Ny anbodskonkurranse om omdeling av laurdagsaviser i distrikta
- Publisert 8. februar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
AvisIllustrasjon.JPG
Clik on image for large version
Illustrasjonsbilete
Mediebruken er i rask endring. Stadig fleire brukar digitale plattformar for å halda seg oppdaterte på nyhendebiletet, men for mange er papiravisa framleis viktig

- Me sørger for at folk over heile landet kan få avisa si på laurdagar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Samferdselsdepartementet inviterte onsdag til anbodskonkurranse om ny kontrakt for laurdagsomdeling av aviser i område utan avisbodnett. Kontrakten skal gjelda for ein periode på 14 månader frå 10. november 2018, og departementet skal ha opsjon på forlenging på ytterlegare 12 månader.

Konkurransen omfattar nær 10 prosent av laurdagsavisene i abonnement
Over 90 prosent av laurdagsvisene i abonnement, vert distribuerte av eigne avisbodnett. Dette skjer i hovudsak gjennom selskapet helthjem Mediapost, som dei store mediehusa i Noreg eig. helthjem og andre selskap finn det ikkje lønsamt å omdela aviser i heile landet.

Då Posten slutta å omdela post på laurdagar i 2016, sikra staten at distribusjon av laurdagsaviser i abonnement i område utan eigne avisbodnett, skulle halda fram. Etter ein anbodskonkurranse skreiv Samferdselsdepartementet sommaren 2016 under ein kontrakt med Kvikkas AS om distribusjon for perioden 5. november 2016 til 3. november 2018. Dette har sikra at folk i distriktsområde utan eigne avisbodnett har fått papiravisa på laurdagar.

Aviser og andre instansar har gitt innspel om dekningsområde
Dekningsområdet i den nye konkurransen tek mellom anna utgangspunkt i tilbakemeldingar frå eit dekningsutval som Kvikkas og representantar frå mediehusa Schibsted, Amedia og Polaris har oppretta. Målet har vore å avklare fordelinga i einskilde område der det har vore uklart om Kvikkas eller avisbodnetta har ansvaret for omdeling av laurdagsavisene. Partane meldte 20. oktober 2017 tilbake til Samferdselsdepartementet at dei då ikkje kjente til fleire uavklarte område.

I tillegg avspeglar dekningsområdet informasjon som Samferdselsdepartementet har fått i den offentlege høyringsrunden om forslag til dekningsområde for den nye kontrakten om omdeling av laurdagsaviser. På bakgrunn av høyringsfråsegnene er det gjort einskilde endringar i dekningsområdet.

Vidare framdrift
Fristen for innlevering av anbod er 4. mai 2018. Samferdselsdepartementet legg opp til å offentleggjera vinnaren av anbodskonkurransen i juli 2018.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.




104


VG RSS
1.
 Spellemannprisen: Altfor sent, og litt tidlig
«Årets Spellemann» gikk til riktig kjønn. Til en kvinne som fortjener priser. Fra en jury som virker overivrig.
2.
 Slik gratulerer VG-leserne rekord-Bjørgen: – Måtte du leve evig
Hundrevis av VG-lesere har sendt inn sine gratulasjoner og hyllester til Marit Bjørgen (37) etter at skidronningen søndag ble tidenes mestvinnende vinterolympier.
3.
 Slik ble vi kjent med Astrid Smeplass
Vinneren av «Årets Spellemann» fikk ros allerede i sin aller første omtale i pressen.
4.
 DN: Stortinget tok hensyn til frimurerlosjen og handelsstanden og innfridde millionkrav
Frimurerlosjen og handelsstanden fikk gehør for en ny tunnelløsning som alene økte prisen på Stortingets byggeprosjekt med flere hundre millioner, ifølge DN.
5.
 Festfotball sikret Peps første tittel: – Dette trofeet er for Manchester City, ikke meg
(Arsenal-Manchester City 0-3) I sin 99. kamp som Manchester City-trener, tok Pep Guardiola sin første tittel i sin første finale med klubben. Etter kampen var katalaneren i det ydmyke hjørnet.
6.
 Skammelig av Løfshus
Vidar Løfshus har all grunn til å slå seg på brystet over det Norge presterer i sporet. Dessverre fortsetter han å gjøre det også om ting han har lite peiling på.
7.
 Toppsjefens triumf
PYEONGCHANG (VG) Den norske OL-suksessen skyldes summen av en rekke faktorer. Men det er lov for Tore Øvrebø til å glise litt ekstra bredt på flyet hjemover.
8.
 Astrid Smeplass er «Årets Spellemann»
Første kvinnelige vinner siden prisen for 2003 ble delt ut.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse