Til kamp for råderett over krafta
- Publisert 9. februar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
TTI Tyssedal Arkiv RF.JPG
Clik on image for large version
Tizir. Bilete: Ivar Nistad

Hovudtillitsvald ved Hydro Husnes Ørjan Norman og hovudtillitsvald Ørjan Andersson ved Tizir er skeptiske til EU sitt energibyrå Acer.Å gå inn der,meiner dei er å gje bort råderetten over norske kraftrettar.15.februar er det markering på Lindeplassen

- Eg er veldig, veldig skeptisk, seier Norman i samtale med programsekretær JK Flattun.

Ifylgje Norman er det ingen som er sikker på kor mykje råderett landet sitt att med dersom ein satsar på dette energisamarbeidet, og då meiner han at ein må seia nei i første omgang.

Norman meiner me har nok kablar som forsyner Europa med rein kraft frå Noreg, ikkje minst med dei to siste kablane som er vedtekne. - Når det er eit uttalt mål for Acer at det skal vera lik prising i heile Europa, og sidan me ligg lavast i pris, må prisen på kraft auka her til lands. Til dømes Storbritania har dobbel kraftpris av de me har, og då seier det seg sjølv at dei to ørene det er sagt vil koma som påslag, er feil.

- Og då vert det tøft, eg fryktar at dette kan verta kroken på døra for bedrifter som ikkje operer med små marginer. Dét vert for dumt når me i staden for å selgja krafta rett ut, kan vidareforedla den i Noreg og få fire til fem gonger att i inntekter til staten.

Ifylgje Norman hevdar regjeringa at eit energisamarbeid ikkje vil få den store påvirkninga i Noreg. - Men samtidig seier dei at dei er usikre på kor langt dette strekk seg - og det er den usikkerheita eg er redd for, om me seier ja til Acer no, kan me ikkje gå ut att. Derfor meiner eg at det er betre å få alle fakta bordet slik at alle partar kan bestemma seg basert på faktisk kunnskap.

Når det gjeld den jamne husstand i Noreg, vil Acer innebera ein auke på fleire 1000 kroner i året, trur Norman. - Me har bygd opp landet vårt på naturressursane våre og me bur i et land der me treng å varma opp husa våre, då kan me ikkje gje vekk råderetten over naturressursane våre, seier han.

15.februar vert det storstilt markering rundt om i heile landet, deriblant i Odda der LO i Indre Hardanger steller til markering og seminar.

Ørjan Andersson er fagforeiningsleiar i avdeling 44 ved Tizir og sekretær i LO i Indre Hardanger. I forrige veke poengterte han i samtale med programsekretær JK Flattun at når det gjeld Acer, dreier det seg om mykje meir enn utførsel av straum og kablar. - Det betyr og at alle avgjerdsler knytta til kraftpolitikk i Noreg, går ut av landet.

Når det gjeld straumprisen er han heilt på linje med Ørjan Norman. - Vert straumen ført ut av landet for så å verta ført tilbake, vert den dyrare, og det vil går spesielt utover industrien - ikkje minst her på Vestlandet.

Andersson fortel at LO i Indre Hardanger ynskjer å ha ei markering i Odda 15.februar for å samla flest mogeleg frå industribedrifter i nabokommunar og Vestladet ellers.

- Me har laga eit Vestlandsopprop som skal leverast til representantskapet og då seinare til Storting og regjering.

Ifylgje Andersson er det stor oppsluning om oppropet frå søsterbedrifter og LO - organisasjonar. - Alt dagen etter at me sendte det ut, tok støtteerklæringane til å strøyma inn., så me reknar med å få svært mykje besøk i Odda torsdag 15.februar. Me får besøk av fleire LO - organisasjonar og fleire bedrifter innan elektro -kjemisk og aluminium.

Andersson reknar med at ordføraren og kommunestyret i Odda vil slutta opp om oppropet under kommunestyremøtet 14.februar.

Han trur og at oppropet vil få aukande oppslutning også etter 15. februar heilt fram til saka skal handsamast på Stortinget i slutten av mars.


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.




104


VG RSS
1.
 Stortinget sier ja: Skal sjekke følgene av skolestart for seksåringene
Det er flertall på Stortinget for å evaluere skolestart for seksåringene – over 20 år etter at det ble innført.
2.
 NRK-kjendisene samles til fortsatt kamp
I dag har 1700 NRK-journalister vært i streik i en uke. Streikeviljen er fortsatt på topp og de streikende er nå samlet til møte i kulturkirken Jakob i Oslo. Etterpå blir det stormønstring utenfor NRK-huset på Marienlyst.
3.
 Hareide: – Ble liggende to uker på gulvet
BLINDERN (VG) Åge Hareide (64) innrømmer at han var bekymret da ryggproblemene rammet han for alvor, da han ble liggende to uker på gulvet.
4.
 Se alle tilsynene restaurantsjefen får – nå skal Røe Isaksen rydde opp
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil uvesen til livs: – Landets bedrifter opplever at de har for mange vesen og tilsyn, som passer på dem. - Vi vil gjøre livet lettere for bedriftene, sier han.
5.
 30 år gammel drapsgåte kan være løst
Irsk politi har pågrepet to menn for drapet på Inga Maria Hauser (18), en tysk ryggsekkturist på reise i Nord-Irland i 1988.
6.
 Laveste fødselsoverskudd i Norge siden 1985
Færre fødsler og flere døde ga oss i årets tre første måneder det laveste fødselsoverskuddet i Norge på 33 år, men innvandringen sørger for befolkningsvekst.
7.
 Eliteseriens comeback-konger: – Er det krig så må man ta den
RANHEIM (VG) (Ranheim-Molde 3–1) For femte gang på elleve seriekamper kom Ranheim tilbake, og sikret poeng etter å ha ligget under.
8.
 Jan Bøhler om ny steinkasting mot natteravner på Stovner: – Politiet må bli bedre kjent med miljøet
I helgen opplevde natteravnene i bydel Stovner på ny steinkasting fra en ungdomsgjeng. Tirsdag begynte 10 nye politifolk som blant annet skal patruljere denne bydelen.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse