|
|
|
Radio Folgefonn vart starta i 1984 som eit partslag med prøvesendingar i Odda. Frivillige medarbeidarar la ned mykje arbeid, og suksessivt vart konsesjonen utvida. Først med Ullensvang, seinare med fleire kommunar i Hardanger, og sia 2000 har også Voss vore ein del av konsesjonsområdet. Utfordringane var store og mange aktørar kom og gjekk. Fram til 2002 sysselsette radioen eitt årsverk.
Ved hjelp av 22 sendarar når radioen i dag ut til ca 40 000 innbyggjarar i kommunane Odda, Ulvik, Voss Ullensvang, Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam og deler av Kvinnherad. I tillegg nå me ut til dei ca 40 000 som har fritidshus i området.
Radio Folgefonn er ein beredskapsradio,og har ved fleire høve vore ein viktig formidlar av viktige meldingar til innbyggjarane i konsesjonsområdet.
Antal årsverk har dei siste tre åra auka til nærare 6, fordelt på 8 tilsette. I tillegg har vi ein del freelancarar.
Hovudkontoret til Radio Folgefonn ligg i Odda. Hovudinntekta til radioen kjem frå reklame på FM bandet, Internett, Marknadsavisa, bingo og kommunale tenester.
Vi sender 24 t. pr. døger 7 dagar i veka og dekkjer heile konsesjonsområdet. Vi er også på nett med lyd. Vi har eigen marknadsavdeling med 4 tilsette og redaksjonsavdeling med 4 tilsette.
Link til sida vår? Du må gjerne laga link på heimesida di til radiofolgefonn.no. Under finn du bileter du kan benytte.


|
|
 | VG RSS | | |
|
Dekningsområde & frekvens |
 |
Odda
Fm:104-104,2-105,5-106 |
 |
Ullensvang
Fm:101-105,2 |
 |
Voss
Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3 |
 |
Granvin
Fm:101-107,3 |
 |
Ulvik
Fm:107 |
 |
Eidfjord
Fm: 104-105,9 |
 |
Kvam
Fm:104-106-107,3 |
 |
Jondal
Fm: 106-107,3 |
|
Frekvenskart
|
|