekk full utteljing i designkonkurransen SMYKKMEG 2016.

- Eg fekk hjelp av Odda Mekaniske Verkstad til å laga malen i stål, deretter var det støyping i sand,  filing og pussing til eg var blå, og jamen gjekk det bra, seier May Helen.

Så sant som det er sagt, gjennom Norges Gullsmedforbund vann ho Folkets Favoritt 2016, smykket hennar vart altså kåra fram av folket.

Kåringa og utdelinga gjekk føre seg  midt i Tigerstaden, på Det Norske Teater i samband med David-Andersen sitt 140års jubilium, og
ein del av premien var at vinnarsmykkene fekk stå hjå David-Andersen sin butikk på tjukkaste Karl Johan.

- Snakk om flying-start på gullsmedkarriera,  14dagar på plus-skulen i Fredrikstad var alt eg kunne skryta på meg, der eg satt med Ester Helen Slagsvold, Linn Sigrid Brattland og Gry Grindbakken. Det var stor stas, dessutan møtte eg mange kule og suverent dyktige folk. 

Somme av smykkene det er snakk om, vart valde ut til Noregsturne, mellom dei Folkets favoritt.

-Eg trur smykket mitt er meir bereist i Noreg enn meg, ler May Helen.

Smykkekolleksjonen som har namnet NR01, består av festningsmykkene halskjede, climbers (frekke øyredobbar), armring, ring, mansjettar og slipsnål. 

May Helen forklarer at bakgrunnen for namnet NR01, er at Fredrikstad var fyrste byen i Noreg si historie som er oppkalla etter ein konge/person og vert rekna som den fyrste rennessansebyen i landet.

Den kreative gullsmeden driv no og utdannar seg i gullsmedfaget i Fredsrikstad der ho og har gode medhjelparar.

- I Fredrikstad har me eit suverent støyperi med navnet: Edelmetallstøperiet. Dei har vore heilt sentale i kolleksjonen min og fått alt til å gå på skinner, seier ho. Men heilt utan sveitte  har det likevel ikkje vore.

- Jobbinga mi med denne kolleksjonen har vorte lønna med sju lag med ny hud på alle fingrane, samt  blod og tårer. Det er enormt krevande arbeid å renovera/fila for å få den kvaliteten og finishen eg søker.

Smykkene May Helen lagar, er det lagt tyngde i, og ho ynskjer at det å kunna kjøpa seg eit smykke av NR01 kolleksjonen, skal vera ein milepæl.

- Eg planlegg å lansera kolleksjonen min både i Fredrikstad og Odda etter at svennebrevet er i boks sommaren 2018, avslører ho

Gullsmedlærlingen sin ambassadør i Odda er Berg Gull og Sølv AS; eigar og dageleg leiar Annette M. Hauso.

- Me er i gang med mange spanande og nyskapande prosjekt, men først fagprøven! seier May Helen Alvseike.
 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.




104


VG RSS
1.
 Spellemannprisen: Altfor sent, og litt tidlig
«Årets Spellemann» gikk til riktig kjønn. Til en kvinne som fortjener priser. Fra en jury som virker overivrig.
2.
 Slik gratulerer VG-leserne rekord-Bjørgen: – Måtte du leve evig
Hundrevis av VG-lesere har sendt inn sine gratulasjoner og hyllester til Marit Bjørgen (37) etter at skidronningen søndag ble tidenes mestvinnende vinterolympier.
3.
 Slik ble vi kjent med Astrid Smeplass
Vinneren av «Årets Spellemann» fikk ros allerede i sin aller første omtale i pressen.
4.
 DN: Stortinget tok hensyn til frimurerlosjen og handelsstanden og innfridde millionkrav
Frimurerlosjen og handelsstanden fikk gehør for en ny tunnelløsning som alene økte prisen på Stortingets byggeprosjekt med flere hundre millioner, ifølge DN.
5.
 Festfotball sikret Peps første tittel: – Dette trofeet er for Manchester City, ikke meg
(Arsenal-Manchester City 0-3) I sin 99. kamp som Manchester City-trener, tok Pep Guardiola sin første tittel i sin første finale med klubben. Etter kampen var katalaneren i det ydmyke hjørnet.
6.
 Skammelig av Løfshus
Vidar Løfshus har all grunn til å slå seg på brystet over det Norge presterer i sporet. Dessverre fortsetter han å gjøre det også om ting han har lite peiling på.
7.
 Toppsjefens triumf
PYEONGCHANG (VG) Den norske OL-suksessen skyldes summen av en rekke faktorer. Men det er lov for Tore Øvrebø til å glise litt ekstra bredt på flyet hjemover.
8.
 Astrid Smeplass er «Årets Spellemann»
Første kvinnelige vinner siden prisen for 2003 ble delt ut.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse